Bakeriet (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakeriet i Folkestadbyen 2019.

Bakeriet er ein bygning i Folkestadbyen i Fyresdal, med adresse Skippergata 3. Eigedomen er skild ut frå Århus (Fyresdal gnr. 37).

Moland forbruksforening, frå 1909 Fyresdal Handelslag sitt bakeri

Det blei av styret i Moland Forbruksforening vedtatt bygging av eit bakeri i 1883. Ved leigekontrakt 1886 leigde bakar Kjetil Sveinson Folkestad ei tomt frå Århus mot årleg 13 kroner. Truleg var det han som satte opp eit bakeri her. Han gifte seg i 1887 med Anne Knutsddtr. Berve og flytte ikkje lenge etter frå bygda. Bakeriet var det Moland forbruksforening som fekk.

Bygningen som står i 2019 skal vere bygd i 1895. Etter som ein veit brann den fyrste bakeribygningen. Det var mange bakarar her, den fyrste som vart tilsatt var Carl Pettersen, av dei som var lengst var Sverre Hernholm frå Ulefoss. Dei gamle omnane vart varma opp med ved, ifrå 1953 var der oljefyring og i 1959 vart det installert elektrisk drift. Etter kvart gjekk bakeriet ut av bruk og bygningen vart nytta til ymse formål.

Bakeriet som del av Fyresdal Bygdemuseum si bygningsmasse

Fyresdal Bygdemuseum overtok i 1990 bakeribygningen då tilhøyrande Fyresdal Handelslag med bakeri og lager i fyrste høgda og leilighet i andre høgda. Med løyvingar frå Fyresdal kommune og Eckbos Legater vart det gjort viktige oppussingstiltak. Leiligheten vart innreidd slik den kunne ha vore i 1880åra og bakeriet vart nytta ved enkelte høve når det var arrangement i Øyskogen til dømes. Men bakaromnen mangla ein del sikkerhetsutstyr og kunne berre nyttast ved erfarent tilsyn.

Taket på bygningen var etter kvart blitt dårleg og det vart lekkasje i leiligheten. I 2018 vart det lagt nytt tak, leiligheten vart restaurert og møblert som før. Det elektriske anlegget vart lagt om forskriftsmessig i heile bygningen og bakaromnen sitt utstyr vart oppgradert slik at den fullt ut tilfredsstiller krav til trygg bruk for den som ynskjer å nytte seg av dette. Leiligheten har eit par gonger vore nytta til tidsaktuelle utstillingar av Fyresdal Bygdekvinnelag. Bygningen går i 2020 mogleg ei usikker framtid i møte, men det er berre å vone det beste.

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag. s. 11,14
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.
  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009