Bodil Knutsdotter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bodil Knutsdotter var ei av dei fremste adelskvinnene og godseigarane i Noreg tidleg på 1500-talet.

Ho var dotter av Knut Alvsson og hans første kone, svenske Gørvel Eriksdotter Gyllenstierna, og høyrde dermed til både norsk og svensk adel. Faren vart drept i 1502 etter eit mislukka opprør, men eigedomane hans vart ikkje inndratt av kongen. Bodil arva difor store godsamlinger både i Noreg og Sverige etter foreldra. I Sverige er ho òg kjend som Botilda Knutsson Tre Rosor.

Ho gifta seg med svenske Fader Nilsson Sparre til Hjulstad. Dei fekk dottera Gørvel Fadersdatter, som arva godset etter Bodil og Fader.

Vi veit ikkje nøyaktig når ho døydde, men Gørvel Fadersdatter var fødd mellom 1510 og 1517 og mista både mor og far tidleg, så truleg døydde ho i 1520-åra.

Litteratur og kjelder