Bondeungdomslaget Maana

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «BUL Måna»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bondeungdomslaget Maana, også kjend som BUL Måna, var eit lokallag av Noregs Ungdomslag. Ungdomslaget heldt til på Rjukan i Tinn kommune og blei stifta i 1912.

Foreininga dreiv forskjellig aktivitetar for målsaka, men også folkekunst, folkedans, leikarring for born, kafé (Kaffistova Måna), teatergrupper, revy, skrivegrupper m.m. Frå foreininga si eiga jubileumskrift til 50-årsjubileet blei utgangspunktet for bondeungdomen på Rjukan skildra slik:

I anleggstida her på Rjukan samlast det ein mengde folk frå alle kantar av landet- og utlandet med. Her var ungdom frå nord og sud frå aust og vest, frå storbyar og småbyar, frå breie flatbygder til kronglute fjellbygder. Det var under desse tilhøve ikkje so rart at ungdomen, då serleg fra bygdene fann seg lite til rettes til hugnad og fritidssysler, og dryfting av sams hugmål. Dei fann då nokså snart ut at rettaste vegen var å skipa eit lag, og naturleg nokk måtte det då bli eit bondeungdomslag.

Arkiv

Arkivet etter Bondeungdomslaget Maana er ordna ved Norsk Industriarbeidermuseum. Lenke til oppføring på arkivportalen.

Kjelder