Bjørge Hotell
Hopp til navigering
Hopp til søk
![](/thumb.php?f=Bj%C3%B8rge_Hotell%2C_Ringebu_-_no-nb_digifoto_20150206_00064_NB_MIT_FNR_15938_B.jpg&width=400)
Peisestova på Bjørge Hotell
Foto: Jac Brun (1956).
Bjørge Hotell låg i tettstaden Vålebru, Ringebu kommune i Gudbrandsdalen. Det vart bygd av Jon Bjørge på 1950-talet, på eigedomen Fredensborg, og opna dørane hausten 1955. Jon Bjørge og kona Marta Bjørge dreiv hotellet til ho døydde i 1969. Det var noko aktivitet etter dette, ikkje som regelmessig hotelldrift, men med utleige av selskapslokale. I 2000 kjøpte Ringebu Samvirkelag hotellet, som vart rive eit par år seinare.
Kjelder og litteratur
- «Nytt hotell tatt i bruk i Ringebu» i Lillehammer Tilskuer 1955.10.11. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Åsmundstad, Per: "Landets minste by". Utg. Ringebu historielag. no. 1999. Digital versjon på Nettbiblioteket, s. 82-83.
|