Y-kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rennebu kyrkje
Foto: Olve Utne

Ei y-kyrkje nyn. eller ei y-kirke (bm.) er ei kyrkje med eitt kor og to skip i trekanta grunnform. Det trekanta, gaffelkorsforma grunnplanet symboliserer Den kristne treeininga. Det finst att fem y-kyrkjer frå barokken i Noreg — alle i lafteverk med knutenov: Rennebu kyrkje (b. 1669), Holmestrand kyrkje (b. 1674), Tydal kyrkje (b. 1696; delvis ombygd til langkyrkje i 1830-åra), Mo kyrkje i Surnadal (b. 1728) og Budal kyrkje (b. 1754).

Fem y-kyrkjer er rivne. Dei var Bratsberg kyrkje (16631859), Viggja kyrkje i Sør-Trøndelag (bygd 1668), Moland kyrkje i Fyresdal, Telemark (bygd 1665), Arendal kyrkje i Aust-Agder (bygd 1670), Horg kyrkje i Sør-Trøndelag (bygd 1670).

Arkitekt Wilhelm Swendsen påpeikte i 1965 at Y-kyrkjene var ein særnorsk kyrkjetype, konstruert med sikte på tømring. Han meinte det var påfallande at så mange slike kyrkjer vart bygde om lag samstundes, og at det kunne ligge ein samla plan bak, utforma av «commisær over alle kirker i Norge», Titus Bülche.

Galleri

Litteratur

  • Rennebu kyrkje 300 år 1669-1969. Utgjeven av Rennebu sokneråd 1969, s. 30.