Camp Vierli Hotell
Camp Vierli Hotell ligg i Austbøgrend, Rjukanvegen 195, om lag to kilometer frå Rauland i Vinje kommune. Vierli Skatepark er integrert i hotellet, og består av ein 700 kvm utandørspark og ein 150 kvm innandørspark. Camp Vierli Hotell opna dørene i 2012, men overnattingsverksemda i bygningen har røter attende til 1941.
Rauland fjellstoge
Knut og Aslak Svalastog starta Rauland fjellstoge i 1941. Stoga hadde utsyn mot Lognvikvatn og Tansvatn. Her blei det drive pensjonat med plass til om lag 25 gjester. Her var også kafé med øl og vinrett.[1]
Austbø hotell
I 1977 kjøpte Geir Midtbø og Tone Helgetveit hotellet og døpte det om til Austbø hotell.[2] i 1987 kunne Vest-Telemark Blad melde at hotellet var bygd ut og rusta opp for 650.000 kr.[3] Då hotellet blei solgt i 2011 var meir enn ti millioner kroner lagt i investeringar og påkostningar. Hotellet hadde då 32 rom.[4]
Camp Vierli Hotell
I 2011 kjøper Erlend Larsen Austbø hotell. I løpet av eitt år blei hotellet transformert til eit "skatehotell" med skateramper både ute og inne. I dag er hotellet heilårsope, og det vert arrangert både skatecamper og sparksykkelcamper.
Referansar
Kjelder
- Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Telemarksavisa, "Kjøper Austbø Hotell", Telemarksavisa 3. januar 2011. Lenke til digital utgåve (lest 24. juli 2019).
- Vest-Telemark Blad, "Austbø hotell", VTB 2. juli 1987.
- Camp Vierli Hotell på heimesida til Rauland Feriesenter.
Koordinater: 59.6903397° N 8.0949169° Ø