Austsamar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Skoltebask, ein typisk austsamisk småbåt, frå Petsjenga.
Foto: Olve Utne (2009).

Austsamar utgjer den nordaustligaste hovudgruppa av samane. Det tradisjonelt austsamiske området inkluderer deler av Sør-Varanger i Norge og Inare i Finland, så vel som det meste av Kolahalvøya i Russland. Austsamane blir inndelt i skoltesamar, akkalasamar, kildinsamar og tersamar. I tillegg utgjer enaresamane ei overgangsgruppe mellom austsamar og nordsamar. Av alle desse gruppene er det skoltesamane som har tilknytning til Norge.