Øvre Galtevigen (Sandnes gnr. 98/8)
Øvre Galtevigen (gnr. 98, bnr. 8) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/8. Eiendommen ble utskilt fra gnr. 98/6 tinglest 24. oktober 1881[1]. Areal i 1890 i mark-øre 0-37.
| Øvre Galtevigen | |
|---|---|
| Sted: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 98 |
| Bnr: | 8 |
| Type: | gardsbruk |
| Adresse: | Galtavikveien 38 |
Brukarar
Jonas Thorbjørnsen,
f. 1834, d. 1922. Son til Torbjørn Jensen, husmann på Tingholmen (nr 42).
Jonas var husmann i Galtavigjå frå omlag 1865 (nr 60). I 1881 fekk han kjøpa stykket sitt som han hadde fram til sonen overtok ein gong tidleg i dette hundreåret. Han var også fiskar.
G.m. 1857 enkja Ester Sigbjørnsdtr., f. 1816, d. 1907, dotter til Sigbjørn Tolleivsen, husmann på Egrå under Dale (Dale-30). Hennar fyrste mann var Kjel Kjelsen Lauvås, som døydde allerede i 1845 (Lauvås-65).
Barn:
- Elen Jorina, f. 1857, d. 1934, budde i Galtavigjå, ugift
- Thomas, f. 1861, overtok stykket (nr 105)
- Severine, f. 1864, d. 1908.
105. Thomas Galtevig,
f. 1861, d. 1944. Son til Jonas Thorbjørnsen (sjå ovanfor).
Thomas var sjømann og reiste i utanriksfart. Han overtok det gardsbruket som onkelen hadde på Tingholmen (nr 108), sidan også faren sitt stykke her i Galtavigjå. Då reiv han husa på Tingholmen og sette dei opp igjen her. Utanom gardsbruket dreiv han ei tid med brislingfiske.
G.m. Inger Loddervik, f. 1866, d. 1955, dotter til Isak Isaksen, husmann i Loddervik under Bersagel i Høle (sjå Høle gjennom hundreåra, s97).
Barn:
- Ester, f. 1889, d. 1894
- Inga Maria, f. 1891, d. 1892
- Johan Estrup, f. 1895, overtok stykket (sjå nedanfor)
- Margit Isidora, f. 1 899, g.m. Erling Sola, byggmeister i Stavanger.
106. Johan Estrup,
f. 1895, d. 1977. Son til Thomas Galtevig (sjå ovanfor).
Elektromontør. Han hadde stykket i Galtavigjå etter foreldra.
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 848-849 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 95-96 i Digitalarkivet