Bjørnevassvegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørnevassvegen går nordover frå riksveg 9, Setesdalsvegen, ved Rotemo nær Valle i Valle kommune til Telemarks fylkesgrense og Tokkes kommunegrense der han møter Borsævegen. Bjørnevassvegen er ein delstrekning av fylkesveg 450 og er 20,2 kilometer lang.
Vegen har namn etter Store Bjørnevatn som ligg langs sørsida av vegen. Vatnet er kring 6 kilometer langt. Det ligg på 800 moh., har ei flate på 2,39 km² og ein omkrins på 13,74 kilometer. På nordsida av vegen og vatnet ligg den ubetjente turisthytta Bjørnevasshytta med 32 senger.
Kilder
- Kommunekart: Bjørnevassvegen
- Setesdalswiki: Store Bjørnevatn