Brytteva Larsdotter Sundve

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brytteva Larsdotter Sundve (fødd 17. juni 1843 i Evanger, død 7. april 1914) var husmor, husmanns- og møllarkone, busett i dåverande Vossestrand kommune.

Ho var fødd på Århus i Evanger, som dotter av Lars Jonsson f. Brekkhus (1815-1892) og Marta Askjelsdotter (1816-1899). Brytteva vart gift med Anders Torkjelson Sundve (1839-1911) frå Vossestrand, og dei slo seg ned på plassen Sundveshaugane.

Paret fekk fleire born, mellom anna dottera Sigvor (1881-1953), som vart gift med Karl Fadnes. Ei anna dotter, Maria, vart gift Opheim. Ei yngre dotter, Malene, budde i 1910 heime hjå foreldra og livnærte seg som syerske.

Kjelder og litteratur