Bakstefjøl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakstefjøl frå TustnaNordmøre.
Foto: Olve Utne

Ei bakstefjøl (også kalla bakefjøl) er eit stort brett av glatthøvla tre med låg kant på tre sider. Bakstefjøla vart bruka til å baka ut deig til leivar når ein baka flatbrød og lefser. Den låge kanten gjorde at ein ikkje sløsa bort verdifullt mjøl. Det at bakstefjøla kunne leggast oppå eit bord og ellers var lett å transportere eller sette til sides, gjorde det praktisk å ha både for omreisande bakstedeier og for folk på mindre gardar og plassar der plassen var knapp.

Kjelder og lenker