Webjørn Maler

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Webjørn Olsen Hammersbøen

' Webjørn Olsen Hammersbøen var ein av dei markerte rosemalarane i Hallingdal i si tid. Webjørn var fødd i 1766 i Hol i Hallingdal. Det var mange framståande rosemalarar i Hallingdal i hans samtid. Webjørn flytte derfor tidleg ut, til Vestlandet, der det var lettare å finne arbeid enn i heimetraktene. Her blei han etter kvart ein ettertrakta kyrkjemalar, kjend som Webjørn Malar. Etter ei tid slo han seg ned i Loen i Nordfjord, der han gifte seg og skaffa seg gard.

Webjørn Maler på Vestlandet

Den først kyrkja han dekorerte på Vestlandet, var kyrkja i Åkra i Kvinnherad kommune i Sunnhordland. Denne kyrkja vart bygd i 1735, og Webjørn Maler vart leigd inn for å dekorere i kyrkja. Arbeidet var avgrensa til preikestol og døypefont. Seinare arbeidde han i fleire kyrkjer nordover på Vestlandet. Mest kjend er truleg Rosekyrkja i Stordal på Sunnmøre. Denne kyrkja vart i 1799 dekorert av Webjørn Maler, saman med Anders Reinholdt som også var frå Hallingdal. Kyrkja er «fulldekorert» i taket, på vegger og søyler i kyrkjerommet. Den er i dag ein attraksjon både for turistar og dei som bur i området.

Webjørn dekorerer stavkyrkja i Volda

Året før Webjørn dekorerte Rosekyrkja, dekorerte han kyrkja i Volda på Sunnmøre. Denne kyrkja blei truleg bygd på overgangen mellom 1200- og 1300-talet, var ei stavkyrkje bygd som ei langkyrkje. Seinare utvida til korskyrkje. Det er ikkje kjent korleis kyrkja var utsmykka gjennom dei første hundreåra. Men gjennom 1600- talet og tidleg 1700-tal blei ho til prydnad tilført fleire verdfulle gjenstandar. Dette vart toppa med Webjørn Maler sine dekorasjonar i 1778. Kyrkja vart tatt ned i 1858 og det veggfaste vart ikkje tatt vare på. Men vi kan gjere oss tankar om korleis utsmykkinga var ved å studere Rosekyrkja og gjennom minne hos personar som sjølv opplevde kyrkja.

Minne om dekorasjonane

Elias Olsson Følsvik fortel frå denne kyrkja (Aarviknes 1975 s.81f): «Gik man ind i den saakaldte Storkirke Dør, saae man den overalt Malet med forskjellige Farver og Afbildninger. Ser man til Høire, bliver man først var Samsøn i Legemsstørrelse bærende porten i Gasa. Dernest David med sin Slynge rettet mod Goliat. End videre en Havhest og en Pælikan med Ungene, tappende Blodet af Brystet». Og slik fortel han om bibelske motiv på alle veggflater der det ikkje er anna utsmykking. Når han går ut i eit av sideskipa, møter han «-- Josva og Kaleb bærende Vindruerankene mellom sig paa en Stang til Kanans Land». Deler av taket var malt i ein mørk blåfarge, « -- udprikket med Utalige Stjerner». Forteljaren legg lakonisk til: «Skade at maleren ikke havde nogen Indsigt i Astronomien.

Ei barndomsoppleving

A.O. Rangsæter (1897) fortel sjarmerande korleis han som gut opplevde all denne prakt ein juledags morgon: «At se dette gamle gudshus oplyst med en mængde talglys gjorde et saa uudslættelig indtryk paa mig, at det altid har staaet friskt i min erindring. De billeder som prydede vægge og galleri i kirken fik ved den sære oplysnig noget eget ved sig som virkede paa min barnlige fantasi».

I fleire hundreår kunne altså folket i prestegjeldet gjennom sin kyrkjegang oppleve ulike former for biletkunst og kunsthandverk. Det var fargerike og fantasirike dekorasjonar i store deler av kyrkjerommet. Utsmykking som sikkert fanga blikket, både for barn og vaksne, når dei kom inn i kyrkjerommet. Og dersom preika blei for langdryg Mange dekorasjonar gjenga bibelske hendingar, - og desse skulle vere til lærdom for ein kyrkjelyd der mange ikkje var særleg lesekyndige.

Då kyrkja blei tatt ned i 1858 gjekk alle veggfaste dekorasjonar tapt.

== Kjelder ==

  • Ellingsgård, Nils (1978 s216f).: Rosemåling i Hallingdal. Oslo
  • Mork, Rasmus J.: Gamle-kyrkja og nye-kyrkja. Aarsskrift for Volda sogelag 1917. Volda 1917
  • Nerbøvik, Jostein (2004 s.228f): Myndige møringar 1740-1870. Volda 2004
  • Rangsæter, A.O.: Min første froprædiken. Ugebladet. Volda 1897
  • Ørstavik, Ragnar (1982 s. 4f): Volda kyrkje 50 år. 1932- 1982. Volda 1982
  • Aarviknes, Per: Voldasoga I. Volda 1970
  • Aarviknes, Per: Den gamle Volda-kyrkja. Frå eit langt liv. Folkeminne, segn og soge. Volda 197. Aarviknes gjengir ei udatert skildring av kyrkja,
 ved Elias Olsson Følsvik


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Webjørn Maler er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.