Åse Stålekleivs veg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Åse Stålekleivs veg sett vestover frå Storvegen.
Foto: Roy Olsen (2021).

Åse Stålekleivs vegDalen i Tokke kommune går vestover frå Storvegen til vegen Bandakjordet. Han er 440 meter lang.

Vegen og er oppkalla etter Åse Stålekleiv «Dronninga i Eidsborg». Busetnaden ligg i fyrste halvdel av vegen fram til vegen Tokestad og består av to bustadhus og elles industribygg.

Åse Stålekleiv var «Dronninga i Eidsborg». Ho var rik, så rik at ho eigde heile bygda. Systera Gullborg budde i Skafså – på den andre sida av Dalen. Dei to systrene kunne sjå over til kvarandre, og dei var strie damer som begge ville eige den frodige sletta der Dalen ligg. Krangelen om eigedomen skulle gjerast opp ved at sønene til Åse og Gullborg skulle i kamp mot kvarandre. Familien som gjekk sigrande ut av kampen, skulle få dalen. Åse sit til hest og fylgjer den brutale kampen frå Riarhamaren. Ho ser at den eine sonen etter den andre blir drepen av fetterane sine. Til slutt ligg tre ihelslåtte søner att på sletta. Soga endar med at «Dronninga av Eidsborg» gøymer sylvet sitt og nyklane sine og set utfor Riarhamaren – til den sikre død.
– Telemarkshistorier: Segna om Åse Stålekleiv

Kilder


Koordinater: 59.44531° N 8.00953° Ø