Atlanterhavstunnelen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Atlanterhavstunnelen er ein undersjøisk vegtunnel mellom Averøya og Kristiansund. Han vart opna som ein del av fylkesveg 64 den 19. desember 2009, og går som ei fortsetjing nordover av Atlanterhavsvegen.

Tunnelen er 5779 meter lang og kring 250 meter djup. Den største stigninga er 10 %, så tunnelen er brattare enn det EU sine standarder normalt tillet.

Bygginga starta i 2006, og skulle vere klar i 2008. Det tok eit år meir, på grunn av dårleg kvalitet på fjellet. Den 29. februar 2009 gjekk eit ras nær det djupaste punktet, noko som førte til at ein måtte støype for å få kontroll. Gjennomslaget kom den 19. mars 2009. Tunnelen er gratis frå og med 1. juli 2020.

Litteratur

Koordinater: 63.125590° N 7.724867° Ø