Berglund (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Berglund (Fyresdal gnr. 36/133) er ein eigedom i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Folkestadgata 7. Eigedomen er skild ut frå Fyresdal prestegard, Moland (Fyresdal gnr. 36/1) og tømra til huset kom frå nordre Breivik (Fyresdal gnr. 14/?). Når huset vart bygt er ukjent.

I 1930åra budde fyrst Hege Grundesdotter Berge frå nedre Berge (Fyresdal gnr. 19/1) i Birtedalen her, ho var ugift og døydde i 1945, 79 år gamal. Litt seinare budde Bergit Knutsdotter Vik frå Midtbø Vik (Fyresdal gnr. 2/?) her, ho var og einsleg og døydde i 1957, 84 år gamal.

Etter det har eigarane skifta mykje. I 2019 er det foretaket "Merleyn" som held til i bygningen.

Biletgalleri

Kjelder og til utdjupande lesnad

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992. (Marvik nemner ikkje Berglund.)
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009, s. 5-34.