Aasmund Nordgaards veg
Aasmund Nordgaards veg på Dalen i Tokke kommune går nordover frå Hotellvegen til Storvegen og er 139 meter lang.
Vegen har namn etter bonde, byggmeister og stortingsmann Aasmund Nordgaard (1776–1864).
Aasmund Nordgaard vart fødd i 1776 på Gjersund i Morgedal og døydde på Dalen i 1864. Han hadde studert kanalbyggjing i Sverige og var den fyrste som lansera planar om kanalisering av vassdraget oppover i Telemark. Nordgaard var ei drivande kraft for byggjinga av Telemarkskanalen og var òg medlem i Vrangfoss-kommisjonen.
- Nr. 1: Trehus på to høgder, der forretningen Klesbua held til i fyrste.
- Nr. 6: «Austbø» med bustadhus der dei driv Dalen Bed & Breakfast.
- Nr. 12: Hus i Sveitserstil der Blomsterbua held til. Blomsterbua er ei privat familiebedrift som starta opp i 1981. Bygget fekk verneprisen i 1992 frå Tokke kommune.
Sjå også
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Aasmund Nordgaards veg 12: Om Blomsterbua.