Akantus

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Akantusranke i rosemåling frå Hovden i Setesdal.
Foto: Leonhard Jansen

Akantus er ei plante som særleg veks i Sør-Europa, Asia og Afrika. To av artane, acanthus spinosus og acanthus mollis, har frå 600-talet før Kristus vore nytta som utsmykning i kunsten. Grekarane nytta dei mellom anna i korintiske kapitél. Romarane tok til seg akantusen, og så har planta spredd seg som motiv i kunsten over store delar av Europa.

I Noreg var det særleg i den barokke kunsten tidleg på 1700-talet at akantus kom inn. Inspirert av mellom anna arbeida til treskjerarar som Lars Jenssøn Borg vart motivet teke inn i folkekunsten, der vi finn det både i rosemåling og i treskurd.

Litteratur