«Trille-stille-revolusjonen»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jernskodd hjul til anleggsgeit treverket borte
Jernskodd hjul Stort truleg til stolkjerre

«Trille-stille-revolusjonen», er overgangen frå skramlande jernhjul til gummihjul i landbruk og industri. Den er knapt nemnd i offentlege opplysingar (2018).

Omvølsla eller revolusjonen

«Revolusjonen» var kjærkomen og vart landskjend i si tid, omlag 1920- 1960. Poenget/revolusjonen er lyd/støy som blir borte. Mest kjende endringa i lyd er truleg jernskodde hjul på brustein i ei bygate med murteinsveggar på begge sider. Byter ein til luftfylte gummihjul på vogna er berre koseleg klikk-klakk, klikk-klakk frå jernskodde hovar frå øyken (merr og hest) att.

Hjul i ymse materialar

Hjulet kom til Noreg på eitt eller anna tidspunkt, dei fleste laga i trematerialar. Trehjul er ikkje slitesterke, derfor kom jernskodning, såkalla «skodde-hjul». Jernskodning skramlar og gir sterk lyd mot steinrik veg, brulegning og betong. Gummihjulet løyste det meste av ristinga og dempa støy. Det trilla stillare. Fyrst ute var truleg «gjenbruk» av aksel, nav, lager, felg og dekk frå utslitne bilar. Kven som var fyrst vil ein aldri få svar på. Det kan like gjerne ha skjedd i Hammerfest som på Hamar.

Den støyande delen av «industri-hjula» var ofte heile metallhjul støypte i metallstøyperi. Desse gav frå seg langt høgare lyd enn «skodde-hjula». Fyrste utviklinga for lyddemping frå metallhjul var at ein vulkaniserte på heilgummi/eit lag gummi som støydempar mot underlaget. Grunnen var for tung last for samtida sine luftfyllte dekk. Bruken var til flytting av tunge ting i verkstadhallar og vogner for kanoner og tunge ting i forsvaret.

Traktorar, og her meiner ein slepetraktorar, som kom til landet hadde alle jernhjul i ei eller anna form. For å få feste på underlaget var det grove ribber eller piggar på drivhjula. Spesielt i industrilokale med glatte betongveggar på innsida gav dette ein kraftig lyd. Køyring på brustein var og «kraftig kost» for omgjevnadane (tenk ombyggingsprosjekt i dagens Oslogater, 2018).

For handvogner på eitt til fire hjul kom gummihjulet. Lyden/skramlinga avtok i styrke.

Brukarane og redusert støyoppleving

Brukarane og områda rundt støykildene observerte at hjul TRILLA STILLARE og kommenterte at dette var ein REVOLUSJON. Dei hadde revolusjonen i Russland i 1917 i friskt minne. I eigen kvardag hadde den daglege støyreduksjonen si virkning. At omgrepet starta som ein fleip skal ein ikkje sjå bort frå. Fleip høyrde kvardagen til, det gjorde dagen annaleis. Heimvende, tidlegare utvandra til Amerika, sa «different, different» til det meste som føregjekk. Ting var i endring/«omvølsle»: «Omvølslå æ no denj o æ, o, sa kjeringja o snudde stakkjinj»/Omvølsla er no den ho er, ho, sa kjæringa ho snudde stakken. Ein kommentar der gjenbruk av heimevovne vadmelskle var omtalt, her brukt som synonym. Dette slitesterke heimevovne tøyet vart omsydd og begge sider brukt som utside før det var oppbrukt.

Utvikling av salgbare produkt

I ei eller anna smie har ein smed laga ei god løysing. Så kjem ein annan person og bestiller liknande ting. Så trengs det serieproduksjon for å dekke eit behov. Slik blir industri til.

Aksel, lagring, nav, felg, slange og dekk. Med og utan bremser. Trillebåre-, handkjerre-, reiskaps-, tilhengar-, spesialmaskin-, landbruks- og anleggs-dekk og akselar. Seld i heile landet til reiskapsprodusentar som laga det meste. Aksel med hjul og dekk som passa rett på hestereiskapen der det før var jernskodde hjul var ein storseljar ein del år til marknaden var metta.

Grossistleddet

Askim Gummivarefabrikk under Peter Mathias Bretanus Røwde laga Viking bildekk. Det var «høghastigheits-dekka». Truleg ein like stor produksjon hadde «lavhastigheits-dekket» «Røvde»-hjulet i det som var «trille-stille». Tenk kor mange jernskodde hjul som vart skifta ut i tillegg til at størrelsen på reiskapen auka monaleg i landbruks-, anleggs- og skogsdrift. P. M. Røwde var ikkje den einaste produsent og forhandlar av «trille-stille-utstyr». Men han var ein flink produsent og seljar og fekk mykje ære for sin næringsmessige tilnerming frå 1930 til rundt 1965.

Produsentane

Produsentar av trillebårer, handvogner, hestereiskap, traktorreiskap og flyttbart industriutstyr var kjøparane frå grossistleddet. «Alle» har eit eller anna utstyr som er del av trille-stille. Til dømes plenklipparen og trillebåra.

At hjulutrustinga er del av anna utstyr ein har er god grunn til at trille-stille har gått «gått under radaren» (som det heiter i 2018) og er gløymt som omgrep.

Eit døme

Rundt om i dei små fjordbygder var vegane dårleg. Vedlikehaldet var det gardbrukarane som delte på. Etter krigen, 1945, var «skodde-hjul» einaste alternativ. På dårlege vegar høyrdest det vide om når ei hestevogn var i bruk. Den fyrste «Trille stille» i Høydalen var det brukaren på Ødegård som hadde. Han hadde ein svoger som skaffa to flyhjul i høveleg dimensjon. Felgen var dreia av bjørk og lager var ein metall bøssing, aksel var 1/2 toms rør (hugs dette med tidlegare målesystem for rørdimensjonar. Eit 1/2" rør er Ø utvendig 20,995 mm, sjå Norsk Standard Rørgjenger). Dette fungerte fint og var i bruk i mange år. Seinare var det mange som fekk gummihjul på hestereidskapa. Då var det Røvdehjul ferdig med felg og aksel til salgs i butikkar som selde til landbruket.

Biletgalleri

Heile jernhjul og jernskodde hjul

Gummihjul på felg

Eksterne lenkjer. Bedrifter som har delteke lenge

Lid Jarnindustri, Norheimsund http://www.dalen.no/historien-i-bilder produserte godt utstyr med gummihjul

Moelven http://www.moelven.com/no/Om-Moelven/Dette-er-Moelven/Moelvens-historie/ . Traktorhengar m. m.

Røwdehjulet http://www.rowde.no/om-roewdehjul . Opphavet er kjent og logoen er framleis trillebårehjulet

Kjelder