Y-kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rennebu kyrkje
Foto: Olve Utne

Ei Y-kyrkje er ei kyrkje med eitt kor og to skip i trekanta grunnform. Det trekanta, gaffelkorsforma grunnplanet symboliserer Den kristne treeininga. Det finst att fem y-kyrkjer frå barokken i Noreg — alle i lafteverk med knutenov: Rennebu kyrkje (b. 1669), Holmestrand kyrkje (b. 1674), Tydal kyrkje (b. 1696; delvis ombygd til langkyrkje i 1830-åra), Mo kyrkje i Surnadal (b. 1728) og Budal kyrkje (b. 1754).

Tidlegare fanst det fleire y-kyrkjer. Av desse kan nemnast den tidlegare Bratsberg kyrkje (16631859)

Galleri