Auglend (Stavanger gnr. 18)
Auglend er ein matrikkelgard i Stavanger kommune. Garden låg tidlegare i Hetland kommune, og var òg der gardsnummer 18.
Det var i 1886 ti bruksnummer på garden.
Gardshistoria
«i dalen opunder Ullanhaugs østlige side»
Gardsvaldet til Auglend kan delast i to om lag like store område: Den vestre delen som ligg i skråninga ned frå Ullandhaug i nordvest og Snårehaugen og Auglendsberget i sør. Med sine 112 meter over havet er også Auglendsberget det nest høgaste punktet på garden mot Snårehaugen sine 104 meter. Dessutan når garden 114 meter opp i skråninga av Ullandhaug. Ved foten av og aust for desse to høgdedraga i vest og med 65 meter høge Åsen i aust låg det gamle tunet kring 40 meter over havet. Innmarksområdet kring det gamle tunet er for det meste skrånande og såleis sjølvdrenerande.
Heile gardsvaldet er på snautt 2000 dekar der den nedre delen som kom til å omfatta Kristianlyst og Mariero utgjer kring helvta.
I Søelegd
Garden hadde også om lag 800 meter strandline i aust mot Gandsfjorden. For bøndene i det gamle tunet var det likevel ein dryg tur på 1400 meter ned til gardsstøa i «Bruevigen». Difor vart garden også omtala som «i Søelegd» i manntala på 1700-talet og hadde alt sidan 1600-talet både naust, båt og støer her nede.
Grenser
Gardsgrensa i sør starta straks sør for Lyngneset og fylgde den nåverande Nesflåtveien opp til riksvegen og vidare mot vest over det høgaste Auglendshøyden og Snårehaugen og heldt fram straks over søre utløpet til Auglendtunellen til «stabstoa» mellom Hinna, Ullandhaug og Auglend. Denne grensa mot Hinna er nær to kilometer lang.
Sidan svingar grensa mot Ullandhaug 700 meter strakt mot nord for ved tunet til bruk 180 å svinga ein kilometer nordaustleg til skiftet mellom Ullandhaug og Hillevåg ved rundkøyringa til Auglendsmyra markert med stabstoa «Ørnasteinen», grensesteinen mellom dei tri gardane. Herfrå gjekk skiftet mot Hillevåg, tidlegare Bispeladegården i rett line 600 meter til sjøen innanfor Krågeskjeret.
Sidan folk i steinalderen helst hadde bustad ved stranda, har det venteleg vore steinalderbuplassar på garden.
Tunet
Det opphavlege tunet låg altså i nordaustskråninga ned frå Auglendshøgda med Ullandhaug i nordvest. I denne skråninga er jorda naturleg sjølvdrenerande. Jordlaget er brukbart djupt og fjellgrunnen er kvartsfull fyllitt som smuldrar lett og vert rekna som særleg fruktbar.
Elles liver Hinnaberget og Ullandhaug mot sørvestlege og nordvestlege vindar, men garden låg ganske ope til for austlege og nordaustlege vindar. Gardsvaldet elles skrånar jamt mot aust ned mot Gandsfjorden.
Namnet
Gardsnamnet Auglend tyder «tillagt rydningsland» - «auka land». Det er eit ganske vanleg namn, berre i Rogaland er det 16 gardar med dette namnet.
Dette er eit «land»-namn og vart difor truleg rydda og delt frå ein gong i folkevandringstida. Dette trur me sjølv om det korkje finst att registrerte gravhaugar, hustufter eller andre faste fornminne frå førkristen tid.
Ut frå namn, lægje og storleik trur me likevel at garden i det minste har vore busett i 1500 år. Han vart då delt frå ein av nabogardane, mest truleg Hinna eller Eiganes. Den eldste skrivemåten, er Wgland frå 1567. I jordeboka Grågås frå kring 1620, men med røter tilbake til mellomalderen, vert garden kalla Auckeland og Øukland og fogderekneskapa oftast Øglende.
Gardar med «land»- namn reknar ein altså til vanleg til førkristen tid, helst då til før 550 e.Kr. då det truleg fann stad ei omfattande avfolking på Jæren og hundrevis av gardar vart fråflytta. I dag peikar ein gjerne på ein omfattande pestepidemi som årsak til avfolkinga. [1]
Fleire øydegardar?
På Auglend var det altså minst ein gard – kanskje to – i folkevandringstida. Den eine låg ganske sikkert der tunet til Auglend-garden låg i nyare tid, den andre kan ha lege nede ved «Bruvigen» der det sidan midt på 1600-talet var ein husmannsplass som stundom vart rekna som eigen gard. Det var også i dette området me sidan fekk gardane Kristianlyst og Mariero.
Desse områda låg så nær byen og vart så tidleg dyrka, at mogelege fornminne, jamvel gravhaugane, kan vera rydda bort. Dette er det likevel ikkje handfaste prov på. Me kjenner elles berre eit lausfunn, ei vespestadøks frå yngre steinalder.
Kyrkjeleg eigar
Ut frå det me veit om garden i tidleg nyare tid, er det rimeleg å tru at det også budde to bønder her før Svartedauden. Det fyrste me veit om garden, er at han i høgmellomalderen høyrde til dei geistlege, truleg katedralskulen i Stavanger.
I 1319 oppretta Håkon V Magnusson Vagle prebende med gardane Auglend, Vagle, Adsem, Nedre Trones og Birkeland i Sauda og Landa i Vats. Eit prebende var ei samling jordeigedommar der inntektene gjekk til ein eller annan kyrkjeleg institusjon, kanskje katedralskulen.
Mannedaude og byen
Hausten 1349 råka den store mannedauden – den fyrste omgangen med pest – Auglend og distriktet elles. I løpet av åra som fylgde og fleire nye rundar med pest vart Auglend likesom grannegardane Eiganes, Hinna, Ullandhaug og Øvre og Nedre Tjensvoll avfolka. I det heile var altså Auglend ein gard i eit belte av gardar kring Stavanger som vart avfolka. Mellom Stavanger og Jåttå var det såleis ikkje ein einaste busett gard kring 1520.
Felles for desse gardane var også at dei hadde geistlege eigarar. Det låg avfolka, men venteleg var det noko drift som avlsgardar med tenestefolk frå byen.
Nokre av åkrane var nok framleis i bruk, og ein del av innmarka var beitemark. Men bygningane rasa saman, og med tida var det berre tufter att.
Rekna etter landskylda fyrst på 1600-talet, var Auglend med sine 18 spann korn mellom dei minste gardane i Hetland. Såleis låg både Gausel og Stokka på 72 spann korn landskyld medan Jåttå og Øvre Tasta hadde 144 spann landskyld. Ullandhaug var på si side verdsett til 30 spann korn.
Fallande avgifter
Utan busetnad fall landskylda til berre seks spann kornskyld midt på 1500-talet. Svara dette til kva som var vanleg for gjennomsnittet av avfolka gardar etter Svartedauden, kan landskylda i høgmellomalderen ha lege på nærare 60 spann korn, kring 460 kilo årleg, i avgift til anten skulen eller geistlege i Stavanger. Det svara til femteparten av åkerproduksjonen i 1723, ein vanleg andelen av åkerproduksjonen som gjekk til landskyld før Svartedauden. I 1567 var også leidangen på 4 album, ein mynteining som svara til 1/3 skilling. Mindre kunne det mest ikkje vera.
Kongen tek og gjev
I 1537 vart elles reformasjonen gjennomført og førde til at kongen tok over eigarskapen til Vagle prebende som også omfatta Auglend.
Men dei kyrkjelege institusjonane trong også i luthersk samanheng inntekter, og Vagle prebende vart difor etablert som inntektskjelde for ymse geistlege. I mai 1574 kom det såleis brev frå kongen til biskopen om at Vagle prebende skulle gjevast til sokneprest Peder Jensen i Høyland i samband med hans funksjon som kapellan ved domkyrkja i Stavanger. Der skulle han sitja i domkapitlet, eit utval av fem lokale prestar som i lag med biskopen handsama viktige geistlege saker.
Den fyrste øydegardsmannen
Heile 1500-talet vart Auglend etter alt å døma liggjande utan busetnad – heilt fram til kring 1602. Den fyrste som tok opp att garden, var ein kar som heitte Ola. Rett nok vert han fyrst nemnd som avgiftsytar i 1605, men det heitte at den som dreiv med attrydding av ein øydegard, fekk dei fyrste tri åra skattefritt.
I 1605 betalte han to spann korn – drygt 15 kilo – i kongstiend. Det utgjorde då fjerdeparten av tienda og heile kornavlinga skulle såleis liggja på kring 600 kilo – som nok er eit minimumstal.
I åra som fylgde ser det ut til at han var den einaste brukaren på garden og ytte skatt i skatteklasse som øydegardsmann. Det vil seia at han berre betalte ein brøkdel av kva vanlege bønder betalte i skatt.
Rom for to?
Men det var tydeleg at det var rom for to bønder på garden, for alt frå 1613 vart garden delt mellom Ola og Torger. Som øydegardsmenn heldt dei fram med å betala halv skatt. Desse to sat ikkje særskilt godt i det økonomisk, stadig laut dei for retten for gjeld dei skulda.
Fyrste gongen me møter Ola på tinget, er i 1613. Då vart han stemd både av Eivind Sveinsvoll og Gunnar Ølberg, men let vera å møta. For dette bøtte han for kvart stemnefall ein mark sylv.
Udarmede
Økonomisk sto det nok heller ikkje så bra til for Torger. Vinteren 1619 var ei viss Gønett Skått etter han for tri mark han skulda henne. Det heile enda på tinget der Torger vart dømd til å betala henne i løpet av året. Fire år etter var det grannen Ola sin tur. Vinteren 1623 vart han dømd til å betala att Tarald Hegre ein dalar og 12 skillingar.
Trass i at Auglend alt tidleg på 1600-talet var postgard, var det smått stell her. Mellom anna vart det rekna som ei ulempe å liggja i alfarvegen. Fram mot 1630 vart dei i skatterekneskapa rekna som «forarmede» og stundom jamvel «udarmede».
Torger fall etter kvart ned i skattegruppa «Forarmet», men betalte likevel berre halv skatt i denne skatteklassen. Kring 1630 vart bruket hans delt slik at han beheldt ein part på Auglend medan det etablerte seg ein brukar, Børild Jensson, i «Bruvigen», nede ved sjøen om lag der Mariero sidan vart etablert. I 1632 heiter det om Torger at han var så lut fattig at han ikkje hadde råd å svara skatt i det heile. Det hende også at han, som i 1636, vart stemd for tinget for skatterestansar. Eit par år møtte han som vitne i ei arveskiftesak etter Jens Hinna. Sidan vart han rekna som fattig fram til kring 1640 då den 30 år gamle sonen Jon heldt fram som bonde.
Også Ola vart rekna som fattig, og han vart siste gongen nemnd som brukar i 1630. Sidan tok eigaren, kapellan Jacob Pedersen i Stavanger over og dreiv denne parten som avlsgard fram til kring 1640 då 32-åringen Einar Torkelsson tok over.
Mot betre tider
Sidan dreiv Jon og Einar garden til i 1675. I 1668 meinte styresmaktene at landskylda på garden var for lågt sett og foreslo å auka henne frå 18 til 24 spann – som det likevel ikkje vart noko av. Mellom anna slo kommisjonen som vurderte garden at både åker og eng var bra, her var bra med utmark og ei god torvmyr.
I alt spadde dei to bøndene 24 dekar åker og hausta rundt eit tonn korn, for det meste havre – kvar. Når dei så laut leggja til sides ca. 200 kilo til såkorn, 70 kilo til landskyld og 30 kilo til skattar og andre avgifter, var det att rundt 650 kilo til mat. Det skulle vera nok til å brødfø fire – fem personar gjennom året. Elles vart det registrert at dei åtte ein hest på garden og dessutan 13 kyr.
Huslyden til Einar utgjorde i det minste åtte personar: Kona Magla Olsdotter og seks born. Sameleis var det hjå Jon. Med kona Malena Nilsdotter fekk han i det i alle fall seks born.
Frå 1672 og fram til 1696 vart distriktet stadig råka av heftige epidemiar som pressa ned folketalet. Mellom anna vart både kona til Jon – Malena - og Einar rivne bort hausten 1675.
Fattig og rik på Auglend
Det vart halde skifte etter begge desse, og det viste seg at det var ganske stor skilnad mellom dei to familiane. Medan det hjå Jon vart registrert ei formue på berre snautt 14 dalarar, svara bruttoformua etter Einar til nær 115 dalarar. Og etter årets haust hadde dei eit lager på 1,8 tonn korn. Buskapen var også langt meir omfattande enn det gjekk fram av matrikkelen 1668: Hest, ni kyr, seks ungfe og 18 sauer! Eit vitnemål om overskot, var eit sylvbelte verdt 14 dalarar!
I 1675 var både Einar og Jon godt oppe i 60-åra, og tida var inne for nye folk til å ta over. Bruket til Jon var fattigsleg, og det enda med at det vart slege saman med nabobruket som nå Ola, son til Einar og Magla, tok over. Med det vart heile Auglend samla i eit bruk. Og slik skulle det halda fram gjennom heile 1700-talet.
Han gifta seg fyrst med Elisabet Nilsdotter frå Jåttå. Då ho døydde kring 1700, gifta han seg opp att med Guri Endresdotter. Til saman fekk han åtte born i dei to ekteskapa. Både Guri og Ola døydde våren 1712 og let etter seg åtte born i alderen 2 til 22 år. Under desse berre auka velstanden, og då dei døydde våren 1712 hadde dei ei formue på 203 dalarar.
Dette paret var det fyrste på garden som skaffa seg bileggjaromn, venteleg bruka dei åre tidlegare. Dei heldt bygningane i god stad, berre fjøset og ei bu var forfalle og laut vølast.
Mellom anna åtte dei sylvskeier, eit sylvkjede, eit par gullringar og ei sylvskål vitnar om overskot. Dei var også godt rusta matvegen for eit nytt år, 3,1 tonn (51 tønner) korn hadde dei på lager.
Når det galdt buskapen var det ikkje så store endringar: ti kyr, fem ungdyr, eit par hestar og eit føl, ti sauer og eit par grisar. Men attåt hadde dei inntekter av fiske – Auglend grensa jo til sjøen sjølv om stranda låg eit stykke unna. Der hadde dei mellom anna både naust og båt – ein færing.
Postgard
Sjølve gardsproduksjonen kan vanskeleg forklara at det var så pass velstand på garden. Men i matriklane, mellom anna i 1723, vert det streka under at dette var ein postgard med dei gode inntektene det innebar. Det var bonden sjølv som då sto for føringa av posten og attåt hadde han ein postdreng til å hjelpa seg, anten ein son etter ein tenestegut.
For Auglend låg ved allfarvegen som gjekk frå Stavanger over Auglend og Ullandhaug og vidare sørover Jæren. Alt i 1613 var difor Auglend postgard og det låg på bøndene her å skaffa folk som kunne transportera den kongelege «breff drager» - postføraren. Såleis hadde Torger bede Jens Hinna om å stå for frakta, men utan at Jens møtte. For dette vart Jens straffa med ein dalar.
I 1662 fekk Stavanger sin eigen postmeister, Lauritz Flidtz, og postrute sørover Jæren. Fyrst gjekk ruta frå Stavanger over Auglend og Ullandhaug postgard vidare til postgarden på Lura. Men brukarane på Auglend var ikkje nøgde med å dela ansvaret for å skyssa posten med Ullandhaug.
Fram mot midten av 1700-talet kom det stadig klager frå postbonden på Auglend over at Ullanhaug var ueigna som postgard. Nils Auglend klaga over at postbonden på Ullandhaug fekk dobbelt så mykje for skyssinga trass i at dei skyssa like langt.
Kammerråd Ebbel brukte då Ullandhaug som avlsgard og han og Nils Auglend skyssa posten frå Stavanger postkontor til Lura kvar si veke, kvar med sine postdrengar.
Nils viste også til at Ullandhaug ikkje berre låg langt frå postvegen med ein bratt bakke både opp til og ned frå garden, men at eigaren heller ikkje budde der sjølv. I staden budde berre ein husmann på garden. Nå tilbaud Nils Auglend seg å skyssa posten åleine, og det vart difor rådd til at Ullandhaug vart avvikla som postgard.
Slik gjekk det også, i 1753 vart Ullandhaug nedlagt som postgard og Auglend tok over åleine.[2]
Krevjande tider for Per og Lisbet
Som nemnt døydde altså Ola og Guri Auglend våren 1712. Bygselbrevet gjekk då over til den 21-årige dottera Malena som same hausten gifta seg med enkemannen Peder «Per» Ommundsson frå Jåttå. Han hadde tidlegare vore gift med Lisbet Nilsdotter. I løpet av dei 21 åra som fylgde, fekk dei ni born i lag, fem gutar og fire jenter.
Paret heldt fram som dei einaste brukarane på Auglend. I deira tid skal åkeren ha vore ganske frodig. På dei 20 måla dei spadde, hausta dei drygt to tonn korn. Og for kvart kilo dei sådde, fekk dei att 6,8 kilo, godt over gjennomsnittet elles på Nord-Jæren. Elles var buskapen deira om lag som hjå forgjengaren: 13 mjølkekyr, åtte sauer og eit par hestar. Dessutan låg husmannsplassen Bruvik under garden.
Økonomien deira var kanskje ikkje så solid som hjå foreldra hennar, i alle fall laut dei i 1733 låna seks dalarar av Jakob Osmundsen i Stavanger. Dei fekk vanskar med å betala summen tilbake, Per vart sjukeleg og lånte mellom anna seks dalarar av Jakob Osmundsson i Stavanger. Broren Isak Nilsen møtte i staden på tinget, og saka vart utsett. Då Per døydde hausten 1742 , svara alt han åtte til berre 31 dalarar, medan gjelda var 109 dalarar. Mellom anna resta han 49 dalarar på landskylda – leigeavgifta for garden. Dessutan sto alle bygningane på garden til forfall, og takstmennene meinte det ville kosta 48 dalarar å setja dei i brukbar stand! Heile buskapen var ein blakk hest, tri kyr og ein kalv og i bingen var det snautt 300 kilo korn. Det var såleis ikkje noko å arva for born og enke.
Nye folk og ny framgang
Slik situasjonen var, var det ikkje uventa at nye folk tok over garden. Nils Phanuelsen frå Åreskjold i Høyland gifta seg hausten 1739 med Eli Ådnesdotter, enke etter Rasmus Olsen på Jåttå. Paret fekk sonen Ådne og elles hadde ho med seg to born frå det førre ekteskapet.
Nå var det dette paret som tok over som brukarar og postbønder på Auglend. Som me har sett, var det også Nils som tok initiativet til å verta kvitt Ullandhaug som konkurrerande postgard. Ved det, fekk han også auka inntekter som postbonde.
Elles sat dei nokolunde brukbart i det. Mellom anna arva Eli 16 spann landskyld etter den førre mannen sin i i Indre Lima i Gjesdal. Då Eli døydde sommaren 1771, hadde familien ei samla formue på 193 dalerar. På den andre sida hadde dei ei gjeld på 61 dalerar.
Naust, båt og glip
Også her var det litt overskot med eit par gullringar, seks sylvskeier og ei sylvskål. Nils reiste seg smie og nede ved sjøen låg båten hans i naustet med segl og spri. Dessutan åtte han fiskereiskap, mellom anna ein glip. Når det galdt husdyrhald og åkerbruk var det om lag som før: Eit par hestar, 16 kyr og 13 sauer.
Då Nils vart enkemann, overlèt han garden til sonen Ådne. Året etter at mora døydde, gifta han seg med 22-årige Berta Andersdotter frå Øvre Austrått i Høyland prestegjeld. Paret fekk sidan fire born, to gutar og to jenter.
Ådne fekk same sommaren som mora døydde bygselbrev av Lauritz Smith som styrte dette jordegodset på vegne av Kristiansand lektorat. Leigeavgifta var 18 spann – 139 kilo – korn. Men ved desse tider vart landskylda betalt i pengar.
Nils vert folgemann
Dessutan laut Ådne gje faren folge: Årleg 180 kilo havre, 46 kilo bygg, 46 kilo malt og 17 liter rug. Vidare skulle Nils ha mjølka av to kyr og Ådne skulle fø seks sauer for han. Endeleg fekk Nils rett til fritt hus, lys og varme og sømeleg gravferd nå så langt lei. Nils levde sidan sju år som folgemann og døydde i 1778.
Det var i Ådne og Berta si tid at garden fekk ein verdsleg eigar. Det skjedde hausten 1796 då apotekar Zetlitz kjøpte garden. Det var også i deira tid, som me vil sjå, at områda ned mot sjøen vart skilt frå garden.
Sidan midt på 1700-talet vart åkervidda meir enn dobla frå kring 20 dekar til 48 dekar. Men etter takstmennene si vurdering, var folltalet minkande frå 6,8 kilo avling per kilo såkorn i 1723 til fem kilo i 1803. Det innebar at Ådne og Berta år om anna avla kring 3,5 tonn korn.
Meget god efter dens Skyld
Heile garden vart ved dei tider, i 1803, og medrekna Kristianlyst og Mariero vurdert til 1980 dekar. Heile innmarksområdet rekna dei til om lag åttandeparten, det vil seia 256 dekar. Av dette att var 192 dekar eng og 64 dekar åker. Underleg nok heitte det framleis i 1803 at dei to lyststaden Kristianlyst og Bruvik (Mariero) framleis låg som husmannsplassar under Auglend og betalte avgift til bonden der. Eller som det heiter i kommisjonsprotokollen frå 1803 om Auglend og villkåra for Ådne: «Meget god efter dens Skyld, og end betragteligere formedels de dessuden underliggende skiønne Pladse Brudvigen og Christianslyst».
Generelt er det tydeleg at Ådne og Berta hadde oppnådd ein viss status i bygda. Både var han postbonde som i seg sjølv ga prestisje, han vart også utnemnd til forlikskomissær.
Ådne heldt sidan fram som einebonde på Auglend til han døydde i 1816. Sjølve Auglend vart då delt i to jamstore partar med Peder Salomonsen på den eine og gjesdalsbuen Peder Pedersen Ravndal og kona Herborg Nov på den andre.
Etter at Peder Pedersen døydde i 1830, heldt enka fram drifta på bruket nokre år til i 1834 då Johannes Olsen tok over denne helvta av garden.
I 1838 selde så Johannes 2/3 av bruket sitt til Einar Thorsen, og frå då av var det tri brukarar på Auglend. Talet på brukarar på Auglend auka sidan til ti i 1886 og til 11 i 1906.
Bruvik
Frå gard til plass
Børild Jensson bygsla «Bruvigen» kring 1630 og han var då om lag 34 år gammal. I skattelistene vart han rekna som heilt utarma utan evne til å betala skatt. Bruvik vart midt på 1600-talet rekna som eigen gard og nemnd i manntalet frå 1664 i gruppa av øydegardar. I 1664 var Jens Larsen bonde i «Bruvigen», men landskylda gjekk til enka etter den tidlegare lektoren ved skulen, Karen Jensdotter.
Sist på 1600-talet vart Bruvik på ny lagt under Auglend og slutta å betala skatt som sjølvstendig gard. I staden vart stykket lagt inn som husmannsplass under bøndene på Auglend med dei pliktene som då fylgde husmannen. Ein gong kring 1700 flytta difor Johannes hit og fekk feste som husmann. Han var født kring 1670 og var son til Jon i Madlalia. Før han tok over på plasset, hadde han segla som sjømann. Han sat sidan med plassen til kring 1730. Her sådde han 45 kilo havre og hausta 200 kilo. Det vil seia at folltalet låg på 4,5, monaleg lågare enn gjennomsnittet elles i Hetland på seks foll. Vidare åtte han eit par kyr og seks sauer.
Byfolka tek over
Johannes døydde ein gong i 1730-åra. I 1762 kjøpte storkjøpmannen Henning Smith plassen for 230 dalerar av Anna Sophia Giedde. Han budde her ikkje sjølv, men dreiv han frå Stavanger med hjelpt av tenestefolk. Dette året var mannskapet tenarane Sven Torsen og Gunhild Olsdotter og vesle 15-årige Gunhild Olsdotter som gjætarjente.
I januar 1790 fekk Asbjørn Tollefsen festebrev på husmannplassen Bruvigen av Berdines Samuelsen. Så lenge heldt han ikkje fram som husmann, alt i 1792 tok Zetlitz over og let stykket verta drive av tenestefolk.
Kristianlyst
I 1789 starta så arbeidet med å utvikla Kongevegen til ein køyrbar veg sørover Jæren, det var starten på «Den Vestlandske hovedvei». Den velståande apotekaren Christian Magnus Zetlitz var heilt sentral i dette arbeidet og ei viktig årsak til at ein lukkast, mellom anna på grunnlag av dei store diplomatiske evnene han hadde når det galdt å få bøndene positive til prosjektet.
I denne samanhengen er det interessant at Zetlitz i april 1792 fekk festebrev av Gabriel S. Kielland – som forvalta Auglend på vegen av lektoratet i Kristiansand - på eit utmarksstykke ned mot husmannsplassen – nett eit område som den nye vegen skulle passera. Her ville Zetliz etablera lystgård og namnet på dette stykket måtte sjølvsagt verta «Kristianlyst». Fire år etter, i november 1796, fekk han også skøyte på stykket. Samstundes kjøpte han også opp åtte spann i garden Auglend for 1021 dalarar. Med det åtte han om lag halve garden. Kort tid etter kjøpte han også resten av Auglend og vart eineeigar av heile garden.
«Eyeren meget at oprydde»
Heilt frå han tok til å kjøpa seg opp, la Zetlitz mykje arbeid i å dyrka opp dei nye områda ned mot sjøen: Kristianlyst og Bruvik. Han reiste lystgård på Kristianlyst med hovudhus og driftsbygningar og budde der med familien i sommarhalvåret. Med den nye køyrevegen var ikkje byen langt unna. Til å driva Kristianlyst, hyrte han inn tri tenarar, ein mann og to damer.
Apotekaren la ned mykje arbeid i å dyrka opp dei to plassane. I jordbrukskommisjonen frå 1803 heitte det at Zetlitz kunne visa desse to skjønne husmannsplassane Bruvik og Kristianlyst som det hadde kostet «Eyeren meget at oprydde».
Det var heller ikkje småtteri kva som hadde vakse opp langs den nye køyrevegen. I Bruvig utgjorde bølingen nå ein hest, ti kyr og 40 sauer mot to hestar og tolv kyr på Kristianlyst. For å koma meir i samsvar med resten av garden, vart landskylda på Kristianlyst sett til 4 ½ spann, Mariero til 4 ½ spann korn og resten av Auglend til ni spann korn.
Kristianlyst og Mariero var altså fullt på høgd med hovudgarden på Auglend, der Ådne og Birte rådde over to hestar, tolv kyr og 40 sauer, ikkje stort meir enn på den tidlegare husmannsplassen Bruvigen. Sjølvsagt hadde også garden stykket tilstrekkeleg torvskurd og attåt ei svært stor utmark.
Då Christian Magnus Zetlitz døydde i 1825, vart bruket seld og alt i 1828 delt opp i fleire mindre bruk. I 1838 var her såleis 13 grunneigarar. Hovudhuset vart rive, men murane sto att. Det vart sidan lagt tak over murane som fyrst vart rivne i 1988.
Mariero
Hans G. B. Sundt var født i Egersund i 1768, men mista begge foreldra då han var ganske liten. Han vart då adoptert av stavangerkjøpmannen Ole Smith Ploug i Stavanger og flytta dit. Då fosterfaren døydde i 1792, tok Hans over firmaet og bygde det vidare opp mellom anna som reiarlag.
Som andre innan det velståande borgarskapet i Stavanger, ynskte også Hans og Maria seg ein lystgard straks utanfor Stavanger. I februar 1801 kjøpte Hans G. B. Sundt difor Bruvigen og døypte plassen straks om til Mariero etter den andre kona si, Maria Diurhuus.
Då dei kjøpte her, var det eit heller øyde landskap prega av lynghei og myrer. Men paret tok fatt for å dyrka opp og reiste eit flott lysthus noko ovanfor husmannsplassen som skal ha lege nær staden der jernbanestasjonen kom sidan. Til huset la dei også ein hage i engelsk stil. Her heldt sidan familien hus i sommarhalvåret.
Sjølve gardsdrifta sto tenarskapet for – to drengar og tre tenestejenter. Produksjonen var langt over eit vanleg gardsbruk. Såleis pløgde dei i 1835 nær 20 dekar åker der dei hausta 16 tonn havre, 300 kilo rug og fem tonn poteter. Attåt rådde bruket over fire hestar og 21 mjølkekyr. Til samanlikning var det på dei ellevebruka på Kristianlyst berre tre hestar og 13kyr![3]
Då Hans døydde i 1839, arva sonen Wilhelm Ravn eigedommen.
Brukarliste for Auglend
Bruk a
Ola (1602 – 1610)
Jakob Pedersen (1630 – 1640)
Einar Torkelson (1640 - 1675) gift med Magla Olsdotter.
Born:
- Torkel,
- Ole,
- Mareta,
- Siri ,
- Arnt,
- Ingeborg.
Ola Einarsson (1675 – 1712) død 1712, 53 år gammal. G.1.g. m. Elisabeth Nilsdtr, Jåttå, 2. g. 22/1 1702 m. Guri Endresdtr.
Born:
- Hans, dp. 22/3 1690,
- Malena, dp. 13/12 1691,
- Nils, dp. 16/6 1695,
- Elisabeth, 10/10 1697.
2. ekteskap:
- Elisabeth, 27/3 1703,
- Elen, 8/6 1703,
- Elisabeth, 24/12 1706,
- Ole, 19/1 1710.
Peder Ommundsson (1712 – 1742) f. Jåttå, g. 2/10 1712 m. Malena Olsdtr., dpt. 13/12 1691.
Born:
- Ole, dpt. 13/5 1713,
- Ola, 24/6 1714,
- Anna, 17/1 1717,
- Elisabeth, 2/6 1719,
- Ommund, 21/6 1720,
- Elisabeth, 1/1 1723,
- Helga, 29/3 1725,
- Peder, 20/6 1728,
- Ole, 27/4 1731.
Nils Phanuelsen (1742 – 1771) , f. Åreskjold i Høyland, dpt. 27/9 1714, d. 1777 g. 11/11 1739 i Høyland m. Eli Arnesdotter, Ålgård. d. 1771, Eli 1. g. m. Rasmus Olsen, Jåttå,
Borna til Eli og Rasmus:
- Rasmus,
- Gitlaug g.m. Knud B. Hinna
Sonen til Nils og Eli:
- Ådne, 25/11 1742, Øglend.
Ådne Nilsson (1771 – 1816) , født 1742, død 1816 g. 2/7 1772 m. Berta Andersdotter, f. Øvre Austrått, f.1750, d. 10/4 1816.
Born:
- Elen Karina, dp. 4/4 1773, Eikanes,
- Maren, 26/3 1775, gm. Søren Roth,
- Rasmus, 17/8 1777, Lagård,
- Nils, 24/10 1789, Stavanger.
- Rasmus Andersson, f. 1789, til oppfostring.
2)
Bruk b
Torger (1613 – 1640)
Jon Torgersson (1640 - 1675) G.m. Malena Nilsdotter.
Born:
- Torger, 29 år.
- Nils,
- Guri,
- Helga,
- Malena,
- Malena d.y.
Bruk 1
Peder Pedersen (1816 - 1834 ) f. Ravndal i 1785, g. 4/7 1816 m. Herborg Ommundsdtr. Nov,
Born:
- Peder, f. 24/7 1817
Ole Pedersen, 52 år, f. i Høyland g.m. Taletta Jonsdotter, 49 år, f. i Høyland. Seks born mellom 5 og 21 år, født på garden. 2 hestar, 7 kyr, 2 b. rug, 3 b. bygg, 5tn havre, 3 ½ tn. poteter.
Johannes Olsen (1834 - ), f. ca, 1788, g.m. Herborg, f. 1779.
Born:
- Ole, f. 1828, fosterson
Mikkel Bårdsen, 36 år, Høyland, g.m. Hanna Olsdotter, 35 år, Høyland. Fire born mellom 2 og 10 år, født på garden. Johannes Olsen, 78år, folge- og enkemann, Sola. 1 hest, 6 kyr, 13 sauer, 1 gris, 1/8 rug, 2/8 bygg, 3 ½ havre og 3 poteter.
Bruk 2
- Tore, f. 1773, g. m. Ane, f. 1788 Born:
- Einar, f. 1898
- Grete, f. 1816
- Einar Thorsen (1838 - ),
Marta Olsdotter, 42 år, enke, Hetland, Son: Tore Einarsson, 17 år, Født på garden. 8 kyr, 20 sauer,1 gris, 3/8 bygg, 3 ½ havre, 3 tn. poteter. Ein fireårig legdslem, ein dreng og to tenestejenter.
Bruk 3
Peder Salomonsen (1816 - )
Ole Pedersen, f. Skjeveland 62a, 1814, g. 1842 m. Taletta Jonsdotter,f. 1817, Stokka 34c, Høyland.
Bruvigen
Børild Jensen (ca. 1630 - ca. 1650 )
Jens Larsen (ca. 1650 – ca. 1695)
Johannes Jonssen (ca, 1700 – ca. 1735)
Henning Smith (1762 – 1790)
Asbjørn Tollefsen (1790 – 1792)
Kristianlyst
Christian Magnus Zetlitz (1792 - 1825)
Mariero
Hans G. B. Sundt (1801 - 1839)
Wilhelm Ravn (1839 - )
Folketeljing 1865[4]
Auglend
- Matr.nr. 33 Lnr. 157a: Torger Olsen, 57 år, Høyland, g. m. Ane M., Olsdotter, 40 år. Åtte born mellom 1 og 14 år, alle født på garden. To hestar, seks kyr, 1 gris, 2 bmpd bygg, 3 ½ tn havre og 2 tn poteter. Se også gnr. 18/1.
- Matr.nr. 33 Lnr. 158: Ole Pedersen, 52 år, f. i Høyland g.m. Taletta Jonsdotter, 49 år, f. i Høyland. Seks born mellom 5 og 21 år, født på garden. 2 hestar, 7 kyr, 2 b. rug, 3 b. bygg, 5tn havre, 3 ½ tn. poteter. Se også gnr. 18/3 og gnr. 18/4.
- Matr.nr. 33 Lnr. 159: Mikkel Bårdsen, 36 år, Høyland, g.m. Hanna Olsdotter, 35 år, Høyland. Fire born mellom 2 og 10 år, født på garden. Johannes Olsen, 78år, folge- og enkemann, Sola. 1 hest, 6 kyr, 13 sauer, 1 gris, 1/8 rug, 2/8 bygg, 3 ½ havre og 3 poteter.
- Matr.nr. 33 Lnr. 159: Marta Olsdotter, 42 år, enke, Hetland, Son: Tore Einarsson, 17 år, F.på garden. 8 kyr, 20 sauer,1 gris, 3/8 bygg, 3 ½ havre, 3 tn. poteter. Ein fireårig legdslem, ein dreng og to tenestejenter. Se også gnr. 18/5.
Mariero
Ti personar, tre hushaldningar,
- Hans Ellingsen, 34 år, født i Høgsfjord, g. m. Kristine Kristoffersdotter, 22 år, f. i Høgsfjord. Hage, frukt, utsåd 1 tn bygg, 3 tn. havre, 6 tn. poteter, fire hestar, 24 kyr. Se gnr. 19/1 for historien videre.
- Eilert Ellingsen, 23 år, f. i Høgsfjord, u. g. Tenestejente Malline Mikkelsdotter, 20 år, f. i Nedstrand. Se gnr. 19/2 for historien videre.
- Tormod Tollaksen, 32 år, f. i Høgsfjord, g. m. Karen Torsteinsdotter, 26 år, f. i Høgsfjord. Se gnr. 19/4 for historien videre.
- Aadne Thorsen, 22 år, f. i Høgsfjord g. m. Berthe Engerbretsdatter, 25 år, f. i Høgsfjord. Barn: Kristine Aadnesdatter, 1 år. Se gnr. 19/5 for historien videre.
Kristianlyst
- Even Evensen, 57 år, Lye, g.m. Inger Torkelsen, 56, Lye, fire born mellom 11 og 23 år f. på garden. 2 kyr, 7 sauer, 1 gris, 1 ¼ tn. Bygg, 3 havre og 1 poteter. Se gnr. 20/1 for historien videre.
- Halvor Halvorsen, 36 år, Finnøy, g.m. Siri Asgautsdotter, 36 år, 3 born mellom 3 og 9 år, f. på garden, ei ku, 3 sauer, 1/8 bygg, 1/8 havre og 1 tn. Poteter. Se gnr. 20/2 for historien videre.
- Torbjørn Olsen, 79, Nedstrand, g.m. Berta Rasmusdotter, 56, Nedstrand, 1 son, 36 år, f. på garden. 1 hest, 5 kyr, ¼ bygg, 1 1/8 havre og 2 ½ poteter. Se gnr. 20/4 for historien videre.
- Åge Ågesen, 40, Hetland, g.m. Maria Nilsdotter, 41, Høyland. 5 born, 1- 14 år, f. på garden, ei losjerande, 55 år. 1 hest, 5 kyr, 1 gris, ¼ bygg, 1 havre, 1 poteter. Se gnr. 20/5 for historien videre.
- Martin Håversen, 39, Høgsfjord, g.m. Olene Pedersdotter, 35, Hå, born: tvillingpar, 1 år, 1 hest, 6 kyr, 3/8 bygg, 3/8 havre, 1 poteter. Se gnr. 20/8 for historien videre.
- Tønnes Enevaldsen, 41 år, skomakar, Nesvåg, g. Inger Tormodsdotter, 39 år, Bakke, losjerande.
- Andreas Svendsen, 59, Høyland, g.m. Tora Gødesdotter, 69 år, Høgsfjord, dotter, svigerson og to barnebarn. 8 kyr, 6 sauer, ¼ havre, 2 poteter.
- Jonas Andreasen, 35, Hetland, g.m. Tomine Rasmusdotter, 36, Stavanger, 1 hest, 5 kyr, 1 gris, ½ bygg, ½ havre 2 poteter. 2 born. Se gnr. 20/10 for historien videre.
- Svend Andreasen, 36, Hetland, g.m. Serine Sigvartsdotter, 30, Tysvær, tre born, 2 – 8 år. 1 hest, 4 kyr, 3/8 bygg, ½ poteter.
- Nils Svendsen, 62 år, Høyland, g.m. Anne Olsdotter, 56 år, Hetland, To born, 15 og 18. Kjøl Asbjørnsen, matros, 32 år, Hetland g.m. Ingeborg Nilsdotter, 27, 1 barn, losjerande. To kyr, 1/8 blandkorn, ½ havre, 1 poteter. Se gnr. 20/6 for historien videre.
- Sivert Sigbjørnsen, 60, Høyland, g.m. Tabitta Helgesdotter, 66 år, legdslem Gunnar Gunnarsson, 64 år, enkemann, Lye, 1 hest, 4 kyr, 5 sauer, ¼ bygg, 1/8 havre, 1 poteter.
- Svend Svendsen, 50, Hå, gm. Anne Samuelsdotter, 50, Vanse, Karen Larsdotter, enke, 66 år, losjerande. 1 hest, 1 ku, ¼ bygg, 1/8 havre 1 poteter.
- Simund Pedersen, 59 år, Mandal, 3 kyr, 2/8 poteter
- Henrik Asbjørnsen, 45, Hå, gm Rakel Johnsdotter, 56, Hå, dotter 24 år, Anne Asbjørnsdotter, Hetland, losjerande, 1 hest, 2 kyr, ½ poteter.
- Gabriel Evensen, 37, Bakke, gm Ingeborg Næversdotter, 32 år, Hetland, tre born, 2 – 6 år, Ingeborg Olsdotter, folgekone.1 hest, seks kyr, ½ bygg, 1 havre, 1 poteter.
Jæren og Dalane sorenskriveri pantebok. Nr. 10, 1819 – 25, fol. 568b. Utskifting av innmarka 1/11 1824.
Tore Einarsen, - Peder Salomonsen og Peder Pedersen: Eigar John Grannes. Utskifting av alle teigane på garden. «deres forhen i Teier fælles eiende Ager og Eng». Tore Einersens bruk: 2 5/6 spann landskyld. Han fekk eit stykke åker og eng søraust for låven hans og med grenseliner som på vestsida fylgde geilen ut til utmarka.
På austsida vart dette bruket skilt frå bruket til Peder Salomonsen ved ein nedsett stein mellom låvane deira . Frå denne går skiftelina nordaust til ein stein i åkerreina der skiftet bøyer litt mot nord til ein stein nedsett i åkerreina. Bruket fekk også eit stykke åker og eng på nordsida av garden. Bruket skifta her i aust mot vegen fram til ein nedsett stein ved Raunetreenden.
Her frå gjekk lina i nord over vestre kant av Kjerketrøe til ein oppsett stein i eit gammalt steingjerde som skiftelina fylgde til utmarka. På vestsida av bruket starta lina i ein oppsett stein nord for fjøset til Tore Einarsen og gjekk litt nordaust ned over åkrane til ein stein i åkerreina. Herfrp bøygde lina mot nord og gjekk etter nedsette steinar i rett line til torvmyra. Attåt fekk bruket lagt til sin andel nokså midt i av utslåtta Bakkane vest for garden og med Peder Salomonsens part på aust og vestsida.
Peder Salomonsens part skylda 4 ¼ spann fekk eit stykke åker og eng på den nordvestre sida av garden og ligg mellom stykka A og B som høyrer til Tore Einarssen. Vidare eit stykke åker og eng på den nordvestre kanten av garden der austsida vart skilt frå vestsida av stykket til Tore Einarsen.
Skiftelina mot vest og eigedommen til Peder Pedersen starta i ein oppsett stein vest for våningshuset til Peder Salomonsen og gjekk mot nord over åkeren til ein stein i åkerreina. Herfrå gjekk lina mot nordaust ned i Gravene til ein oppsett stein der. Vidare gjekk lina mot nordvest til eit gammalt gjerde som skiftet fylgde vidare aust til torvmyra. Bruket fekk attåt to stykke i utslåtta vest for garden: Det eine på austsida av stykke c. og som høyrde til parten til Tore Einarsson, og på vestsida av den gamle enga til Peder Pedersen og som det vart skilt frå av eit gammalt gjerde. Begge stykka er merka med nedsette steinar.
Peder Pedersen som nokre år tidlegare hadde teke utflytting frå garden fekk heile eigedommen sin i eit stykke på vestsida av garden.
Den andre delen av åker og eng grensa som vart lagt til bruket grensa også til bruka til dei to andre brukarane. Skiftelina var den same som den for vestsida av stykke og som høyrde til Peder Salomonsen.
Enden av same strekninga som støytte til garden vart merka med oppsette steinar. Vestafor for våningshusa til Tore og Peder Salomonsen og på sørsida av stykket gjekk skiftelina frå dei anførte steinane i vest til Bakkeleet og fylgjer eit gammalt gjerde som skiftet fylgde i nord og vest fram til hovudstrekninga som han hadde flytta til.
Bruket hans grensa mot nord og vest til Ullandhaugs utmark og med eit gjerde mot aust mot torvmyra der grensa også vart markert med nedsette steinar. Stykket fekk utlagt den vestre enden av Bakkane til utslått og skifta på austsida til Peder Salomonsen sitt stykke.
På sør- og vestsida grensa stykket til utmarka, men var knytt til hovudbruket hans på nordsida. Torvmyra i enga nord for garden var delt i teigar og vart bruka som før. Det same galdt torvmyrar som låg hist og her i utmarka.
Referanser
- ↑ Særheim, 2007, s. 245
- ↑ Schanche; «Forklaringer angaaende Post-Bønder..», 1754
- ↑ Media.digitalarkivet.no/en/view/5189/80 Folketeljing 1835
- ↑ https://www.digitalarkivet.no/census/search/1865/38207?&gaardsnummer=33
Utskilte eiendommer
- Auglend (Stavanger gnr.18/1)
- Auglend (Stavanger gnr.18/2)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/3)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/4-20-21)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/5)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/6)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/7)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/9)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/10)
- Midtbø (Stavanger gnr. 18/14)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/16)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/18-17)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/31)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/34-35)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/36)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/40)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/41-45)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/42)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/44)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/46)
- Nedrevollveien 6 (bnr. 47)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/59-70)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/64)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/66)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/68)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/69-67)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/71)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/75)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/76)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/79)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/81)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/82)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/83)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/84)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/85)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/87)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/88)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/95)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/96)
- Kristianslyst (Stavanger gnr. 18/106)
- Buset (Stavanger gnr. 18/113)
- Skogholt (Stavanger gnr. 18/121)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/123)
- Brattåsveien 25 (gnr 18/128)
- Øveråsveien 12 (gnr 18/129)
- Sørås (Stavanger gnr. 18/132)
- Sørås (Stavanger gnr. 18/133)
- Solbakken (Stavanger gnr. 18/152)
- Solbakken 15 (Stavanger gnr. 18/154)
- Solbakken 15A (Stavanger gnr. 18/155)
- Solåsveien 21 (bnr. 156)
- Solåsveien 19 (Stavanger) (bnr. 157)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/159)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/161)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/164)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/166)
- Auglend (Stavanger gnr. 18/171)
Litteratur og kjelder
- Matrikkelen 1886.
- Matrikkelinformasjon fra Stavanger kommune.
- Alsvik, Marit Karin. Det e' løye koss det har forandra seg. Utg. Hafrsfjord forl.. Stavanger. 1992. Digital versjon på Nettbiblioteket.