Bjørnejakta i Balestrand 1881

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nils Jonsson Røysum frå Leikanger, her fotografert på sine eldre dagar, leia jakta i Balestrand i 1881.
Foto: Ukjent / Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Bjørnejakta i Balestrand 1881 fann stad på garden Bruhjell i Balestrand. På seinsommaren 1881 hadde ein bjørn vore til plage for folket i Bruhjellsli, og til slutt drog tre mann frå Balestrand ned til den kjende bjørnejegeren Nils Jonsson Røysum frå Leikanger. Han vart med til Balestrand og leia jakta. Det vart ei dramatisk jakt, der ein av jegerane miste livet.

Opptakta

Bjørnen, som vart kalla «Styggebjørnen», fekk ein dag tak i Aksel Øyri frå husmannsplassen Bruhjellsøyra, og skamfor han. Dagen etter skulle nokre born gå til Bruhjellstølen. Det var Johanna (13), Hans (10), Oddmund (10) og Kristen (4) som var ute og gjekk. Ved Rinden møtte dei Styggebjørnen. Gutane løp unna, men jenta Johanna kom sist og var i stor fare. Gutane skreik åt bjørnen, og klarte å skremme han unna. Dei snartenkte gutane redda livet til Johanna. Nede på Bruhjell høyrde dei skrika, og kom springande med både langorv og øksar, men bjørnen såg dei ikkje. Bjørnen hadde ikkje så mykje krefter att, for Mons Andersson Hagen frå Sandshagen hadde skadeskote han.

Den 9. august 1881 rodde tre mann frå Bruhjell - Anders Olsson Skåsheim, Mons Andersson Hagen og Torleif Dale - til Leikanger. Nils Røysum, som då var 27 år gammal, var ein erfaren bjørnejeger. Han vart med dei, og tok med både bjørnrifla og bikkja.

Jakta

Den 10. august, tidlig om morgonen, la Nils Røysum ut saman med Torleif Torkelsson Dale, Kristen Kvalheim og Hans Gjertson Langeteig. Dei drog opp i lia ovanfor Skåsheim, der dei hadde overnatta. Mennene hadde med seg både bikkja åt Nils Røysum og ei bikkje dei hadde lånt av Hans Skrenes. Om lag ein kilometer ovanfor Bruhjell satte dei i gang søk med bikkjene, og om lag klokka åtte på morgonen fann dei bjørnen. Bikkjene jaga bjørnen nedover lia, og jegerane følgde etter.

Det var dramatisk då bjørnen brått kom uventa farande ut frå eit kratt. Han sette rett mot Kristen Kvalheim, som skaut uten å treffe. Men skotet var nok til å få bjørnen til å endre retning. Dei andre tre skaut også på bjørnen, som kom seg inn i eit einerkratt. Jegerane kunna la om riflene, og rakk nett å gjere dette før bjørnen kom mot dei att. Torleif Dale skaut fyrst, men bjørnen kom framleis mot dei. Den eine bakfoten var avskoten, men dyret drog seg framover med frambeina. Fyrst då bjørnen var to-tre meter frå jegerane satte Nils Røysum eit skot i brystet på han.

Sjølv eit skot rett i brystet stogga ikkje den illsinte bjørnen. Røysum sprang unna, men Dale var ikkje snøgg nok. Bjørnen slo framlabbane i brystet på han, og bjørn og mann rulla saman nedover i lia. Torleif Dale slåst med bjørnen med berre nevane, og Nils Røysum fekk ikkje inn eit skot i frykt for å treffe Torleif Dale. Fyrst då dei var i ro i et kort augneblink kunne han sette eit skot i bjørnen, like bak bogen. Bjørnen ramla då utfor eit lite stup. Torleif Dale ramla også utfor. Hans Langeteig kom fyrst fram til han, og fortalde at det var liv i han. Men han fekk bare sagt «å nei, å nei» før han døydde av skadane. Torleif Dale vart 31 år gammal. I kyrkjeboka for Tjugum sokn står det at han vart drepen under bjørnejakta[1].

Etterspel

Distriktslegen gjorde ein obduksjon. Han meinte at Torleif Dale ikkje vart drepen av bjørn, men av ei kule i brystet. Han fikk prenta obduksjonsrapporten i avisa for å overtyde folk om dette. Nils Røysum meinte at Torleif Dale ikkje hadde vorte treft av eit skot, og at det var bjørnen som hadde drepe han. Folk trudde meir på Nils Røysum enn på legen, så det vart ikkje noko rettsleg etterspel for hans del.

Dette skal ha vore den siste gangen eit menneskeliv gjekk tapt under bjørnejakt i Noreg.

Referansar

Kjelder