Bitringsnatten (veg i Hjartdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bitringsnatten sett frå Gaustavegen.
Foto: Roy Olsen (2022).

Bitringsnatten er ein hytteveg i Tuddal i Hjartdal kommune som går austover frå Gaustavegen.

Vegen vart namnsett i 2011 og har namn etter fjell- og stulsområdet Bitringsnatten som ligg på nord for Kovstulvatnet. I dette området låg dei fire stulane Nystul, Bitringsnatten, Haugestul og Stavsro.

Stulen Bitringsnatten skulle vere den gildaste på Heia. Han blei seld frå Gjuvstul i 1893 til advokat Roll og sogneprest Lexow, eigarane av Tuddals Høifjeldssanatorium for 2 000 kroner.

Kilder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Hjartdal kommune: Vegoversikt pr 31 05 2011.pdf
  • Nes, Trygve: Hjartdal i bilder. Skien 1992
  • Dahl, Ivar T.: Glimt av Tuddal – før i verden. Eige forlag, Tuddal 1998


Koordinater: 59.79845° N 8.74112° Ø