Bjordalen (Grane)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjordalen (i dag utan eige gardsnummer), i eldre tid òg kalla Bjorbekken (Biorbechen), var ein matrikkelgard i Grane. Han nemnest i seinaste halvdelen av 1600-talet, og rudd og teken i bruk vart han truleg i 1650-åra. Han låg mellom gardane Laksforsmoen og Valryggen.
Frå 1705 var Bjordalen forsvunnen i matrikkelen. Garden var altså sletta. I røynda vart nok garden nedlagd og kanskje fråflytta litt tidlegare enn det. Landet som låg til garden vart då delt mellom grannegardane ovanfor.
Sjå òg
Kjelder
- Jacobsen, Kjell (1990): Gardshistorie for Grane Bjordalen Sida 170 og vidare. (Oppslege 15.12.2010.)