Arkeologisk utgraving i Eikefjord (1998)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lokalitet til utgraving i 1998

I 1998 utførte Arkeologisk institutt ved Universitetet i Bergen ei utgraving ved kyrkjegarden i Eikefjord sentrum, der dei fann spor etter aktivitet frå jernalderen, inkludert busetting, jordbruk og gravlegging. Dei avdekte 2200 m² og 78 forhistoriske strukturar

Eit av dei mest bemerkelsesverdige funna er ei flatmarksgrav frå vikingtida. Grava inneheld restar etter ei kvinne, og det er funne spor etter eit "dødehus" som var knytt til gravlegginga.

Grava er ein flatmarksgrav frå vikingtida utan overdekning, og den døde blei gravlagt i ei trekiste. Funna, som glasperler og redskapar knytte til tekstilproduksjon, tyder på at det var ei kvinnegrav. Alderen på grava er datert til tidleg vikingtid, rundt 800-1050 e.kr.

Grava var markert med fire stolper som trolig har støtta eit "dødehus", ei form for overbygning som var vanleg i vikingtida som del av gravritualet.

Grav med sentrum inne på kyrkjegarden

Grav med sentrum på kyrkjegarden

Det blei registrert eit halvmåneforma spor i undergrunnen på den nordlege delen av felt I, som dannar ein tydelig voll med nivåforskjell. Vollen ser ut til å markere eit område der fyll er gravd opp, og går over i ei 40 cm brei grøft med ei djupne på 10-20 cm.

Anlegget er vanskeleg å tolke, men det liknar på gravanlegg frå bronse- og jernalder med ringforma grøft. Eikefjordgrøfta har ein diameter på 16 meter, noko som samsvarer med storleiken på ein gravhaug. Det er sannsynleg at dette er restane av eit forhistorisk gravanlegg, truleg med ein jordhaug som ikkje er synleg i dag. Sentrum av haugen ligg utanfor utgravingsområdet inne på kyrkjegarden, og det er mogleg at sentralgrava er bevart.

Datering av anlegget er usikker, men det kan dreie seg om ei gravlegging frå yngre bronsealder eller eldre jernalder, som kan samanliknast med tuegravar med ringforma grøft.

Brønn

Brønnen er sirkulær med ein diameter på 3,60 meter, rund sidor og utflata botn. Den har ei djupne på 43 cm. Fyllet i brønnen består av fleire lag som er påverka av vatn, med innhald av silt og torvvekstar.

Flere av laga inneheld mykje silt, noko som tyder på at brønnen har hatt ståande vatn. Det er også teikn til steinpakking i botnlaget. Brønnen er mest sannsynleg open og knytta til busetting, truleg brukt til vatning av kreatur. Identiske brønner har blitt funne ved utgravingar av buplassar frå jernalderen.

Brønnen kan daterast til yngre romersk jernalder (160–375 e.Kr.) basert på 14C-prøve tatt frå brønnen.

Stolper som viser innhegning

Innhegning

I 1998 blei det funne åtte stolpar på felt I, som kan vere del av ein samanhengande struktur. Sjølv om stolpar ofte blir assosiert med bygningar, er det lite truleg at dette dreier seg om ein bygning. Arealet som er innramma er 18 x 12 meter, og ein huskonstruksjon her ville truleg ha krevd ein sterkare stolpekonstruksjon. Det er derfor meir sannsynleg at det dreier seg om ein dyreinnhegning, der til dømes sau kan ha vore gjerda inn. Denne innhegninga kan stamme frå eldre jernalder (ca. 500 f.Kr. – ca. 570 e.Kr.).

I same området er det også tre grøfter som dannar eit samanhengande system. Grøftene er fragmentariske, men tyder på å ha ramma inn eit aktivitetsområde, sannsynlegvis knytt til ei busetting og eit dyreinnhegning. Grøftene er bevart i 4-5 cm djupne og kan ha vore ein del av eit større system i området.

Gruver

Det er avdekka fire ulike gruver under utgravinga, som representerer aktivitet knytt til ei busetting. Gruvene kan ha vore brukt til matlaging, produksjon eller handverk. Gruvene, som består av samansett fyll og brannfyll, er jamt spreidd utover felt I, men med ei konsentrasjon sørvest for midten av feltet. Kokegruver ser ut til å unngå det sentrale området, medan eldgruvene er konsentrert her. Gruvene er typiske for busettingar frå eldre jernalder, der slike anlegg samlar seg i aktivitetsområde. Det at gruvene ikkje er tilfeldig spreidde, tyder på at dei tilhøyrer den same busettinga.

Dyrkingsspor

Spor etter forhistorisk oppdyrking er funne i felt II, med eit større område med ardspor sentralt i feltet, fordelt over to dyrkingslag. Under dyrkingslaga fann ein ardspor med parallell pløying. Pollenprøver frå fem lag i profilen viser at dyrkningslaga stammar frå yngre jernalder og mellomalder, med aktivitetar som bygg- og havredyrking samt engvegetasjon, trolig beitemarker og slåttenger.

Ugrassamansetninga tyder på næringsfattig og surt jordsmonn. Prøvene viser små endringar, noko som kan indikere ulike faser i dyrkinga. Bygg og havre blei dyrka både i yngre jernalder og mellomalder, men rug blei ikkje dyrka i Eikefjord i desse periodane.

Polleninnhaldet tyder på at det var ei åker omgitt av enger, og det opne kulturlandskapet var etablert før dyrkinga starta.

Full rapport finn ein hos Universitetet i Bergen. Den arkeologiske rapporten er utarbeidd av Søren Diinhoff, medan den botaniske rapporten er utarbeidd av Kari Loe Hjelle.

Kjelder og litteratur

Koordinater: 61.5870984° N 5.4625477° Ø