Bindaling (båt)

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Bindalsbåt)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bindalsfæring (i forgrunnen) og fembøring i elva VefsnaHelgeland.
Foto: Knut Skorpen (2007).

Bindaling, òg kalla bindalsbåt, er ein av hovudtypane av nordlandsbåt. Som namnet seier, så høyrer båttypen heime i Bindal kommune på grensa mellom Namdalen og Helgeland. Bindalsbåtane er, som ranværingane, særprega av spring mot stamnane og relativt lågt fribord midtskips. Samanlikna med ranværsbåtane er bindalsbåtane ein del lettare bygd og har ein lengre og meir gradvis overgang frå stamnane til den breie delen av båten.