Øystese

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. aug. 2018 kl. 11:50 av Cnyborg (samtale | bidrag) (bilete)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Øyestese i 1960.
Foto: Ukjend / Nasjonalbiblioteket

Øystese er ein tettstad i Kvam herad. Han ligg ved Hardangerfjorden, kring sju kilometer aust for Norheimsund. Det bur drygt 2000 menneske der (2016).

I Øyestese finn ein Ingebrikt Vik museum og kunsthuset Kabuso. Sistnemnde er tusenårsstad for Hordaland. Musikkfestivalen Bygdalarm haldast kvart år i Øystese, medan festivalen Hardingonar er delt mellom Øystese og Norheimsund.

Det er fleire møbelfabrikkar i tettstaden, samt eit trykkeri og eit meieri. På meieriet lagde dei fram til 1990 gamalost for Tine, men den produksjonen vart så overført til Vik i Sogn.

Øystese barneskule, Kvam ungdomsskule og Øystese vidaregåande skule ligg alle på Øystese.

Litteratur og kjelder