Bjørnathun skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjørnathun skule låg i bakkane rett over tettstaden Solvorn i Hafslo, det var bygd i 1865 og var i bruk fram til 1909. I Solvorn er den gamle skulen og tomta kjend som "Skulehus hola"

Bilete av tomta gamle skulen låg. Foto: Victor Thunestvedt/Vestland fylkeskommune

Skulehuset

Solvorn bygd hadde lenge eit ynskje om eige skulehus, fram til 1865 vart det halde skule i klokkargarden og omgangsskular i de andre grendane. Bjørnathun skulehus vart då bygd og holdt eit klasserom med nok utstyr til å husa 40 elevar i kvar klasse. Det var trangt om plassen der og det kunne lett oppstå bråk i klasserommet. Skulen vart og dårleg vedlikeholdt og det kom klagar rundt tilstanden på bygget samt lang reiseveg. Dårlege lister førte til at skulen var vanskeleg å bruka om vinteren, og det seiast at det var kommen rottar og mus i mellom veggane. Bygda nekta derfor i 1909 å senda barna på skulen der og det vart halde midlertidig skule på Brekken ved gamle kyrkja. her gjekk dei fram til nye Solvorn skule vart bygd.

Andre bruksområde

Det gamle skulehuset er idag revet og på tomta er det bygd ein bustad.

Kjelder og litteratur

Digitale kjelder

https://www.nb.no/nbsok/nb/88f592ddc77c4051cec15a995532bcf3?index=2#0

Ikkje-prenta kjelder

Intervju: Svein Solheim, leiar av Hafslo Sogalag

Intervju: Arne Kvalen, medlem av Hafslo sogalag


Koordinater: 61.300712° N 7.231435° Ø