Bondeprotestar frå Oldedalen
Bøndene i Oldedalen kjempa hardt for dagleg brød og mot styresmakter som stilte høge krav. Her er nokre notat og kjelder om denne kampen.
1709 Frå Stiftsamtmannens kopibok 1708-1710
Nr. 224 fol. 149 a.
Bønder frå Innvik prestegjeld og Olden skipreie i Nordfjord søkte i 1702 dåverande st.a.m. Christian Stochfleth om å verta kvitt bondelensmannen Christian Biørnschou, og fekk søknaden stetta, men futen Jens Tøgersen gjorde ikkje noko med saka, og lensmannen vart verande i embetet. Dei søkjer no om at st.a.m. syter for at lensmannen vert avsett.
Olden, 29. april 1709. Ingebret Knudsen Melche, Johannes Rasmusen Fierde, Simen Berentsen Strand, Ole Pedersen Sunde, Rasmus Olsen Benes, Lars Rasmusen Sonde, Joen Joensen Haaeime, Willum Willlumsen Haaeime, Rasmus Jonsen Benes, Ole Olsen Sunde, Ole Erichsen Benes, Willum Halsteensen Benes, Abraham Arnesen Løchen, Tue Anderssen Brunvold, Rasmus Antonsen Bryndestad, David Rasmusen Mori, Aamund Rasmusen Quame, Ole Pedersen Tungøyen, Ole Haversen Quame, Rasmus Johansen Quame, Christopher Hansen Rostøyen, Peder Joensen Gryti, Johannes Rasmusen Mechebost, Harald Clasen Rostøen.
Resolution Futen vert pålagd straks å røkja etter om ålmugen har rett i sin klage, og dersom dei det har, straks å avsetja lensmannen, og tilsetja ein annan i hans stad.
Bergen, 6. nov. 1709. W. de Tonsberg.