Berehommen (veg i Tokke)
Berehommen er ein 800 meter lang blindveg på Skafsåheia i Tokke kommune. Vegen går vestover frå Borsævegen i Berhommen hytteområde. Ei avgreining på om lag 230 meter går nordover. Det er kring 20 hytter med adresse til vegen, spreidde i terrenget, dei fleste utan direkte vegtilkomst.
Vegen blei namnsett i 2021 og har namn etter dei to eigedomane Berhommen (gnr. 125/4 og 125/5).
Både eigedomane og hyttefeltet heiter Berhommen, medan sjølve vegen har fått skrivemåten Berehommen, med ein ekstra e. Også på vegskiltet er namnet skrive Berhommen.
Sjå også
Kjelder
- Kommunekart: Berehommen
- Dokumentasjonsprosjektet: Matrikkelutkastet av 1950
- Faktaark fra Kartverket (Berhommen)
- Faktaark fra Kartverket (Berehommen)