Øvre og Nedre Tjensvoll - Gard og folk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Øvre og Nedre Tjensvoll - Gard og folk

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.


Beliggenhet

Utsnitt av kart over Stavanger ca 1900 for gårdene Stokka og Tjensvoll. Kilde: Arkeologisk museum, UiS

Nedre og Øvre Tjensvoll ligg tett saman i nordskråninga av Ullandhaug. Skiftet mellom dei to namnegardane strekkjer seg 800 meter tvers over brekka opp mot Ullandhaug frå skiftet med Madla tett ved Mjølkhaug i sørvest midt mellom dei gamle tuna til gardane og kring 800 meter ned til Mosvatnet i nordaust. Sidan fylgjer skiftet den nordvestre vika i Mosvatnet kring 400 meter til skiftet med Eiganes heilt i nordaust. Inst i vika strekte det seg flatt våtlende 3-400 meter mot sørvest. Ein bekk, som også rann via eit lite tjern, fylgde lendet for å munna ut i Mosvatnet.

Frå Mosvatnet vende så skiftet mot Eiganes over 150 meter tørrlende nordvest opp til skiftet med Stokka. Dinest dreidde skiftelina mot Stokka 450 meter mot vest over nordre breidda av Lassatjernet og våtlende der i nokså rett line til madlaskiftet ved Sandal. Frå stabstoa mellom Madla, Stokka og Nedre Tjensvoll gjekk grensa mot Madla i kring 650 meters lengd til skiftet møter Øvre Tjensvoll rett nordvest for Mjølkhaug.

Tjensvoll 1855

Frå dette punktet kravla grenselina mellom Madla og Øvre Tjensvoll 400 meter i bein line sørsørvest over tørre morenebakkar fram til skiftet med Ullandhaug om lag 90 meter over havet – det høgaste punktet til dei to tvillinggardane. Her snudde skiftet mot nordaust og rokk etter ein kilometer ned til Mosvatnet 37 meter over havet – det lågaste punktet for dei to gardane. Endeleg gjekk grensa til Øvre Tjensvoll 400 meter langs breidda av vatnet  mot nordvest tilbake til Nedre Tjensvoll. Det gamle tunet på N. Tjensvoll låg kloss i skiftet med Øvre Tjensvoll og vis-a-vis tunet til Øvre Tjensvoll.

Fornminne

Det er sparsomt med fornminne på Tjensvoll. På Nedre Tjensvoll vart det kring 1880 og nær skiftet med Madla og Øvre Tjensvoll fjerna ei gruppe på tre gravhaugar. I samband med at haugane vart fjerna, fann dei nokre gjenstandar av jern om vart kasta. Dessutan fanst det to betalingsringar av gull. Også på Øvre Tjensvoll på Mjølkhaug nær grensa til Madla, var det framleis kring 1900 restar av ein rundhaug. Desse haugane ligg slik til, at dei vanskeleg kan knytast til den forhistoriske busetnaden på Tjensvoll-gardane.

Namn

Namnet «Tjensvoll» tyder «tjelmvollen», det vil seia vollen der dei sette opp tjelmar – stakkar - til lagring av korn, høy og lyng.

Jordsmon

Jærens jordbunn Kilde: A. Grimnes 1909

Stort sett er jordsmonet morenemasse med lite berg i dagen. Berggrunnen er for det meste fyllitt som smuldrar lett og gjev godt grunnlag for åkerbruk. Slik desse to gardane ligg til i nordskråninga av Ullandhaug, er store deler av gardsvaldet sjølvdrenerande og såleis veleigna til gardsdrift av det mellomalderske slaget. Ein ressurs var dessutan våtlendet ned mot Mosvatnet og ved Lassatjernet. Viktig for historia til desse to gardane, var det òg at dei låg berre ei kvart mil frå den viktige marknaden som Stavanger sentrum representerte. På den eine sida hadde gardane her ein nær marknad for produkta sine, på den andre sida kunne byfolket nå Tjensvoll.

Nedre Tjensvoll og Apostelkyrkja

Sjølv om Tjensvoll – utan spesifisering om det var Øvre eller Nedre - fyrst vert nemnd i skrivne kjelder i 1602, er det ingen grunn til å tvila på at det har vore busetnad her sidan førkristen tid. Mellom anna høyrde Nedre Tjensvoll til Apostelkyrkja i Bergen medan Øvre Tjensvoll låg til Stavanger Bispedøme.  Faktisk låg sju gardar i nabolaget til Tjensvoll til Apostelkyrkja: Husabø og Austbø på Hundvåg, Randaberg, Indre og Ytre Bø, Nora Sunde og altså Nedre Tjensvoll.

Dette var jordegods kong Magnus Lagabøter ga til Apostelkyrkja då ho vart etablert som kongeleg kapell i 1275. Nedre Tjensvoll var såleis krongods før 1275. Det har vore gissa på at desse gardane høyrde til lokale hovdingar før slaget i Hafrsfjord. Sidan hamna dei i hendene på Erling Skjalgsson for så å verta tekne over av Jon Torbergsson. Etter han vart desse gardane då kongsgods. Men me manglar kjelder som direkte fortel oss om dette.[1]

Øvre Tjensvoll og Stavanger bispesæte

Når det gjeld Øvre Tjensvoll, vart denne garden lagt til bispesætet i Stavanger ein gong i mellomalderen. Sidan låg garden under biskopen til reformasjonen i 1537 då kongen tok over eigarskapet. Garden sorterte sidan under «stigten» til i 1661 då han var seld i privat eige.

Svartedaud og øydetid

Då Svartedauden hausten 1349 kom til Stavanger, vart etter kvart alle gardane i nabolaget avfolka. Det galdt ikkje berre dei to Tjensvoll-gardane, men også Eiganes, Ullandhaug, Hannestad, Auklend, Hinna, Valaberg, Bruvik og Boganes. Dette skjedde trass i at det galdt brukande gardar. På Nedre Tjensvoll fekk dei i 1723 6,7 kilo korn for kvart kilo dei sådde og på Øvre Tjensvoll 7,5. Dette er godt over gjennomsnittet for fylket elles på kring 6 foll.

Ein slik ring av øydegardar finn me elles kring dei fleste andre byane i landet. Den korte avstanden til bysentrum, gjorde at Tjensvold-gardane eigna seg godt for byfolket når det elles ikkje var større etterspurnad etter jord. Det vart så og seia leigars marknad der landskylda – leigeavgifta – sokk til ein brøkdel av tidlegare nivå. Dei aller minste gardane i Rogaland me kjenner landskylda til, låg på fem månadsbol tilsvarande 75 spann korn.[2]

Landskylda

Etter reformasjonen låg landskylda til N. Tjensvoll på 24 spann korn og Øvre Tjensvoll på 11 spann korn. Det vil seia landskylda til N. Tjensvoll då berre var tredjeparten og Øvre Tjensvoll på usle sjuandeparten av dette som me kan rekna som eit minimumsnivå i mellomalderen. Eit lite bruk det normalt gjekk å leva av, låg minst på seks månadmatsbol eller 90 spann korn. For Ø. Tjensvoll er det såleis rimeleg å rekna med nedgang til rundt åttandeparten av gammalt nivå medan N. Tjensvoll fall til fjerdeparten. Men frå det me generelt veit, må truleg fallet ha vore endå djupare.

Seks månadmatsbol svarar i Rogaland til kring 700 kilo korn. Vanlegvis svara landskylda til mellom ¼ og 1/6 av heile åkerproduksjonen, det vil seia kring 3,5 tonn korn. Då er det interessant at medan Ø. Tjensvoll hausta 3,7 tonn korn i 1802, fekk dei same året fem tonn av åkrane på Nedre Tjensvoll.

Venteleg vart altså dei to Tjensvoll-gardane avfolka ein gong i løpet av det fyrste halvanna hundreåret etter 1349. Såleis vert dei ikkje nemnde i 1519 eller 1521 då me elles har systematiske oversyn over busette gardar. Heller ikkje er dei nemnde midt på 1500-talet. Dei ser altså ikkje ut til å ha vore busette, men har nok likevel vore i drift – gjerne som beitemark for byfolk sidan det ikkje fanst busette nabogardar som ville ha praktisk nytte av Tjensvoll-gardane som tilleggsjord. Begge dei næraste nabogardane Auklend og Ullandhaug låg sjølv øyde.

Nytt liv i gamle tufter

Når og kvifor vart så desse to gardane attrydda? Den fyrste som vert nemnd, er Sjur som seinast må ha slege seg ned på Øvre Tjensvoll i 1599. Den fyrste nemnde på Nedre Tjensvoll, var Jakob som i 1604 betalte to spann korn, ca. 15 kilo, i kongstidend. Omrekna skulle det ha svara til ei kornavling på rundt 700 kilo. Sidan korntidenda frå 1602 til 1605 varierte frå år til år, er det rimeleg at ho til ei viss grad også spegla av koss avlinga kunne variera.

Kva år Sjur slo seg ned på Tjensvoll,  kan me ikkje vita sikkert. Men sidan stovehuset sto aldeles til nedfalls i 1617 må det då ha vore minst førti år gammalt. Det vert ikkje nemnt folk her korkje kring 1520 eller i 1563. Våningshuset må difor ha vore reist etter 1563, men ikkje alt for lenge etter – kanskje ein gong kring 1570.

Som den klart største av dei to gardane, reknar me med at Nedre Tjensvoll vart busett fyrst. Såleis hadde denne garden ei landskyld på 24 spann korn, over det doble av Øvre Tjensvoll på 11 spann landskyld. Seinare jordbruksteljingar på 16- og 1700-talet vitnar også om at Nedre Tjensvoll var klart meir produktiv enn grannen på nordsida av skiftelina.

Tuna til dei to gardane låg på kvar si side av skiftelina mellom gardane så tett at det nærast må ha arta seg som eit felles tun. Såleis låg heimehusa ikkje stort meir enn eit halvt hundre meter frå kvarandre. Dette innebar at innmarka til dei to gardane grensa mot kvarandre. Men medan innmarka til Øvre Tjensvoll strekte seg søraust opp den tørrlende skråninga mot Ullandhaug, låg innmarka til Nedre Tjensvoll mot nordvest i skråninga ned mot Mosvatnet og våtlende nordvest for vatnet. Sjølv om det var få stader berg i dagen, var jordsmonnet var generelt heller tynt.

Åkerbruk og husdyrhald

Sidan Nedre Tjensvoll var einbølte til langt ut på 1700-talet, var det der ikkje teigblanding. Innmarka må difor ha vore driven som eit samanhangande stykke. På Nedre Tjensvoll kan dei ha spadd 12 – 13 dekar åker, på Øvre Tjensvoll snautt det halve.[3]  Men åkrane var som nemnt fruktbare.  Medan dei på Nedre Tjensvoll skal ha hausta kring 3,2 tonn i 1668, fekk dei 1, 4 tonn på to brukarar på Øvre Tjensvoll.

Når det på Øvre Tjensvoll gjekk med 200 kilo til såkorn og 100 kilo til landskyld, tiendekorn og andre avgifter, var det altså 1,1 tonn korn att, nok til å brødfø seks personar! Så åkrane på Tjensvoll-gardane skulle vera gode nok til å leva av. På Nedre Tjensvoll var det også eit bra overskot for sal.

Husdyrhaldet på Tjensvoll-gardane låg også over gjennomsnittet. Såleis låg det i 1668 på kring 18 kyrlag  på Nedre Tjensvoll og 11 kyrlag på Øvre Tjensvoll.[4]  Og skal me lytta til arveskifta i 1670-åra, var det 16 kyrlag på Øvre Tjensvoll mot minst 23 kyrlag på Nedre Tjensvoll!

Dette medan gjennomsnittet per bruk i Håland prestegjeld låg på 16 kyrlag. Kort sagt gav kvar av gardane eit greitt livsgrunnlag.

Som det var vanleg på 16- og 1700-talet var det ikkje skarpe skifteliner mellom gardane i utmarka. Nå var grensa mot nord og aust mot Stokka og Eiganes til dels av det naturlege slaget med myrlende, tjern og Mosvatnet.

Annleis var det mot vest der grensa strakk seg heile vegen mot Madla. Her gjekk buskapen til dels om kvarandre «horn mot horn og klauv mot klauv».

Hesten til hr. Gabriel

I 1616 hadde såleis Knut Madla og mora Karin Hansdotter ein hest til hr. sokneprest Gabriel Lauritssøn Lind for oppfostring. Slik var det titt på mindre bruk; Dei tok hestar til fostring mot å få bruka han til gardsarbeid. Dei bruka han til all slag gardsarbeid og hadde han på beite i utmarka mot Nedre Tjensvoll.

Så var det ein dag Gjermund, bonden på Nedre Tjensvoll, inspiserte marka i lag med drengen. Der kom dei over hesten til presten stein daud. Gjermund fekk drengen til å flå hesten og tok vare på og selde hud og kjøt.

Det kom likevel fram at dette faktisk var hesten til soknepresten, og då lensmannen vart nærgåande, forsvara Gjermund seg med at han hadde kjøpt hesten av mor til hr. Gabriel. Det heile enda på tinget der fleire vitne, mellom anna Jens Hinna, nekta at det var slik det hadde gått til. Enden var at Gjermund laut gå til soknepresten og gjera opp for seg. Slik kunne det enda når det ikkje var faste grenser i utmarka.

Kvern

Nyttig for folka på Tjensvoll var at dei òg åtte ei bekkekvern nede ved ein bekk som rann ut i Mosvatnet, ein viktig ressurs i det relativt flate Jæren sjølv om ho ikkje var til meir enn eige bruk. Ei slik kvern er ikkje nemnd for Øvre Tjensvoll, men i eit av arveskifta vert det nemnt at dei åtte helvta i ei kvern.[5]

Torv  

Ein annan viktig ressurs, i alle fall for Nedre Tjensvoll, var relativt gode torvmyrar. Her var jamvel eit overskot av torv for sal til Stavanger.[6] Attåt var det fyring med lyng som galdt. For Øvre Tjensvoll sin del vart det klaga over for lite torvskurd og at også utmarka vart for trong.

Kort sagt var Nedre Tjensvoll ein gard som gav godt overskot til ein brukar og som jamvel kunne gje rom for to brukarar. På Øvre Tjensvoll var det grei leveveg for ein bonde og ein familie, men vanskeleg for to.

Dei fyrste

Hadde Tjensvoll-gardane lege lenger frå byen, er det vanskeleg å tru at han hadde vorten avfolka i pesttidene. Men då det utover på 1500-talet tok til å verta lenger mellom pestepidemiane, starta attryddinga av øydegardane.  Trass i at Tjensvoll-gardane var rimeleg gode, var det altså fyrst sist på 1500-talet han fekk ny busetnad.

Den fyrste me kjenner namnet til, var Sjur som i 1602 betala 3. års bygsel av fire spann i Øvre Tjensvoll. Det vil seia at han seinast i 1599 slo seg ned på garden. Me veit ikkje om han var den som attrydda garden, men med ei vanleg brukstid på kring 30 år, kan han godt ha vore det. I så fall kan han ha sete som bonde her sidan kring 1570. Om det då ikkje var busetnad her, laut Sjur reisa nye hus i staden for dei som hadde vore.

Sidan 1602 vart det betalt kongstiend frå begge Tjensvoll-gardane. Bonden på Nedre Tjensvoll  var då Jakob som i 1604 betalte fire spann korn i kongstiend.

Jens slit

Sjur betalte tredjeårs bygsel siste gongen i 1611 av Øvre Tjensvoll, og sidan høyrer me ikkje meir til han. I staden tok Jens Lauritsen over garden. Hjå han var det så fattigsleg, at han ikkje ein gong makta å betala øydegardsskatt Så fylgde  nokre år då det i det heile ikkje vart betalt skatt frå Øvre Tjensvoll.

Hesten til futen

Til sist rauk det for Jens. For å få endane til å møtast, selde han i 1615 ein hest til byfogd Jacob Sørensen i Stavanger. Problemet var berre at det ikkje var hans hest. Då det kom fram, orsaka han seg med at han hadde misteke hesten for å vera sin eigen. Han slapp å verta stemd for tinget, men gjekk med på gjera opp for seg direkte med futen. For sin armods skuld , skulle han sleppa unna med tolv dalarar, heitte det. Det svara til verdien av mest heile bølingen til Jens, og dette er det siste me høyrer til Jens på Øvre Tjensvoll.[7] Same året betalte Lars Pålsson fyrstebygsel for å ta over garden![8]

Nedre Tjensvoll

Bygningane på Nedre Tjensvoll

Den fyrste me møter på Nedre Tjensvoll, er altså Jakob i 1604. Det vert rett nok nemnd folk på garden også i 1602, men utan namns nemning. Mest truleg var det også då Jakob, og det kan vel vera han som ein gong kring 1570 tok garden opp or øyde.  På eit gjennomsnitts bruk på den tida, var det vanleg med seks - sju bygningar: Stovehus, bua, eldhus, fjøs, stall, låve og sauehus. Utanfor sjølve tunet sto gjerne også ei smie og kvernhus.

Dette var den fyrste oppgåva til attryddaren - å få tak over hovudet, å reisa gardsbygningane. Som vederlag for å dyrka opp att garden og reisinga av bygningane, fekk han fritak frå skatte- og leigeavgifter nokre år. For bygningane høyrde òg til jordherren som etter reformasjonen var kongen.

Alle driftsbygningane under eit tak

Garden var ikkje av dei minste, men Jacob nøydde seg med fire bygningar. Mest påfallande var det kanskje at han samla alle driftsbygningane under eit tak. Det var fjøset, sauehuset og låven der han lagra korn og høy og der han treska kornet, alt i ein bygning.

Bua

Attåt sette han opp bua. Den hadde ein indre tømmerkjerne og ein ytre vegg på tre kantar av torv og stein. Dette var huset dei sov i og her låg lagra matforråd og klede.

Stovehuset

Til sist var det stovehuset. Også her vart det fyrst reist ein 5 x 5 meter tømmerkjerne. Utanfor langs tre veggar danna det seg ei sval mellom den ytre veggen av torv og stein og den indre av tømmer.

Inne i stova var det heller mørkt bortsett frå lyset frå nokre koler og frå ljoren i taket. Dessutan var det oppunder taket ganske røykfullt frå ljoren. Langs to av veggane var det veggfaste benkar å sitja på. Her sto også bordet der dei åt. Langs bordet på golvet sto også forbenken, ein laus benk.

Til sist måtte det også til eit eige eldhus

Jakob åtte altså ikkje bygningane. Men som ein lekk i å halda garden i hevd hadde han også ansvar for vedlikehald av bygningane. Svikta han her, ville det verta arrangert husåbot og han ville verta halden økonomisk ansvarleg.

Som ein helvta så god gard som Nedre Tjensvoll, reknar me med at  Øvre Tjensvoll vart attrydda seinare enn grannegarden. Og kanskje var det Sjur som rydda garden frå øyde og sett opp att hus på gamle tufter. 

Ola Nedre Tjensvoll

Men to år etter var Jakob bytt ut med Ola. I 1606 betalte både Ola og Sjur grønlandsskatt som øydegardsmenn, ein skatteklasse dei to gardane låg i til ut i 1620-åra. Det innebar stort sett at dei betalte halv skatt – eller mindre – enn det som var vanleg for «normal» brukarskatt.

Gjermund slit

I åra næraste etter 1606 forsvann Ola frå skattelistene, medan Gjermund dukka opp fyrste gongen i 1610 og sat sidan som brukar på Nedre Tjensvoll fram til kring 1620.

Gjermund sleit noko med å få endane til å møtast. Ei sak var at han berre betala halv skatt, me ser også andre teikn på at han hadde vanskar med økonomien. Ei sak var at han i 1716 freista å tena pengar på ein hest som ikkje var hans. Ei anna var at han ikkje makta å halda bygningane på garden ved like.

Bygningar til nedfalls

I løebygningen lak det frå taket og tømmeret i dei indre veggane var til dels rotne. Den same sørgjelege situasjonen var det for eldhuset. Bua var i betre stand, men trong òg til vøling. Men verst sto det etter kvart til med stovehuset, det sto reint til forfall. Då dette vart kjent for futen som hadde ansvaret for tilsynet av kongeleg eigedom, kravde han hausten 1617 husåbot, taksering av koss det sto til med bygningane på garden.

I oktober 1617 møtte så lensmannen med takseringsmenn, og dommen var nådelaus: Stovehuset sto ikkje til å berga, men laut reisast på ny.  Taket på løa laut skiftast og også  eldhuset trong omfattande vøling. Minst skade var det på bua. Likevel slo takstmennene fast at det laut til 23 ½ dalarar for å setja bygningane i lovleg stand att. Det svara til fire årsløner for ein dreng.[9]

Når dette kom attåt at Gjermund laut gjera opp for seg for hesten han freista å svindla til seg, stoppa det opp for han og han måtte gå frå garden.

Øvre Tjensvoll

Lars

I 1615-17 vart det brukarskifte og bruksdeling på Øvre Tjensvoll: Lars Pålsson – også kalla Lasse eller Laurits – tok i 1615 over den eine parten medan Pål Larsson bygsla den andre.[10] Namna til dei to karane kan elles tyda på at dei var i slekt, helst far og son. Samstundes som Lars tok over parten på Øvre Tjensvoll, vart han på tinget utnemnd som skysskaffar. Det vil seia at han hadde ansvar for å skaffa fut, skrivar og andre storfolk skyss når dei skulle dra kring i embetsdistriktet sitt.[11][11]


«slett utarmet»

Lars må ha vore ein etter måten akta mann, og hausten 1634 vart han peika ut på tinget til å vera lagrettemann og året etter til nemndmann til lagtinget.[12] Men etter alt å døma sleit også han med å få endane til å møtast. I starten figurerte han i skattelistene som vanleg øydegardsmann, det vil seia ein som betalte halv skatt.

Det gjorde han dei fyrste ti åra til han i 1627 hamna i gruppa «arme» som slapp unna med ein kvart skatt.  Året etter gjekk det litt betre, då rykka han på ny opp som øydegardsmann. I 1633 var han for fattig til å betala skatt i det heile. Sidan - fram til 1640 - gjekk det litt opp og ned, stundom betala han som øydegardsmann, stundom som «forarmet» - fattig. Men frå 1637 må han ha nådd botnen, frå det året hamna han i kategorien «slett utarmet» -lut fattig – og slutta å betala skatt i det heile.

Pål

Frå 1643 høyrer me ikkje meir til Lars, kanskje hadde han fått folge hjå Pål. Sjølv om Pål betalte skatt av bruket fyrste gongen i 1621, var det fyrst i 1632 at han betalte fyrstebygsel for 5 ½ spann i Øvre Tjensvoll, d. v. s. av halve garden og frå 1639 heile garden. Men også hjå Pål sleit dei, og alt frå 1639 betalte dei skatt som fattige. Frå 1641 var det slutt med å betala skatt, då låg også dei i gruppa «slett udarmet». Neste grep var at Pål i 1643 delte frå seg fire spann til Salomon Reidarsen.[13]

Salomon

Så i 1645 heitte det at Øvre Tjensvoll var delt mellom Pål Larsen og kona hans og Salomon Reidarsen og kona hans og at ingen av dei då hadde tenestefolk. Dessutan vart begge brukarane lagde i skatteklasse som øydegards- og husmenn.[14] Pål døydde i 1654. Enka dreiv sidan bruket eit år til ho let sonen Lars og kona hans, Synne Rasmusdatter, ta over.

Ein annan son, Hans, vart dreng hjå Salomon og var framleis dreng hjå han 40 år gammal i 1664. Også på det andre bruket på Øvre Tjensvoll, hjå Lars må det etter kvart ha gått betre slik at han fekk hyrt ein liten dreng, tolvåringen Torger Håvardsen.

Tre hestar og bileggjarom av stein

Desse åra etter at Pål døydde, ser det ut til at dei greidde seg betre på garden. Mellom anna hadde dei laga seg ein bileggjaromn mura i stein, den fyrste i sitt slag på garden. Då Lars døydde hausten  1675 hadde dei fått i hus 1,2 tonn korn, nok til både mat, til å betala ulike avgifter og jamvel ha litt for sal.

Når det gjeld buskapen, svara han til ni kyr. Av sau var det færre, berre tre. På den andre sida åtte dei tre hestar, venteleg mellom anna til bruk i samband med skyssing.

Då Lars døydde, dreiv framleis Salomon det andre bruket. Men i 1690-åra råka fleire harde epidemiar bygda. Særleg tung var ein dysenteriepidemi våren 1695 som ikkje minst råka Øvre Tjensvoll.[15] Litt parallelt med pestepidemiane 300 tidlegare, enda nå Øvre Tjensvoll som avlsgard under byfolk då kjøpmann Børge Valentinsen kjøpte garden og dreiv han vidare med to drengar og to tenestejenter.[16]

Børge åtte sidan garden heilt til han døydde våren 1757.[17][17] Sidan tok enka, Birgitte Nyrup, over drifta til ho i oktober 1761 selde garden vidare til Knut Larsen Sand for 500 dalarar.[18]

Nedre Tjensvoll

Torger

På Nedre Tjensvoll var det Torger Klemetsen Tjensvoll som kring 1620 tok over etter Gjermund. Som for grannen Pål var også Torger ein akta mann i bygda og vart vald til lagrettemann. Det var elles langt romslegare på Nedre Tjensvoll enn hjå Pål, og han betalte alltid full skatt. Ikkje berre kasta Nedre Tjensvoll dobbelt så mykje av seg som Øvre Tjensvoll, Torger og kona fekk attåt driva heile garden åleine og hadde jamvel råd til å halda tenestefolk.

Ole og Marit: Jordherrar

Noko etter 1645 døydde Torger og Ole Pedersen, og Marit tok over. Som Torger og Pål, vart i 1650 også 30-årige Ole vald som nemndmann til lagtinget.[19] Ikkje berre det, Ole åtte jamvel jordegods i andre gardar: 12 spann korn i Malmeim 2 spann korn i Raugstad, begge i Høyland prestegjeld.[20]

Også Marit kom i kontakt med rettsvesenet. Det galdt ei hending i 1657 på garden Stokka der Anne Eivindsdotter vart gravid . Ho skulda då ein Nils Davidssen som årsak til svangerskapet, og ynskte Marit som vitne. Men Marit måtte tilstå at ho ikkje hadde fått med seg så mykje, så vitnemålet hennar gjorde ikkje noko til eller frå.[21]

Etter kvart fekk Ola og Marit seks born som vaks opp og som alle vart godt gifte: Ola til Randaberg, Salve til Røyneberg, Marit til Revheim, Karen til Gausel og Gunnar til Sande. Slik fekk dei gjennom giftarmåla til borna eit bra nettverk.

Velstand

Det er tydeleg at også Ole må ha drive med skyssing, i alle høve hadde dei heile fem hestar. Dessutan fødde dei ein bøling på tolv kyr og nokre ungdyr. Attåt kom ein flokk på 18 sauer. Til saman utgjorde dette 26 kyrlag, nære på det doble av eit gjennomsnitts bruk elles på Nord-Jæren. Som eit symbol på velstanden, åtte familien ei sylvkanne verdt 24 dalarar, mest som ei årsløn for ein dreng.[22]

Etter at Ole døydde sommaren 1679, 59 år gammal, tok sonen Peder og kona Ingeborg Halvardsdotter over. Peder fekk ikkje sitja lenge med garden, vinteren 1685 laut Marit fylgja sonen til grava. Og vinteren etter døydde også ho.[23]


Peder og Maren

I 1695, det store dødsåret, vart det også ledig på Nedre Tjensvoll. Den som nå fekk bygsla garden, var 33-årige Peder Rasmussen og kona, Maren Ivarsdatter. Han dreiv garden fram i 1718 då Peder Jakobsen tok over. Som forgjengarane på  Nedre Tjensvoll, sat også Peder Jacobsen brukbart i det. Han var son til lensmann Jakob Pedersson Vaula på Mosterøy og kjøpte i 1705 halve Ytre Bø i Randaberg av madam Johanne, enka etter Christian Jeger i Stavanger. Faren hadde då tre år i forkant kjøpt den andre helvta av denne garden.[24] Peder selde i sin tur 18 spann kornskyld i Ytre Bø vidare til ein av bøndene der, Torger Helgesen. Peder levde sidan heilt til våren 1758 då han døydde, 90 år gammal.

Rollebyte på 1700-talet

Medan den mindre garden Øvre Tjensvoll var delt mellom to brukarar til sist på 1600-talet og Nedre Tjensvoll då stort sett var einbølt, vart rollene snudd sist på 1700-talet.

I 1801 rådde Peder Olsen og Berta Torsdatter åleine på Øvre Tjensvoll medan Nedre Tjensvoll var delt mellom Reidar Olsen og Berta Ivarsdotter på den eine sida og Ole Olsen og kona Berta Tollefsdotter på den andre.

Ein av dei største/rikaste kjøpmennene i Stavanger, Laurits Smith, kjøpte nemleg heile Nedre Tjensvoll på auksjon i 1768. Han sat med garden fram til 1778 då han selde han vidare til Peder Pedersen, ein annan bymann. Han selde straks heile garden vidare til Jens Knudsen.

Jens sat vidare med heile garden til i 1788 då han selde halve garden til Tollef Knudsen og kona Berta Bradsdatter.  Det var desse som i 1796 selde sin part vidare til svigersonen Ole Olsen og dottera Berta mellom anna mot å få folge hjå dei. Vilkåret var då årleg to pund havremjøl, ei tønne reintkorn, ¼ tn. rug og fôr for tre kyr og seks sauer.

Ole  og Berta åtte frå før det andre bruket på 12 spann som dei i 1788 hadde kjøpt av Jens Knudsen.  Slik sat dei med heile garden til sommaren 1800. Den sommaren då  Reidar og Berta løyste ut skøyte på den tolv spann store parten.

Til saman budde det då seks i husværet til Reidar og Berta og åtte i husværet til Ole og Berte. Det medan det budde sju menneske på heile Øvre Tjensvoll.

Overskot

I fylgje jordavgifta i 1802 var desse to bruka nett jamgode. På kvart hausta dei 2,6 tonn korn – mest havre, noko bygg og litt rug. Det er rekna ut at det trongst i snitt 185 kilo korn årleg for kvar person. Det vil seia at det hjå Reidar trongst 1,1 tonn korn til mat og hjå Ole 1,5 tonn korn. Sidan gjekk det bort 400 kilo til såkorn. Begge var nå sjølveigarar, dei hadde lånt pengar til å løysa inn skøyta. Uansett må det ha vore nok korn både til mat, avgifter og jamvel litt inntekter ved sal i byen som låg så hendig til.

Også buskapen var i overkant av gjennomsnittet elles. Når ein så attåt kunne ha inntekter ved sal av torv, var det grunnlag for velstand på garden jamvel om han var delt.

Sidan Øvre Tjensvoll vart halden samla som eit bruk, kan det same seiast om livsgrunnlaget her. I forhold til husstanden var både kornavling og avdrått i overkant av det me såg på kvart av bruka på tvillinggarden. Så også her var det eit godt livsgrunnlag sjølv om dei klaga over at det var snautt med torvskurd og for lite utmark.

Nokre kjelder til Tjensvolls historie

Matriklar, N. Tjensvoll

Skyld Bruk Såd Avling           Fold Hest Kyr sau Brenne Jord
1668 24 1 8 1 14 Torv og lyng God, ringe kvernsted til hushjelp
1723 24 1 6 40    6,7 2 10 10 Letvunden, en bekkekvern
1802 24 2 80 4 16
Øvre Tjensvoll
1668 11 1 3 1 7 Torv og lyng Mislig kornjord, ring eng, god utmark,

Før Kongens, nå odels

1723 11 1 4 30     7,5 2 8 10 Måtelig
1802 11 1 50 2 9 15

Arveskifte

Etter Laurits Ø. Tjensvoll, 20/10 1675, g.m. Synnøve Rasmusdotter, born: Ellis, Salve, Pål, Karen og Malin

1,2 tonn korn, ni kyr, tre sauer, tre hestar, kvern, kakkelomn, 60 dlr formue, gjeld 7-1-0

Etter Ole N. Tjensvoll, sk. 20/8 1679, g.m. Marit Pedersdotter, barnlaust. 12 kyr, eit ungnaut, 18 sauer, tre hestar, to unge hestar, 1,2 tonn korn, sylv for sju dlr, 81 dlr formue

Etter Peder N. Tjensvoll, sk. 12/2 1685, g.m. Ingeborg Halvorsdotter, Born: Hans Gauteset, Halvard ....land og Marit Tjensvoll. 5 kyr, 2 kviger, 6 sauer, 2 hestar, 650 kilo korn, gjeld 3,5 dlr.

Etter Marit N. Tjensvoll, sk. 23/12 1686, born: Ola Randaberg, Peder Tjensvoll, Salve Røyneberg, Marit Revheim, Karen Gausel og Gunnar Sande. Åtte gods i Malmei og Raugstad. 8 kyr, 6 sauer, 3 hestar, ½ bekkekvern, sylvkanne til 24 dlr, 88 dlr formue, 14 dlr. gjeld.

Jordavgifta 1802

Nedre Tjensvoll, ei kvart mil frå Stavanger. Kvart bruk 12 spann, avla 40 tønner på kvart bruk, åtte kyr, ti sauer og to hestar. Torvmyr for sal til Stavanger, tilstrekkeleg utmark, kvart bruk verdt 500 dlr. Brukarar: Ole Olsen og Reidar Olsen, sjølveigarar.

Øvre Tjensvoll, grensa til N. Tjensvoll. Eit bruk som avla 50 tønner korn, ni kyr, 15 sauer og to hestar. Knapt med torvskurd og lita utmark. Verdsatt til 500 dlr. Garden nett seld til ein mann som året i førevegen var heldig med sildefisket. Peder Johansen, sjølveigar.         

Sakefallslista 1615: Jens Lauritsen Tjensvoll


Tingbøkene

1616: Gjermund Tjensvoll fann daud hest i marka si. Han fekk drengen til å flå han. Knut Madla og mora Karin Hansdotter hadde hatt hesten til oppfostring for Gabriel Lauritssøn. Dei hadde brukt han men lete hesten døy så han døydde i marka til Gjermund Tjensvoll. Han fekk drengen til å flå han. Han påsto sidan at han hadde kjøpt hesten av mor til Hr. Gabriel, noko Gregers Aslaksen og Jems Hinna nekta for. Det enda med rettssak12/2 1617 og at han laut koma til forlik med hr. Gabriel. Flådde han.

1617: Husåbot hjå Gjermund 13/10. Fehus, smalehus og låven ein treska i, under eit tak og bua: Brøstfeldig både på tømmer og tak. Laut vølast for tre dalarar seinast i haust.  Bua var noko brøstfeldig og laut vølast for ein halv dalar.

Stova: ganske forfallen og laut reisast heilt frå nyom noko som ville kosta ti dalarar. Det skulle vera åtte alen (fem meter) kvar vegg  = 25 kvadratmeter.

Eldhuset var også brøstfeldig, må vølast for 3 dlr. sum 23  ½ dlr. Når dette vart gjort, ville garden på ny vera i lovleg stand.

12/2 1617: Lasse Ø. Tjensvoll skulle vera skysskaffar. 6/10 1634: Vald til lagrettesmann. 31/3 1636: Stemd for manglande lagmannstoll, møtte ikkje som 22 andre sambygdingar.

28/11 1635 vart Pål Tjensvoll vald som nemndmann til lagtinget. 29/8 1639 han og Torger lagrettesmenn i Stavanger i sak mot ein tjuv og 5/12 1639 ved Jåttå skipreideting.

1/5 1638: Torger og Pål Tjensvoll lagrettesmenn på Stavanger Kongsgård. i samband med saka mot den svenske tjuven Jakob Larsen.

Fjerdingstinget på Skeie februar 1653 vart Ole N. Tjensvoll, Pål og Samuel Tjensvold stemde for manglande arbeidspengar. Ingen møtte og dei laut betala stemnefall.

Ole N. Tjensvoll nemndmann til lagtinget 4/12 1650.

Fjerdingsting 6/2 1658: Marit Tjensvoll var vitne i sak mot Nils Davidssen i farskapssak etter skulding frå Anne Eivindsdotter. Ho viste til eit samleie på Stokka, men Nils nekta. Andre vitne frå Stokka, Tasta og Finnastad at Nils hadde vore  nord i holmane den natta i pinsen.

Frå lensrekneskapa

1602: Sjur Ø. Tjensvoll betalte 3.års bygsel av fire spann korn til kongen. I 1611 betalte han (Siguard) 15 ½ skilling for fem spann korn i Ø. Tjensvoll.

1606: Sjur nemnd som øydegardsmann.

1610: Gjermund betalte skatt som øydegardsmann på  Tjensvoll fram til 1618.

Leiglendingeskatt 1611: Ingen

Utskriving av knektar 1611: Gjermund Tjensvoll i lag med Jens Dale, Gunnar Jåttå og Jens Hinna: Anders Stokka.

Sakefallslista 1615: Jens Lauritsen Tjensvoll mistok ein hest han trudde var hans eigen, og hadde seld han vidare til byfogd Jacob Sørensen i Stavanger, for hans armods skuld slapp han unna med   sonte 12 dlr.

Lars Pålsson betalte 1. bygsel (av Ø. Tjensvoll)?

1621: Tredjeårstake, Lars Tjensvoll av 2 ½ pd ……10 sk.

1635: Tredjeårstake: Laurits Tjensvoll av 11 sp …..1 ort 20 sk.

1621: Jordebok, Lars Øvre Tjensvoll 4 skilling, ødegård.

1621: Ødegårdsmenn: Lasse og Pål Tjensvoll, ½ dlr. kvar.

1622, 1624, ødegårder: Tjensvoll: fire kalvskinn i leidang, 1625:                           5 sp.

Leidang, ødegård: Lasse Ø. Tjensvoll 1624 2 sp. 1631 2 sp, 1633 do., 1634 do. 1635,1636, 1637, 1638, 1639, 1642

N. Tjensvoll, 1631 5 sp.  1632: do. 1633 do, 1634 do.1635, do 1636, 1637, 1638, 1639, 1642

Landskatt, ødegård 1622: Lasse, ½ d. 1623: ½ d. 1624, 1625 2 ½ o.,             1626 ½ d.,1626 3 ½ o. arm: 1627 1 ort , fattig: 1628, 1ort, ødegårds: 1629, ½ d.+ ½ d.+1/2 d., 1630 forarmet  ½ dlr, 1631 ½ dlr, 1637: Slett utarmet – 0. 1638: 0 + 0+ 0,

1623: Pål, forarmet, 1 o, 1624 1 o. 6 sk.1625 arm, 1 ½ ort, 1626 1 ort, 1627 1 ort. Fattig: 1628. 1 ort, ødegård: 1629: ½ d.+1/2+ ½ d.+ ½ d. 1630 forarmet, ½ dlr.  1631 ½ dlr. 1632: Pål  + Lasse, ødegårdsmenn, 3 ort. + 1 dlr.+ 1 dlr.  1633: Pål, forarmet, 1 ort. 1634: Pål, ½ dlr. Ødegård 1635 ½ d.+ ½ dlr, 1636: ½ dlr, 1637: ½ d. 1638: 1 or.+ 1 ort,+ ½ d. 1639: 1 d., Forarmet 1639: 1 ½ o., 1639: ½ dlr. 6 sk. 1641: slett utarmet + slett utarmet 1642: Slett utarmet

1626: Arme Drenge: Eiluf Tjensvoll 18 sk.

Stigtens landskyld 1623, 1624: Lasse/Lars/Laurits Ø. Tjensvoll 11 sp. 1627 11 sp.1628 11 sp., 1629, 11 sp., 1631, 11 sp, 1632 do,1633 do. 1634 do., 1635 do, 1636 do.1637 do.1638 do. Pål: 1639, 11 sp. 1642: 11 sp,

Landskatt: Torgeir N. Tjensvoll 1623 3 ort, 1624, 1625 1 dlr, 1628: 3 ort, 1629: 1 ½ dlr.+1 ½ dlr. 1629 etter formue: 1 ½ dlr. 1630 full skatt, 1 ½ dlr. 1631 1 ½ dlr.1632 1 ½ dlr.+ 1 dlr. + 6 ½ ort + 6 ½ o.1633: 3 ort + 3 ort, 1634: 3 ort, 1635: 1 dlr.+ 1 dlr, 1636: 1 d. 1637: 1 d. 1638: ½ d.+ ½ d,+ 1 d, 1639: 1 ½ dlr. 1640: 1 dlr., 1641: 1 dlr. 1641: Etter formuen 3 ½ ort +    1 ½ dlr. 1642: 1 ½ dlr., 1 ½ dr, 1643: 3 ½ ort. 1644: 1 ½ dlr. + 7 0rt,

Stigtens tredjeårstake 1627: Pål Tjensvoll av 11 spd 8 sk. 1632 betalte Pål fyrstebygsel av 5 ½ sp i Tjensvoll, 3 ½ dlr. og 3. årstake av 5 ½ sp med 22 sk. 1639 av 11 spd 1 ort 20 sk., tredjeårstake 1642 av 11 spann.  1645 av 11 spann – ½ d. 8 sk., 1649 av 7 sp 1 o. 4 sk. 1654: Enkens tredjeårstake av Ø. Tjensvoll for sju spann – 1 ort 4 skillingar

Salmon Ø. Tjensvoll av fire spann i 1649 ....16 skilling, i 1652 do.,

Ø. Tjensvoll, 1633, 1.bygseltakst: 11 spd for sju dlr., er god for sin takst.

1633: Dreng for ring løn: Reidar Tjensvoll – ½ ort., Lasse Ø. Tjensvoll, slett utarmet, betalte intet i skatt.

1643: Pål opplod fire spann korn i Tjensvoll til Salmon Roelsen for 4 dlr.


Hovedskatten 1645:

N. Tjensvoll: Torgier Clemmidsen, hans kone, 1 pige .......1 ort

Ødegårds og humenn: Ø. Tjensvoll: Pouet Laursen och han kone .... ½ ort  Salmon Reersen och hans kone   ..........1/2 ort

Odelsskatt, Olle N. Tjensvold, 1651, korn ½ pd, 2 sp. 1653 do., 1654, 14 sp. 1663, 1664: ½ pd i Malmei, 2 spd i Raugstad.

Rossteneste 1657, 1658, 1659, 1660  Ole Tjensvoll ..... 8 spd.,

Kvegskatt 1658

N. Tjensvoll: 2 hestar, 10 kyr 6 sauer                                                              

Ø. Tjensvoll: 8 kyr, 4 sauer


Manntal 1664/66

Nedre Tjensvoll, halvgard:

Ole Persen 44 år, Tj. Jon Osmundsen 13 år

Øvre Tjensvoll, ødegård:                                                                              

 Laurits Paulsen, 40 år, Elias Lauritsen, 5 år, Tj. Torger Håvarsen, 12 år

Salmon Reiersen, 53 år, Ole Salmonsen, 12, Tj. Hans Paulsen, knekt, 40år

Manntal 1701:                                                                                                      

Nedre Tjensvoll: Peder Jakobsen, tre barn

Øvre Tjensvoll: Bruges av Børe Faltinsen, Tjenere: Rasmus Olsen, f. i Frue, Lars Olsen, f. i Tone sokn, Gonele Persdotter, f. i Frue, Ane Larsdtr, f. i Gjesdal sokn.

Folketeljing 1801:                                                                                        

Nedre Tjensvoll:  

Rejer Olsen 35, bonde, Birthe Iversdtr. 33, Barn: Marthe 9, Iver 6, Ingeborg 2år. Siri Baarsdatr., 68, enke, i huset, nærer seg ved litt arbeid.

Ole Olsen, 40, bonde, kone Birthe Tollefsdtr, 30, Barn: Jpohanne 11, Birthe 4, Olene 2 år, Tjenere: Peder Christophersen, 20, Mallene Rasmusdtr. 22, Tollef Knudsen 62, kone Birthe Bradsdtr. 62, kon ens foreldre, innerste

Øvre Tjensvoll:

Peder Olsen, 30, bonde, kone: Birthe Thorsdtr., 38, gift 2. gang, Hennes barn: Thore andersen, 14, Rasmus 10 år.Deres barn: Mallene 4 år,. Christine Andersdtr. 31, ugift, tjener. Niels Larsen, 69, ugift, holder seg i huset, går i dagarbeid.

Skifteprotkoll 1672 – 93

Laurits Øvre Tjensvoll, sk. 20/10 1675, s. 108, g. m. Sigfrid (?) Rasmusdatter, Born: Ellies, sollfue, Poffuel, Karen, Maline,  60 dlr.

Olle N. Tjensvoll, sk. 30/8 1679, 280b, g.m. Marite Pedersdatter, ingen born, 81 d.

Peder N. Tjensvoll, sk. 12/2 1685, s. 364 g. Ingeborg Halvorsdatter, born: Hans Gaudeset, Halvor Litlaland og Marite Tjensvoll.  34 dlr.

Marite N. Tjensvoll, sk. 23/12 1686, s. 383, born: Olle Randaberg, Peder Tjensvoll, Salve Røyneberg, Marit Joa, Karen Gausel og Gunvor Sande. 88 dlr


Stavanger domkapittels kyrkjebok, døypte

Oktober, 24 trini, 1688: Kristoffer Pedersen Tjensvoll og Marit Simonsdatter son Peder.  Fadder: Inger Gunnarsdatter Tjensvoll

September, 16 trin. 1689: Peder Torgeirsen og Inger Gunnarsdatter N. Tjensvoll: dottera Marit

9/3 1702: Peder Jakobsen og Lisbet Jakobsdatter, son Jakob

5/2 1715: Ole Rasmussen Øvre Tjensvoll og Dorete Årsvoll: Rasmus

16/1 1716: Ole Rasmussen Øvre Tjensvoll og Dorthe Johansdatter: Marthe                                                  6/1 1719: Johannes

22/11 1716: Peder Jakobsen og Karen Iversdatter Tjensvoll, Lisbeth


Døde

5/1 1739: Rasmus Olsen Øvre Tjensvolls svigermor 13/2 1740: Rasmus Olsens barn,                            26/2 1751: eit barn, 18/10 1753: eit barn

21/3 1758: Peder Jacobsen, 90 år.

9/7 1763: Peder Pedersen, 39 år.

27/6 1768: Maren Iversdatter, Peder Tjensvolls enke, 77 år.

27/7 1771: Knut Tjensvolls datter, 11 år, 5/8 1771: datter 1 ½ år.

7/5 1774: Ragnel Knudsdatter Tjensvoll, 17 år drukna saman med Ingeborg Kristensdatter, 21 år, i Mosvatnet.

5/6 1778: Jens Knudsen Tjensvolds sønn, 1 år.

7/8 1779: Inger, Rasmus Tjensvolls enke, 67 år, fattig.

Trulova

3/9 1707 Povel Larsen Tjensvold og Johanna Endresdatter Hinna. Mannen Ole Olsen fall i 1706 i slag mot franskmennene.

23/9 1753: Peder Pedersen Tjensvoll og pige Maren Jonsdatter Gausel

Mannskapsrulle 1718

Peder Rasmussen N. Tjensvoll, 56 år, bygsel 1695, son Jacob Pedersen, 13 år.

Ole Rasmussen Ø. Tjensvoll, 50 år, bygsel 1709

Manntall 1749

N. Tjensvoll, Peder Jakobsen, 24 sp. skyld

Ø. Tjensvoll, Børge Vallentinsen, 11 sp. Skyld

Militærrulle 1673

9. leg: Olle N. Tiensvold

10. leg: Lars og Salmon Ø. Tiensvold

Odelsmanntal 1714, pk. 109

N. Tjensvoll: Mag. Jens Godzen                                                                                                  

Ø. Tjensvoll: Oppsitjar eig og brukar



Krigsstyr 1717 - 21

Ole Rasmussen Øvre Tjensvoll 1717 – 1721

Peder Jakobsen N. Tjensvoll     1717 - 1721         


1730, pk. 109

Peder Jakobsen N. Tjensvoll   24 sp.                                                                                      

Olle Rasmusen Ø. Tjensvoll   11 sp.

Jåttå skipreide 1756

N. Tjensvoll: ein oppsitjar, ingen husmenn                                                                                

Ø. Tjensvoll: Ein oppsitjar, ingen husmenn


Ekstraskatten 1764

N. Tjensvoll, selvejer: enken Maren Johnsdatter, Berthe Kirstine Olsdatter, tjenestepige, Thore Lassøn, innerst, fattig og vanhelset. <

Ø. Tjensvoll, selvejer: Knud Larssøn, Ragnille Larsdatter, Berthe Rasmusdatter


Pantebøker

Pantebok 1, Jæren og Dalane

1/7 1726, 57b: Peder Jacobsen Nedre Tjensvoll selde tre vetter landskyld i Vestre Bø til Torger Helgesen som Peder hadde kjøpt av madam Johanne Sl. Christian Jeger. Torger budde på eigedommen.

Pantebok 2, Jæren og Dalane                                                                                      

Tjensvoll, folie 445, skøyte

Pantebok 3, Jæren og Dalane                                                                                            

Halvor Svensen Tjensvoll, folie 498, 500

Panteregister Jæren og Dalane, 41AA a  og  b
Tjensvoll, 20/6 1761, f. 217
Sk. Birte Nyrup til Knut Larsen Tjensvoll 17/10 1761, f. 95
Auksjonsskøyte Tjensvoll, 23/6 1768, f. 451
Auksjonsskøyte til Laurits Smith, 29/10 1768, f. 457
Skøyte Knut Larsen til Ole Svendsen, 28/6 1776, f. 78
Sk. 11 sp frå Knud Knudsen til Ole Svendsen, 28/9 1776, f. 78
Skøyte Peder Pedersen til Jens Knudsen 18/1 1778, f. 150
Skøyte Laurits Smith til Peder Pedersen,1 pd, 20/1 1778, f. 750
N. Tjensvoll, p.obl. 7/1 1781, f. 279
Skifte Gjertrud Johannesdatter N. Tjensvoll, 24/11 1784, f. 599
Sk. Ole Svendsen Ø. Tjensvoll til Isak Hansen, 30/1 1786, f. 520
Skøyte Ole Svendsen til Isak Hansen, 30/5 1786, f. 320
Skøyte Tjensvoll, 20/11 1786, f. 643
Sk. Jens Knudsen Tjensvoll til Ole Olsen  12 sp. 20/11 1788, f. 643
Sk. Tollef Knudsen til Jens Knudsen Sveinsvoll 20/11 1788, f. 643
Sk. Tollef Knudsen N. Tjensvoll til Ole Olsen, 15/11 1796, f. 362
Skøyte og folge Ø. Tjensvoll, 21/6 1798, f. 465
Skiftebrev Isak Hansen Tjensvoll, 21/7 1798, f. 464
Skøyte til Reidar Olsen N. Tjensvoll, 11/7 1800, f. 45
Sk. Til Peder Johannesen 11 sp. + obl. 11/7 1800, f. 45
Obl. Reidar Olsen Tjensvoll, 11/7 1801, f. 158

                             

Jordavgifta 1802

Nedre Tjensvoll, ei kvart mil frå Stavanger. Kvart bruk 12 spann, avla 40 tønner på kvart bruk, åtte kyr, ti sauer og to hestar. Torvmyr for sal til Stavanger, tilstrekkeleg utmark, kvart bruk verdt 500 dlr. Brukarar: Ole Olsen og Reidar Olsen, sjølveigarar.

Øvre Tjensvoll, grensa til N. Tjensvoll. Eit bruk som avla 50 tønner korn, ni kyr, 15 sauer og to hestar. Knapt med torvskurd og lita utmark. Verdsatt til 500 dlr. Garden nett seld til ein mann som året i førevegen var heldig med sildefisket. Peder Johansen, sjølveigar.

Stavanger Borgerbok

Isak Hansen Grøden Øvre Tjensvoll, f. 1730, b. 18/2 1797 g.m. Christine Erichsdatter, Datter: Kirsten, f.26/7 1778,  d. 13/1 1815. G. 1806 m. John Rasmussen Ledaal, smed. Datter: Anna, g.m. Andreas Halvorsen Qvale, dro til Amerika.

Grimnes, 1910, s. 92: Strekningen frå Tjensvoll til Tasta er svært einsarta: Jordbotnen har over alt sandkarakter, og det er stort sett ikkje langt til fjellgrunnen som er fyllitt.

En by i kamp, s. 378: I 1791 fekk byen eit nytt markle ved vegen til Tjensvoll og Stokka.

Samlinger til Stavangers historie, bd. III, s. 7:2/9 1619 Rådhusrett: Anders Persen og Kirsten Andersdatter fra Nedenes hadde liggjande hjå Gjermund Tjensvoll eit brukt kledes kvinneskjørt, ei svart fløyels hue bremmet med «Oder», ei svart engelsk trøye, og eit blått «saiens» forkle, dessutan hans eigne klær, ein svart engelsk trøye og eit par svarte bukser.


Skifteregister 1824 – 1870 Panteregister nr. 41 AC2, 1824-1870

Øvre Tjensvoll    s.1110                                                                                                  

Nedre Tjensvoll  s. 1088

Utskifting av N. Tjensvoll                                                                                                    

Utskifting 6/4 og 0/4 1836, B3, f. 790                                                                            

Markaforretning mot Stokka, 19/10 1844, bd. 2, f.254,                                                    

Utskifting 1855, b. 5, p. 535

Utskifting 6/4 - 9/4 1836, B3, f. 790 etter forlik 3/10 1835 om å skifta or fellesskapet åker, eng, utmark og torvskurd.

Skiftelina starta i Øvre Tjensvoll-gjerdet og går så omtrent mot nord og følger øster gjerdet av haugen sør for husa hen til tvers ovenfor ledet østenfor låven til Ole hvor en sten er nedsatt. Linjen bøyer litt østligere etter nedsatte merkesteiner til utmarksgjerdet, herfra og over linjen omtrent mot øst og følger sistnevnte gjerde hen til litt østenfor klopledet.

Linjen vender atter mot nord over utmarka hen til den anlagte bygdeveg hvor en sten er satt ned. Linjen dreier atter østlig og følger søre kant av sist nevnte veg hvor ein stein er satt ned søndenfor veien og søndenfor det vesle svasangbetag hvorfra igjen linjen imot sydøst til en stor jordfast stein ved Mosvatnet.

All jord som ligg aust og sør for den her beskrevne linje skal tilhøre Erik Hauge likesom også den som ligger vesten og søndenfor linja skal tilhøre Ole Johannesen med unntakelse av utmarksteig som ble utlagt til Erik Hauge og ligger på den nordre kanten av gjerdet ved bøgjerdet. Denne teigen går fra veien og nord til Stokkaskiftet og er ved Stokkaskiftet tilfaldt E. Hauge og den søndre delen tilfaller Ole Johannesen, så blei Oles mark to torvteiger det ene beliggende sydenfor den anlagte mark .

Det landet var derfor samme og er avmerket med skiftesteiner, og skal tjene til torvspading for Erik Hauge så lenge det finnes noen så vel som i fremtiden når det atter måtte komme torv på disse stykker.

Det tillates begge ingen å kjøre over den andres mark med unntakelse av Erik Hauge har frihet til å kjøre over Oles utmark til torvstykkene som ligger i utmarka hans.Veien fra klagleet fram til den anlagte bygdeveien samt veien til kvernene og kåmen brukes heretter som hittil. Og Erik Hauge tillates fri vei fra Klagleet øster til sin egen utmark.

Enhver skal gjerde for sin egen eng, nemlig hvor hans eng støter til utmarka og i skiftelinja skal Ole gjerde fra Mosvandetog til veien og derfra vestetter 500 alen og den vestre arm av den nye geilens bøyining nedover myren hen til utmarka. E. Hauge gjerder fra klappleet nord til veien og deretter vestefter langs veien 80 alen og fra byledet langs veien så langt som hans markestykke rekker og derfra nord til Stokkaskiftet, samt den østre arm af den nye geil og halvdelen av den linja fra geilens bøyning ned til utmarka.

Gjerdene i den nye geil skal oppføres til to alens høyde gjennom åkeren. E. Hauge måtte forplikta seg til å flytta husa  til en tomt han hadde fått til formålet innan fem år.



Matrikkel 1838                                                                            

Løpenr Bruksnavn Eiers navn Skyld i Daler-Ort-Skilling Merknad
104 Tjensvold øvre Mauritz Mauritzen 2-4-18-338

Løpenr

Bruksnavn Eiers navn Skyld i Daler-Ort-Skilling Merknad
105 Tjensvold nedre Erik E. Hauge 3-0-16-376
106 Tjensvold nedre Ole Johannessen 3-0-16-376

Matrikkel 1886

Bruksnr Gammelt

løpenr

Bruksnavn Brukers navn Skyld i

Mark-Øre

Skyld i

Daler-Ort-Skilling

Merknad
1 240a, b Tjensvold nedre Nils Nordaas 3-87 1-2-2-0
2 240c Tjensvold nedre B. Hanson 0-45 0-0-20-0
3 240d Tjensvold nedre Arnt Moe 0-32 0-0-14-0
4 240e Tjensvold nedre Peder A. Birkedal 0-65 0-1-4-0
5 240f Tjensvold nedre Ole J. E. Hauge 0-49 0-0-21-0
6 240g Tjensvold nedre Nils Svalesen 1-16 0-2-3-0
7 240h Tjensvold nedre Ole J. E. Hauge 0-8 0-0-4-0
8 240i Myrblomsten Joakim Jakobsen 0-12 0-0-5-0
9 240k Kristianslyst Kr. Berentsen 0-4 0-0-2-0
10 240l Myrteigen Bendiks Hansen 0-13 0-0-6-0
11 241a, 246a Tjensvold nedre !! Larsen, Grosserer 1-58 0-0-13-0
12 241b, 246c Tjensvold nedre E. H. Johndahl 0-8 0-0-1-0
13 242a Tjensvold nedre Joakim Jakobsen 2-40 0-1-22-0
14 242b Tjensvold nedre Kristine M. Joakimsdatter 0-4 0-0-1-0
15 243a, 244a Tjensvold nedre Nils Larsen 3-17 1-2-4-0
16 243b, 244b Utheim H. J. Olsen 0-4 0-0-2-0
17 243c, 244c Utheim W. A. Eckhoff 0-16 0-0-9-0
18 243d, 244d Utheim Rasmus Aarre 0-10 0-0-5-0
19 243e, 244e Utheim Rasmus Aarre 0-10 0-0-6-0
20 243f, 244f Steinmyren Bendiks Hansen 0-63 0-1-10-0
21 245a Tjensvold nedre Enok Evensen 2-33 0-3-11-0
22 245b Tjensvold nedre Johan Baade 0-6 0-0-2-0
23 245c Tjensvold nedre Jon K. Aasland 0-77 0-1-4-0
24 245d Tjensvold nedre Simon Johannessen 0-8 0-0-3-0
25 245f Nyhaven Halvor H. Berge 0-4 0-0-1-0
26 246b Tjensvold nedre Halvor H. Berge 2-82 0-1-1-0


Bruksnr Gammelt

løpenr

Bruksnavn Brukers navn Skyld i

Mark-Øre

Skyld i

Daler-Ort-Skilling

Merknad
1 238a Tjensvold øvre Daniel Torsen 1-18 0-1-21-0
2 238b Tjensvold øvre Svend P. Opstad 1-24 0-0-12-0
3 238c Sannem Gudmund Assersen 1-12 0-1-12-0
4 238d Tjensvold øvre Thomas Villadsen 1-22 0-0-18-0
5 238e, f Tjensvold øvre Ole Larsen 1-36 0-1-4-0
6 238g Tjensvold øvre Ommund Torbjørnsen 2-38 0-3-18-0
7 238h Tjensvold øvre Erik Eriksen 1-20 0-1-21-0
8 239a Tjensvold øvre Henrik Asbjørnsen 1-95 0-1-6-0
9 239b Tjensvold øvre Lars Mauritsen 1-71 0-1-9-0
10 239c Tjensvold øvre Jon K. Aasland 0-89 0-0-17-0

Litteratur og kjelder

Rogaland historielags årsskrift 1923

  • Peder Pederson N. Tjensvoll, f. 1724,, d. 1763, g.m. Maren Jonsdotter Gausel, f. 1727, d. 1779. Barn: Peder, f. 1755, Åse

Rogaland historielags årsskrift 1924

  • R. A. Haaland, s. 56, Jærslekter:
  • Skifte etter 80-årige Kari Torgersdatter Nedre Tjensvoll i 1718, g.m. Jon Rasmusson Gausel.
  • Ola Person Nedre Tjensvoll, d. 1679, g.m. enka Marit Persdotter, Marit Torgersdotter N. Tjensvoll, g.m. Peder Revheim

Referanser

  1. Mellom anna Halvard Bjørkvik,        
  2. 1 spann = 7.72 kilo
  3. Rekna på grunnlag av matrikkelførelegget i 1668
  4. 1 kyrlag= ½ hest = 6 sauer
  5. Skifte 20/10 1675.
  6. Etter Jordavgifta 1802
  7. Sakefallslister for Jæren og Dalane, 1615.
  8. 1. bygsel 1615 for Jæren og Dalane, Lensrekneskapa.
  9. Tingbok for Jæren og Dalane, 1617.
  10. Lensrekneskapa for Jæren og Dalane, 1615
  11. Tingbok for JD, 12/2 1617
  12. TB.JD, 6/10 1634.
  13. Lensrekneskapa, fyrstebygsel Jåttå skipreide, 1643
  14. Hovedskatten 1645, lensrekneskapa for Jæren og Dalane.
  15. Ministerialbok nr. A 1 /1, Stavanger prestegjeld
  16. Folketeljing 1701
  17. Andreas Larsen:»Slegten Petersen von Fyren», Stavanger 1972, s. 9
  18. Pantebok 4, 1761 for Jæren og Dalane, f. 95
  19. TB.JD, 1650
  20. Lensrekneskap for JD, odelsskatt 1651 - 64.
  21. TB.JD. fjerdingstinget 6/2 1658
  22. Skifteprotokoll for JD, bd 2, f. 280 og 383.
  23. Skifteprotokoll for JD, bd. 2, f. 364
  24. Lindanger, 1983, s. 445