Brynesteinvegen (Tokke)
Brynesteinvegen i Tokke kommune går frå Eidsborgvegen i ei boge gjennom grenda Eidsborg og attende til den same vegen ein snau kilometer lengre fram. Han er 1 345 meter lang og går gjennom eit vakkert jordbrukslandskap med fleire gardar.
Vegen har namn etter brynesteinsbrotet i Eidsborg.
Heilt sidan 700-talet har sal og eksport av brynestein vore ei viktig inntektskjelde for bøndene i bygda, og brynesteinen reknast ofte som den eldste eksportartikkelen i norsk historie.
Sjå også
Kjelder
- Kartverket, norgeskart.no
- Lokalhistoriewiki: Brynesteinsbrotet i Eidsborg