Austevoll kyrkjeblad

Austevoll kyrkjeblad vart stifta i 1928, og fram til 1980 hadde bladet tittelen Austevoll Menighetsblad. Det var sokneprest Aksel Mjøs som tok initiativet til å oppretta eit kyrkjeblad for kommunen. Han var sokneprest her frå 1927 til 1935. Mjøs redigerte kyrkjebladet på bokmål fram til Sigurdur Thorsteinsson var sokneprest frå 1936 til 1953, og som redigerte bladet på nynorsk. Thorsteinsson sine eigne artiklar og kunngjeringar til kyrkjelydane i kommunen vart skrivne på nynorsk, men elles kunne dei som skreiv i bladet, bruka kva målform dei ville. Bladet vart oppretta i ei tid då skulekrinsane i kommunen var i gong med å innføra nynorsk som hovudmål, og då ein livleg diskusjon om kva målform som skulle brukast i kyrkja og kommuneadministrasjonen gjekk føre seg.


Kjelder og litteratur


Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!