Brynne i Fresvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
bildetekst

I Fresvik i Vik kommune har det vore to brynne. Det eldste sto i Solali, der vegen frå Solali kjem ned i Storevegen.

Det gamle brynnet var svært gammalt, og me veit ikkje kven som bygde det. Då den gamle vegen under Solali rasa ut, flytte dei det gamle brynnet ned til Tråene. Men til slutt smuldra det opp og blei øydelagd. Etter ei stund laga Hans H. Bjørnetun eit nytt brynne som vart kalla Nyabrynne. Det blei laga rundt 1940.

Dei laga brynne av ei grov trestamme og hogg ut ei fordjuping til vatnet. Ordet brynne betyr å gi dyra vatn. Eit anna ord brukt på dette er vasstro som har opphav i norrønt þró og opphavleg truleg har betydd 'kløyvd stokk'. Det brynne som står i Tråene i dag er laga av Jarle Breilid.

Kjelder og litteratur


Kulturminneaaret logo kort.jpg Hele eller deler av Brynne i Fresvik er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.