Alf Torp (1853–1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Alf Torp (1853-1916)»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Klipp frå avisa Indtrøndelagen 27. september 1916: utsnitt av omtale av bortgangen til professor Alf Torp.

Alf Torp (fødd 27. september 1853 i Stryn, død 26. september 1916 i Kristiania) var språkforskar, professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap frå 1894.

Familie

Alf Torp var son av infanterikaptein Frederik Adrian Svenning Torp (1816–1869) og Gjerthrud Mathilde Ravn (1830–1876). Han vart gift i 1897 med Jenny Marie Johnson (1873–1956). Han var bror til ingeniør Hjalmar Torp (1856–1922), og farbror til veisjef Alf Torp, arkitekt Leif Torp og arkitekt Ernst Torp.

Liv

Alf Torp vart cand.mag. i 1877 og dr.philos. i Leipzig tre år etter. Frå 1894 var han professor i sanskrit og samanliknande språkvitskap på Universitetet i Kristiania.

I 1890-åra arbeidde han særleg med lykisk, etruskisk og andre lite kjende språk. Sidan arbeidde han med dei germanske språka og gav ut Dansk-norskens lydhistorie (1898), Dansk-norskens syntax i historisk fremstilling (1900), Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog (to bind, 1903–06, omarbeidd og omsett til tysk 1910–11) og Gamalnorsk ordbok med nynorsk tyding saman med Marius Hægstad (1909). I dei siste åra utarbeidde han Nynorsk etymologisk ordbok (1919, ny utgåve 1963).

Ettermæle

Alf Torp er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2022)

Alf Torp er gravlagd i familiegrav på Vår Frelsers gravlund i Oslo.

Kjelder

  • Galdal, Peder: artikkel i Norsk allkunnebok band X. Oslo 1966.
  • Jahr, Ernst Håkon: Alf Torp i Norsk biografisk leksikon på snl.no. Hentet 2. januar 2022 fra https://nbl.snl.no/Alf_Torp