Volda Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. apr. 2012 kl. 08:54 av Siri Iversen (samtale | bidrag) (kategorisering)
Hopp til navigering Hopp til søk

Volda Sogelag vart etablert 3. september 1911 på kommunehuset i Volda ifølgje styreprotokollen. Fire saker var framme på møtet: vedtekter, val, kjøp av ei sengjabud frå Eide i Austefjorden og tomt for å sette opp denne på.

Fyrste leiaren i laget var Maurits Aarflot. I styret elles sat lærar S. M. Dahle, lærar J. Velsvik, skulestyrar Kaarstad og prost Barstad.

Hovudoppgåva for laget frå starten var med utgangspunkt i sengjabuda å etablere og bygge opp eit bygdetun for Volda. Dette er framleis eine hovudoppgåva til sogelaget, ved sidan av å gje ut Voldaminne.

Kjelder