Øst-Telemarkens Automobilselskab

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Øst-Telemarkens Automobilselskab, ofte forkorta ØTA, var eit rutebilselskap med hovudkontor på Notodden i Telemark. Selskapet vart stifta forsommaren 1908, og er dermed eit av dei fyrste rutebilselskapa i Noreg.

Historikk

Initiativet til å stifte bilselskapet i Øst-Telemark kom frå Torgrim Mathiassen Kleppen i Sauland. Aksjeinnbydinga vart satt i gang 1. mai 1908, og det fyrste møtet i laget vart halde 26. juni same året. Den fyrste turen til rutebilselskapet vart køyrd 8. august 1908.[1]

I §1 i lagets lover heitte det: "Øst-Telemarkens Automobilselskab, hvis formål er transport av gods og personer fra Notodden og oppover bygdene i Øst-Telemarken er et uansvarleg selskap med en aksjekapital av kr. 23 000. Selskapets sete er Hjartdal tinglag. Aksjenes størrelse er kr. 100,- et hundre kroner -, hvorav halvparten skal innbetales når selskapet er konstituert, resten av aksjekapitalen kan innkalles etter beslutning fattet i selskapets årlige generalforsamling. Aksjene må ikke selges eller transporteres utan styrets samtykke".

I Teledølen onsdag 6. mai 1908 blei nyheten om automobilruta mellom Notodden og Sauland slått stort opp:

[...] Foreløbig tenkes lagt an på persontrafikk, i hvilken hensikt det vil bli anskaffet en vogn som rummer 9 personer. Det er etter initiativ av forh.v. stortingsmann T. M. Kleppen at det i nærmeste fremtid vil bli utstedt aktieinnbydelse til startelse av, som det står i nyhetsmeldingen, en automobilrute mellom Notodden og Sauland. Det vil for distriktets skyld være å ønske at planen kan vinne den fornødne tilslutning, så ruten kan komme i stand allerede fra sommeren av. Vognen vil bli således innrettet at den utenfor turisttiden kan benyttes til tranport av lettere varer, og videre gjør man regning med å overta postbefordringen. Aktiekapitalen tenkes satt til kr. 14.000, hvorav den ene halvpart tenkes tilveiebrakt innen distriktet, og den andre halvdel venter man å få av Skien-Telemarkens Dampskibsselskab, mot at selskapet derfor erholder aktier.

Automobilselskapet var det tredje rutebilselskapet som kom i drift i Noreg. Aarø Automobilselskap hadde starta opp ei rute mellom Molde og Batenfjorden den 12. mai 1908, medan Steinkjer og Namsos Automobilselskap hadde starta ruta si same sumaren. I heile landet fanst det berre 120 bilar i 1908.[2]

Den fyrste tida

Annonse i Kongsberg Dagblad 2. mai 1910.
Foto: Kongsberg Dagblad / Nasjonalbiblioteket.

I det fyrste styret til ØTA sat T. M. Kleppen og O. S. Haugen frå Hjartdal, A. O. Holla frå Heddal, og kjøpmannen Th. Th. Mørk frå Notodden. Den fyrste bilen i laget var ein Chairbank. Personbilen hadde 12 sete og kalesje. Seinare gjekk dei over til å bruke ein 7-seter. Trafikken gjekk berre om sumaren. Sesongen starta når snøen gjekk om våren og slutta når det ikkje var framkomeleg på seinhausten. Vegane vart ikkje brøyta på denne tida.

ØTA hadde den fyrste ruteturen sin mellom Sauland og Notodden 13. august 1908. Allereie 8. juli 1909 kom den fyrste irritasjonen over bussane frå dei som budde langs rutene. Klagene gjekk ut på skremming av hestar, og at åker og eng støva ned. Ein redaktør, som refererte frå ein tur med bussen, meinte at bøndene overdreiv klagene om at hestane vart skremt - på turen møtte dei visstnok mange hestar, og ingen av desse blei redde. Ruta Notodden-Tuddal vart starta i 1912, og til Hjartdal vart det rute i 1916. Frå starten måtte ØTA til Kristiania for å få sjåførar det fyrste året. I 1909 og 1911 blei to frå Notodden og Heddal "vognmenn". Fyrste lokale bussjåfør vart Kittil Øystul frå Sauland i 1912.[3]

Det var ikkje akkurat billig å køyre med rutebilen i den fyrste tida. Frå Notodden til Klokkarrud kosta det 1 kr, til Sollid 1,80, Ørvella 2,50, Sauland 3 kr og Tinnoset 5 kr. Dette var god løn for ein arbeidsdag. Selskapet skaffa seg også ein to-tonns lastebil, og med den kosta transporten av 100 kg gods 1,50 til Tinnoset.

I nyare tid

Selskapet fekk etterkvart eit større rutenett med Notodden som midtpunkt. Forutan lokale personruter i og rundt Notodden, vart det organisert lengre ruter til Seljord, Bondal, Bø, Kongsberg m.fl. i samarbeid med andre selskap. ØTA dreiv også ein del godstrafikk.

Tidleg på 1990-talet fekk selskapet oppretta ei rute til Oslo med éin avgang dagleg, men med ekstraturar i helgene. Ein milepæl i ekspressbusstrafikken regionalt og nasjonalt skjedde då selskapet fekk høve til å køyre timesavgangar på ruta Notodden – Kongsberg – Drammen – Oslo frå august 1997. Det var timesavgangar heile 24 timar i døgnet, og ruta fekk namnet TIMEkspressen. Den nemnde ruta har heile tida vore "linje nr. 1" i TIMEkspressen.

23. april 1998 vart selskapet solgt til NSB Biltrafikk AS. Dette selskapet skifta namn til Nettbuss i 2000. Konseptet TIMEkspressen er etter denne tida vidareutvikla til eit ekspressbussrutenett i ulike delar av landet, men fyrst og fremst i det sentrale østlandsområdet med Oslo som endepunkt for rutene.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
  • Mosebø, Halvor, "Dei gamle tuddalsbussane", i Hjartdal historielag, Årbok 2011, Sauland, 2011. Lenke til digital utgåve.

Referansar

  1. Mosebø, 2011, s. 9.
  2. Mosebø, 2011, s. 9.
  3. Mosebø, 2011, s. 11.