Vingelen kopargruve: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:


== Haugianartida ==
== Haugianartida ==
Etter at gruva hadde lege brakk ei tid rundt år 1800, fatta [[Hans Nielsen Hauge]] og lokale tilhengarar av han interesse for gruva, og såg utveg til ny drift. Hauge fortel sjølv at da han i 1803, på reise frå Nord-Noreg, var komen til [[Gudbrandsdalen]], fekk han høyre om denne gruva  i Vingelen. Han skriv at det var ein av hans vener som hadde oppdaga kopargangen, og han  «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der.»<ref>Bakken, A.O. 1973:7. som referer til Hauges eiga bok ''Reiser og viktigste Hændelser beskrevet af ham selv.'' Samla skrifter bd. 6. Jf. Sæter, I. 1908:17.</ref> Dei sette i gang med drift i 1804. Så, tydelegvis i etterhand, søkte dei [[Rentekammeret]] om å få godkjent ein «Convention» (overeinskomst) som dei hadde gjort seg i mellom. Røros koparverk protesterte mot haugianarane si overtaking, og dei nye drivarane oppnådde visst ikkje å få aksept i København.<ref>Breistein, D. 1955:145.</ref> Dette står i strid med det Hauge fortel at venene fekk kongeleg bevilling på gruvedrifta. D. Breistein reknar med at dette for Hauges vedkomande dreiar seg om ei «feilerindring».
Etter at gruva hadde lege brakk ei tid rundt år 1800, fatta [[Hans Nielsen Hauge]] og lokale tilhengarar av han interesse for gruva, og såg utveg til ny drift. Hauge fortel sjølv at da han i 1803, på reise frå Nord-Noreg, var komen til [[Gudbrandsdalen]], fekk han høyre om denne gruva  i Vingelen. Han skriv at det var ein av hans vener som hadde oppdaga kopargangen, og Hauge «tilraadede nogle som Participanter at skyde Penge sammen, og de begyndte at drive samme Gang, og fant rig Kobbermalm der.»<ref>Bakken, A.O. 1973:7. som referer til Hauges eiga bok ''Reiser og viktigste Hændelser beskrevet af ham selv.'' Samla skrifter bd. 6. Jf. Sæter, I. 1908:17.</ref> Dei sette i gang med drift i 1804. Så, tydelegvis i etterhand, søkte dei [[Rentekammeret]] om å få godkjent ein «Convention» (overeinskomst) som dei hadde gjort seg i mellom. Røros koparverk protesterte mot haugianarane si overtaking, og dei nye drivarane oppnådde visst ikkje å få aksept i København.<ref>Breistein, D. 1955:145.</ref> Dette står i strid med det Hauge fortel, nemleg at venene fekk kongeleg bevilling på gruvedrifta. [[Dagfinn Breistein|Breistein]] reknar med at dette for Hauges vedkomande dreiar seg om ei «feilerindring».


Det var eit titals haugevener som gjekk saman om gruvedrifta. Det ser ut til å ha vore ei utprøving av ein kristen komunisme som Hauge og venene var opptekne av i den tidlege fasen av vekkingsrørsla. [[Hytteskrivar Irgens]] skriv iallfall i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr. (Nergaard), Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»<ref>Bakken, A.O. 1973:18.</ref> Hytteskrivar Irgens og lensmannen i bygda, [[Ole Skogstad]], kunne berette at det kom folk frå fleire bygder for å delta i gruvedrifta og det haugianske fellesskapet. [[Ole Olsen Grind]] kom frå Røros. Han hadde reist frå gruvearbeidet sitt på heimstaden og teke med seg mor si og heile buskapen og flytta til Vingelen. Ei kvinne Tynset, [[Kjersti Evensdotter]], hadde flytta frå ektemann og heim, og kom til Vingelen med eit barn og ei ku. Ein [[Nils Raben]] frå Tolga er nemnd, og dertil var det kome folk frå [[Folldal|Folldalen]] og [[Dalsbygda]].
Det var eit titals haugevener som gjekk saman om gruvedrifta. Det ser ut til å ha vore ei utprøving av ein kristen komunisme som Hauge og venene var opptekne av i den tidlege fasen av vekkingsrørsla. [[Hytteskrivar Irgens]] skriv iallfall i ein rapport at «disse har allting fælles». I den same rapporten kan han berette at «for disse er en Pige fra Vingelen paa nogle og 30 Aars Alder, nemlig Sara Ingebretsdtr.(Nergaard), Priorinde, thi hun er meget øvet i offentlig Tale.»<ref>Bakken, A.O. 1973:18.</ref> Hytteskrivar Irgens og lensmannen i bygda, [[Ole Skogstad]], kunne berette at det kom folk frå fleire bygder for å delta i gruvedrifta og i det haugianske fellesskapet. [[Ole Olsen Grind]] kom frå Røros. Han hadde reist frå gruvearbeidet sitt på heimstaden og teke med seg mor si og heile buskapen og flytta til Vingelen. Ei kvinne frå Tynset, [[Kjersti Evensdotter]], hadde flytta frå ektemann og heim, og kom til Vingelen med eit barn og ei ku. Ein [[Nils Raben]] frå Tolga er nemnd, og dertil var det kome folk frå [[Folldal|Folldalen]] og [[Dalsbygda]].


== Folldal verk og Røros ==
== Folldal verk og Røros ==
Da haugianarane ikkje fekk kongeleg løyve til å drive gruva, kom [[Folldal Gruver|Folldal verk]], under sin nye eigar [[Haagen Mathiesen]], inn som ein ny aktør. Dei overtok gruva i Vingelen av haugianarane i 1805. Omstenda er noko uklåre. Hauge fortel at Mathiesen kjøpte anlegget, og at venesamfunnet «profiterede endeel paa samme». Arnt Solem, forretningsmann og nær medarbeidar av Hauge, har nemnt eit beløp på ca. 2000 riksdalar.  
Da haugianarane ikkje fekk kongeleg løyve til å drive gruva, kom [[Folldal Gruver|Folldal verk]], under sin nye eigar [[Haagen Mathiesen]], inn som ein ny aktør. Dei overtok gruva i Vingelen av haugianarane i 1805. Omstenda er noko uklåre. Hauge fortel at Mathiesen kjøpte anlegget, og at venesamfunnet «profiterede endeel paa samme». [[Arnt Solem]], forretningsmann og nær medarbeidar av Hauge, har nemnt eit beløp på ca. 2000 riksdalar.<ref>Breistein, D. 1955:146.</ref>


Nå følgde ein langvarig strid om heimelen til gruva mellom Folldalsverket og Røros, ein strid som Folldalsverket gjekk sigrande ut av. Det har vore framhalde at Haagen Mathiesen og hans bedrift spela på lag med haugianarane,<ref>Breistein, D. 1955:146, Bakken, A.O. 1973:7.</ref> utan at vi har nærare kjennskap til korleis dette kan ha arta seg.
Nå følgde ein langvarig strid om heimelen til gruva mellom Folldalsverket og Røros, ein strid som Folldalsverket gjekk sigrande ut av. Det har vore framhalde at Haagen Mathiesen og hans bedrift spela på lag med haugianarane,<ref>Breistein, D. 1955:146, Bakken, A.O. 1973:7.</ref> utan at vi har nærare kjennskap til korleis dette kan ha arta seg.
Veiledere, Administratorer
9 134

redigeringer