6591 Indresæter
Hopp til navigering
Hopp til søk
Indresæter pr. Kristiansund, frå 18. mars 1968 6591 Indresæter, var ein postekspedisjon og seinare postkontor på Innersetra i Sålåsundet i Aure kommune på Nordmøre. Postkontoret vart etablert den 1. juli 1895 i samband med dampskipsekspedisjonen på Innersetra og dekte matrikkelgardane Storsetra, Innersetra, Hals, Innerberg og Fjelnesdalen — same området som Hals skulekrets. Den første postopnaren der var Gjermund Øvrevik (1850-). Sonen hans, Edvard G. Øvrevik, var postopnar frå 1. november 1921. Tremenningen Johannes Berven tok over i 1947 og var postopnar fram til siste opningsdagen, tysdag den 29. februar 1972. Frå onsdag den 1. mars same året vart området lagt under 6590 Tømmervåg.
Kjelder og litteratur
- «6591 INDRESÆTER (nedlagt)» (Postmuseet, Maihaugen)