Eltarvåg (Sandnes gnr. 98/6)
| Eltarvåg | |
|---|---|
| Sted: | Riska |
| Fylke: | Rogaland |
| Kommune: | Sandnes |
| Gnr.: | 98 |
| Bnr: | 6 |
| Type: | gardsbruk |
| Adresse: | Bersagelveien 418 |
Eltarvåg (gnr. 98, bnr. 6) er ein gard i Riska bydel i Sandnes. Den låg før 1965 i Hetland med gnr. 34/6. Gammalt matrikkelnr. 14 og løpenr. 57a. Areal i 1886 i mark-øre 4-8.
Brukarar
98. Kristoffer A. Eltervaag,
f. 1851, d. 1911. Son til Andreas Kristoffersen Eltarvåg (nr 25).
Kristoffer overtok garden i 1881 då faren flytta til Naustervigjå. Dette var den andre av dei to gamle partane som Eltarvåggarden var delt i, og etter at husmannsplassene var skilde ifrå sat Kristoffer igjen med det eigentlege gardsbruket. Han hadde det så lenge han levde.
G.m. 1882 Maria Olsdtr., f. 1857, d. 1915, dotter til Ola Olsen Lauvåsvågjen (Lauvås-48). Ho hadde garden til ho døydde.
Barn:
- Gustav Adolf, f. 1884, reiste til Amerika, budde i lowa
- Olaf, f. 1886, budde og i lowa, g.m. Malena Håvarstein
- Serinius, f. 1887, d. 1889
- Kristoffer, f. 1889, budde ei stund i Lauvåsvågjen der han handla (Folk i bygda-29 1 ), så forpakta han gard på Soma, til slutt budde han på Ganddalen, lastebilsjåfør, g.m. Inger Nilsen
- Sigval, f. 1892, overtok garden (nr 99)
- Maria Randine, f. 1 894, g.m. EdvardT. Jonsen, budde i lowa, USA
- Rakel Olava, f. 1897, d. 1917, ho var også i Amerika ei stund
- Tora, f. 1899, g.m. Henrik Nilsen, budde i Clear Lake i lowa, USA
- Arne Kristinius, f. 1903, d. 1923.
99. Sigval Eltervaag,
f. 1892, d. 1973. Son til Kristoffer A. Eltervaag (sjå ovanfor).
Sigval overtok farsgarden i 1915 og hadde han til 1953.
G.m. 1918 Elisabeth Meland, f. 1894, d. 1989, dotter til Nils Meland, som hadde eit gardsbruk på Eltarvåg ei tid (nr 67).
Barn:
- Kåre, f. 1919, overtok garden (nr 100)
- Ruth, f. 1922, g.m. Jakob Eltervåg, bygartnar i Haugesund. Før han gifta seg hadde han eit gardsbruk her på Eltarvåg (nr 75)
- Mildrid, f. 1924, d. 1928
- Esther, f. 1929, bokhaldar, bur i Stavanger.
100. Kåre Eltervåg,
f. 1919. Son til Sigval Eltervaag (sjå ovanfor).
Han overtok garden i 1953. Kåre har drive med mink, og også ein del med bringebær. Dei seinare åra var han industriarbeidar.
G.m. Bjørg Solberg, f. 1926, dotter til Harald Solberg, Bergen. Ho er apotekteknikar.
Barn:
- Gro, f. 1959
- Aslaug, f. 1960
- Siv, f. 1963
- Sigvald Andreas, f. 1965.
Utskilt fra denne matrikkelenhet etter 1886
Skylddeling 21. november 1891, hvorved avgår til Karine Endresdatter gnr. 98/10 "Vik" med skyld 1 mark 2 øre[1].
Litteratur og kjelder
- Smith, Eivind. Riska. Utg. Sandnes kommune. Sandnes. 1993. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0001: Panteregister nr. 41 ABB1, 1898, s. 250-251 i Digitalarkivet
- Jæren sorenskriveri, AV/SAST-A-100310/01/4/41/41ABB/L0008: Panteregister nr. 41 ABB8, 1912, s. 91-92 i Digitalarkivet