Če´vetjäu´rr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Če´vetjäu´rr kyrkje, b. 1951.
Foto: Motopark

Če´vetjäu´rr (skoltesamisk), Čeavetjávri (nordsamisk) eller Sevettijärvi (finsk) er ein innsjø og ei bygd i Inarin kunta i Lappi i Finland. Bygda ligg 35 km sørvest for Njauddâm (Neiden) i Sør-Varanger kommune i Norge og 120 km nordom kommunesenteret i Inari. Če´vetjäu´rr var eitt av dei fem haustseta for Njauddâm-siidaen. Da Sovjetunionen la under seg Petsjenga i 1944 vart dei fleste medlemmane av Suõ´nn´jel-siidaen evakuert hit, og i 1949 vart det etablert ei bygd her for Suõ´nn´jel-samane. Befolkninga i Če´vetjäu´rr er kring 350 og består av kring 90 % skoltesamar.

Kjelder og litteratur

Denne artikkelen trenger kjelder.