Båtar og båtruter på Eikefjorden
Båtar og båtruter på Eikefjorden er eit oversyn over båtar og båtruter på Eikefjorden, ein fjord i Kinn kommune. Gjennom tidene har det gått mange rutegåande båtar på Eikefjorden. Eikefjord fekk ikkje vegutløysing før under krigen, så før det var båt det viktigaste transportmiddelet. Det var båtruter med postbåt langt opp på 1960-talet.
MB Viking
MB Viking gjekk på bygderute, skulerute og postrute frå 1964 til vegen til Barlindbotn vart opna kring 1970.
Av og til kunne det blåse så sterkt på fjorden at Lars Kalsvik ikkje tok sjansen på å frakte folk. Skuleelevane måtte då overnatte privat og kunne kanskje kome seg heim neste dag.
MB Tordenskjold
Dette var ein kjend båt som gjekk til Florø kvar onsdag. Mannskapet var Peder og Bernt Rimmen, som også var eigarar av båten.
Båten var i drift fram til 1954, og restane av den kunne ein finne ute under Rimmastranda. Båten vart også nytta til frakt av material til stav i tønneproduksjonen.
MB Sundt frå Bergen
Denne kom to gonger i året, om våren og hausten. Dei handelsreisande (med utpakking) trivst svært godt i Eikefjord, og la difor ofte opp til helgastopp her. Då vart det gjerne arrangert søndagsturar på fjorden for eikefjordingane. Vi ser Tonheimstranda i bakgrunnen.
Florøy
Florøy var ein av rutebåtane som traffikerte Eikefjord. Biletet viser Florøy som blir ekspedert av Matias Kalsvik utanfor Kalsvikane.
I 1914 fekk Nordre Bergenhus Amts Dampskibe sine to første motorfartøy, Florøy og Vaagsøy. Dei var små i samanlikning med selskapets dampskip, men varsla ei ny tid på fjordane.
10. april 1914 vart Florøy sett i rute rundt Florø. Dei neste åra utførte motorbåten lokalruter frå Florø til Rognaldsvåg, Bremangerpollen, Norddalsfjorden og Eikefjorden.
Seinare bytte Florøy og Balder på å utføre lokalrutene rundt Florø. I 1917 måtte Florøy gå i opplag på grunn av mangel på olje, og Balder overtok ruta midlertidig.
Etter 1930 vart Florøy sendt til Sogn for å gå lokalruter der. Under krigen gjekk båten lokalruter mellom Sandane, Hyen, Ålfoten, Nordfjordeid og Hopland. Frå 1953 til 1959 gjekk den mjølkerute mellom Hyen, Kleppenes, Skjerdalen, Hestenesøyra, Lote, Devik og Sandane.
Florøy kom tilbake til Florø, og på ny tok båten opp lokalruter på Eikefjorden og Høydalsfjorden, slik han hadde starta tenesta si 45 år tidlegare.
I september 1966 gjekk Florøy ut av rutene, og ein annan gammal travar – leigebåten Sendingen II – tok over rutene fram til dei vart lagt ned i 1970.
Ludvig Midtbø, eller skomakaren som han blei kalla i Eikefjord, hadde fleire fraktebåtar gjennom tidene. Først var det Braabre, og deretter kom Blaafjell, som vart seld til Artur Engebø frå Vevring. Etter dette kom Blaafjell I, den største av alle, som skomakaren bygde sjølv. Seinare kjøpte han Von III i Ålesund.
Blaafjell I
Denne båten vart bygd i Hamnafjæra i 1936. Ludvig henta erfarne båtbyggjarar frå Hardanger for å leie arbeidet, og han deltok sjølv med liv og sjel, saman med andre eikefjordingar. Blaafjell I var 55 fot lang, hadde ein tonnasje på 24 bruttoregistertonn og var utstyrt med ein 60 hk tosylindra Union-motor. I casinga akter var det damesalong, og under dekk fann ein herresalong. Båten hadde sertifikat for femti passasjerar. Mannskapet, som vanlegvis var på tre mann, hadde lugar heilt forut.
"Blaafjell I" vart innleigd av Fylkesbaatane og sett i gods- og passasjerfart. Fartsområdet var Eikefjord-Høydalsfjord-Stavang-Florø tre ganger i veka, og båten hadde stopp på fleire mindre stadar på denne strekninga. Seinare vart også søndagsrute. Båten hadde også turar på Norddalsfjorden ein eller to gonger i veka.
Ludvig Midtbø var døv og fekk dermed ikkje navigasjonssertifikat, men reiste iblandt som maskinist eller matros. Salmon Havn kom om bord som skipper og vart værande der i mange år.
Tirsdag 8. januar 1952 forliste Blaafjell I på veg til Florø med 15 passasjerar ombord. I ellevetida om føremiddagen, då båten var sør for Blindevika aust for Ausa, byrja maskina å gå ujamnt, og straks etterpå stoppa den heilt. Vinden var minst oppe i sterk kuling frå sør, og Blaafjell I dreiv hjelpelaust mot land. Ankeret vart kasta, men farvatnet var så brådjupt at det ikkje hjelpte mykje. Det var heller ikkje radiotelefon ombord, men mannskapet og passasjerane fekk på seg redningsvestar.
Skipper Peder Tonheim og ein annan kar hoppa i sjøen med ei trosse og strekte denne mellom havaristen og land. Dei fleste fekk halde seg fast i trossa og kom seg iland. Ei kvinne med broten arm greidde det ikkje, og då dei fekk ho på land etter mykje strev, var ho medvitslaus. Ho kom til hektene igjen og vart innlagd på sjukehus. Ein annan ungdom braut foten då han skulle hoppe i land. Ei lita jente hoppa også i sjøen og kom seg iland på eiga hand. Med mykje strev klarte dei å sjøsette livbåten med to damer ombord, og begge desse kom tørre iland.
Verdiposten vart redda, men resten av lasta og posten gjekk tapt. To stordyr som skulle til slaktaren i Florø drukna, og ein god del mjølkespann forsvann.
Ein av passasjerane kom seg fram til Gunnhildvågen og telegraferte etter hjelp. Nokre båtar kom til, men dei kunne ikkje gjere mykje på grunn av sterk pålandsvind. Blaafjell I var forsikra for 30 000 kroner, så det vart eit betydeleg tap for eigaren.
Seinare forsøkte Olav Aalen frå Kvammen å heve Blaafjell I. Dei greidde å få virestropper rundt båten, men då dei begynte å hive, vrei det verkeleg vraket seg nede i djupet og sklei nedover. Bergingsbåten hadde sannsynlegvis forlist om ikkje viren hadde slitna.
(Bildetekst i boka, Båtar med sjel III, hevdar at "Blaafjell I" vart mykje ombygd. Blaafjell og Blaafjell I var to forskjellige båtar)
MB Von III
Denne båten kom inn i ruta til Blaafjell I etter at denne forliste i Ausa. Ludvik Midtbø kjøpte båten i Ålesund. Båten vart økonomisk tung for skomakaren, og han valde å selje huset sitt i 1958, som han hadde bygd på Hovland, for å behalde båten.
Carl Eikefjord kjøpte båten av «skomakaren», og han selde den seinare vidare til Moss.
Stoppestader for båtrutene
I dei første rutene til Amtsbåtane var det berre Florø som var rutestopp. Distriktet var nærmast tettstadlaust, med Rognaldsvåg som den nest største tettstaden. Rundt 1920 var det blitt nitten stoppestader, og kring 1600 menneske sokna til båtstoppet i Florø. Leversund hadde 100, Barlindbotn 90 og Eikefjord 800. Då Amtstinget i 1895 handsama krav om betre rutesamband i Høydalsfjorden, Eikefjorden, Norddalsfjorden, Kinn og Bremanger, påpeika direksjonen at trafikken i dette distriktet gav dampskipene betydelege tap.
Eikefjord
Eikefjord kom fyrst med i ei Nordfjordrute i 1877, der denne ruta tok med seg Svortevik og Eikefjord før og etter Florø. Seinare kom Eikefjord med i ei Sunnfjordrute og i dei særskilde lokalrutene mellom Florø og distriktet. Stoppestaden var fyrst på Sørbøbrygga. I 1950-åra vart den flytta til Langedalskaia.
Dei fleste av båtrutene vart avvikla i takt med vegutløysing. I 1957 kom det signal frå Fylkesbåtane om at det var så lite trafikk over Eikefjord at staden kunne sløyfast. Dette utløyste protest frå Eikefjord kommune. Eikefjord hadde lenge hatt vegsamband med Florø, men å sløyfe Eikefjord i rutene fann kommunestyret gode grunnar til å gå imot. Året etter vart Eikefjord sløyfa, med unntak av ruta til Florø søndag kveld, der båten gjekk frå Eikefjord kl. 16.15 og var i Florø kl. 21.30. Ruta Florø-Høydal-Florø hadde stopp i Barlindbotn til det også kom vegutløysing der.
Barlindbotn
Barlindbotn fekk stoppestad i 1914, og det sokna knappe 100 menneske til denne stoppestaden. Første ekspeditør var Ludvig M. Kalsvik. Det var Balder som var første båt i rute til Barlindbotn, og den seig 6. april inn på bukta der ekspedisjonsbåten låg klar. Gamle Balder blei møtt med salutt, og grenda sitt første møte med Fylkesbåtane skulle ikkje gå upåakta hen. Barlindbotn fekk kai i 1946. Etter 56 år som stoppestad vart Barlindbotn nedlagt då bygda fekk vegsamband. Det var Sendingen II som avslutta dette kapittelet den 29. mai 1970.
Leversund
Leversund er først med i stoppestadoversikta frå 1893, og staden kom nok inn i Balder sin lokalrute mellom Florø og Eikefjord på denne tida. Leversund hadde sin plass i lokalrutene også i etterkrigstida.
Osen
Svardalsosen var med i lokalruta mellom Florø og Høydalsfjorden under krigen og i 1950-åra.
Kjelder
- Båtar med sjel II
- Båtar med sjel III.
- Eikefjordkalenderen 2007.
- 101 Fjordabåtar.
- Dampen og kaia.