Wighusvegen

Sideversjon per 1. aug. 2019 kl. 01:44 av Rool (samtale | bidrag)

Wighusvegen ved Nordagutu i Sauherad kommune går sørover som fortsettelse av Landtjønnvegen sør for Landtjønn, til snuplass noko sør for Dalsvatn.

Vegen har namn etter stulen Vihus og er 3446 m lang. Han er utan fast dekke og går gjennom skog. På austsida av Dalsvatn går vegen tett forbi stulen Vihus som er nr. 185 til vegen. Frå snuplassen i enden av vegen går ein traktorveg ut til Valebøvegen ved Mjågetjønn like ved Skien kommunegrense. Tidlegare skogbrukssjef Halvor Fjones namnsette Wighusvegen og mange andre skogsbilvegar i Sauherad kommune med innspel fra grunneigarar. Desse blei skilta i 2001-2002 med treskilt. Offisielt namnevedtak blei gjort i 2016.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Sauherad kommune, Utvalg for næring, plan og teknikk, div. dok.


Koordinater: 59.39504° N 9.35851° Ø