Alf Jacobsens Boktrykkeri

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Alf Jacobsens boktrykkeri)
Hopp til navigering Hopp til søk
Interiør frå Alf Jacobsens Boktrykkeri.

Alf Jacobsens Boktrykkeri blei starta i 1939. Trykkeriet låg i Storgaten i Brevik i noverande Porsgrunn kommune. Mottoet til verksemda var "Bedre trykksaker". [1]

Historikk

Alf Jacobsen overtok boktrykkeriet i 1939 frå Carsten Albretsen og Alv Kristiansen som hadde drive Albretsens trykkeri frå 1926. Før dette hadde Bratsberg Blad hatt tilhaldsstad i lokala, med A. Naper som boktrykkar. A. Napers trykkeri hadde frå byrjinga heldt til på Øvre Torv. Frå 1929 dreiv Albretsen trykkeriet alene, og i 1934 flytta han trykkeriet til sidefløyen for H. M. Albretsen i Storgaten i Brevik. Fem år seinare overtok Alf Jacobsen trykkeriet.

Jacobsen var utlært i Brevik, og hadde teke svennebrev i 1931. Han løyste handverksborgarskap i 1934. Utdanning hadde han frå teknisk aftenskule, kurs ved teknologisk institutt, forutan vanleg middelskuleutdanning. I 1938 fekk han stipend til studieopphald i Stockholm.

Boktrykkeriet til Jacobsen leverte hovudsakleg skjema, formularer og vanlege aksidensarbeid til industri- og handelsverksemder i distriktet. Verksemda sysselsatte ein svenn, ein læregut og ei hjelpepike kring 1950, i tillegg til Jacobsen sjølv. I 1961 flytta trykkeriet til nye lokalar på Øya i Brevik.

Arkiv

Arkivet etter Alf Jacobsens Boktrykkeri er ordna ved Telemark Museum. Sjå lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder

  • Sørensen, Johnny, Rusletur i Brevik, 2006.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 475