Bandak Turisthotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
"Hotel Bandak" ei gong før brannen i 1938.
Foto: Postkort / Vest-Telemark Museum.

Bandak Turisthotell vart grunnlagt i 1890 av Torkel T. Fosli frå Treungen. Hotellet brann ned 16. mai 1938[1], og eit nytt, moderne hotell vart bygd opp att og tatt i bruk allereie i 1939. Innehavaren var då sønnen til Torkel, O. T. Fosli.[2] Hotellet låg på Dalen i Tokke kommune.

Historikk

Torkel T. Fosli (f. 31.3.1858) hadde drive landhandel i Vrådal ei tid før han kom til Dalen og kjøpte garden Dalen nordre i 1886. Det var Torbjørn A. Huvestad som eigde garden, og Fosli måtte gje 8400 kr for den.[3] Fosli tok fyrst til med ein landhandel på garden, men snart bygde han også hotell som fekk namnet "Bandak" oppkalla etter vatnet på Dalen. Den gamle stoga var innebygd i hotellet som hadde kring 30 overnattingsrom. Kona til Torkel, Signe Nordbø frå Vrådal, stelte med matlaginga.

Det nye "Bandak Turisthotell".
Foto: Nasjonalbiblioteket.

16. mai 1938 brann hotellet til Torkel ned. Brannen starta i uthusbygningen litt over kl. ni på føremiddagen og bredte seg raskt til garasjen. Brannårsaka var truleg ei vifte som var gått varm. I løpet av ti minuttar stod også hotellet i full fyr. Ei mengde folk kom til, men det fanst ikkje utstyr til å slokke brannen. Ein fokuserte difor arbeidet på å få redda ut inventaret, og ein fekk slik berga det meste av innbuet. Skadene for hotellet som brann ned til grunnen vart rekna til 70-80 000 kr.[4]

Spisesalen på Bandak Turisthotell.
Foto: Nasjonalbiblioteket.

Eit nytt hotell vart straks bygd opp att, men Torkel døydde same året, i 1938. Sonen, Olav T. Fosli tok over både garden og hotellet for 48 600 kr[5] og dreiv det vidare i lag med kona, Hæge Nestestog, som hadde jobb som hotellvertinne.[6] Det nye hotellet hadde sengeplass til 50-60 gjester. Hotellet var moderne for si tid, og hadde både tennisbane, stor ljos spisestove og moglegheit for fiske og jakt m.m.[7] Hotellet var bygd for heilårsdrift.

Olav T. Fosli fekk to born i lag med Hæge. I 1954 overtok sonen, Einar, garden for 37 500 kr. Dottera, Signe Jørghild, overtok hotellet.

Hotellet vart bortlegd frå om lag 1960 og hadde ei rekkje forskjellige drivarar. Kring 1990 vart det gjort klart at bygningsmassa til hotellet var dårleg. I 1991 vedtok kommunen at hotellet måtte rivast, og 23. april 1992 vart hotellet ein sagablott.[8]

Galleri

Kjelder

  • Bakken, O. T. Lårdalsoga, Dalen, 1978.
  • Bangen, O. (red), Vegvisar for Lårdal og Mo herad, Skien, 1950.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Eksterne lenker

Arkivverket, nettutstillinga "Nyttårsfest på Bandak Turisthotell"

Referansar

  1. Sarpsborg Arbeiderblad, 16.05.1938. Digital utgåve på bokhylla.
  2. Bangen, 1950, s. 49.
  3. Bakken, 1978, s. 52.
  4. Arbeiderbladet, 16.05.1938. Digital utgåve på bokhylla.
  5. Bakken, 1978, s. 52
  6. Vest-Telemark Blad, 28.04.1992.
  7. Sætherskar, 1949, s. 821.
  8. Vest-Telemark Blad, 25.04.1992.