Åfjorddalen skule (2)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Den nye skulen i Åfjorddalen, skulehus for Åfjorddalen krins i Hyllestad kommune vart teken i bruk i 1982.

Skulehuset

Samarbeidsutvalet i krinsen krevde allereie i 1964 ein ny skule grunna auka barnetal. Skulestyret konkluderte i 1975 at det skulle byggjast ny skule, og det vart sett ned ei plannemnd som skulle jobbe vidare med dette. Dei jobba med saka frå september 1975 til november 1978, noko som resulterte i at det vart signert kontrakt med Block Watne A/S om bygging av ny skule. Bygging starta i 1981 og skulen stod klar til skuleåret 1982/82. Elevtalet ved Åfjorddalen skule i 1983/84 var 46. Frå skuleåret 1993/93 vart Åfjorddalen skule og krins lagt ned og elevane vart sendt på skule i Hyllestad.

Anna bruksområde

Det gamle skulehuset er i dag Åfjorddalen bygdahus og er eit stort kulturbygg med gode fasilitetar. Huset har stor parkeringsplass, gode festsalar og møterom. Huset har vore gjennom fleire utbyggingar og renoveringar, og er i svært god stand.

Foto

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Hatlem, Edgar (1983) Ny skule i Åfjorddalen, Heim og skule nr. 1 26. årgang.
  • Øvreås, Audun (1983) Nytt skulehus på Åfjorddalen, Heim og skule nr. 1 26. årgang.
  • Fram mot ny skule i Åfjorddalen, Heim og skule nr. 1 26. årgang.
  • Åfjorddalen skule 10 år (1992), Heim og skule nr.4 35. årgang

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder


Koordinater: 61.169706° N 5.384884° Ø