Cochegarden (Brevik)
Cochegarden i Brevik var ein av to særmerkte bygardar som hadde sin plass ved indre havn. Dei var i utgangspunktet ein bygning i ei høgd med eit høgt valma tak. Midtre delen av denne var så trekt inn slik at denne delen vart i to høgder, og grunnplanen vart som ein H.
Fyrste bygget med denne utforminga var Herregarden i Larvik som er bygd 1674 og truleg er inspirert frå Italia, nemnd som italiensk stil. Kammerherregarden i Porsgrunn var bygd omkring 1750 og brann år 1900, denne hadde same takkonstruksjon og grunnplan, men med eit seteritak der midtre delen er løfta loddrett opp ei halv høgd. Denne konstruksjonen er inspirert av italiensk arkitektur. Neste bygg, som så er inspirert av denne igjen, er Borgestad herregård frå 1760 då den vart bygd om. Begge anlegga vart mykje endra seinare. Denne løysinga prega så både Chrystiegarden og Cochegarden då dei vart bygd.
Cochegarden er oppført av Hans Chrystie (1720–1797) saman med broren Jørgen Chrystie (1729–1787) etter bybrannen 1761. Hans var kjøpmann, skipsreiar og kgl. postmester. Namnet fekk den etter Nicolay Wilhelm Coch (1820–1894) som var Breviks største trelasthandlar kring midten av 1850 åra. Cochegarden ligg på Øya (Sylterøen) vendt ut mot indre havn og er vedtaksfreda i 1923. Brevik vart kjøpstad i 1845 og Cochegarden vart innkjøpt som kommunegard/rådhus i 1916. Brevik vart i 1964 innlemma i Porsgrunn kommune og bygningane vart teke over av Brevik Bymuseum.
Hans Chrystie arva Chrystiegarden etter faren, og etter bybrannen i 1761 bygde han opp att denne bygarden som låg innerst i havnebassenget. Chrystiegarden vart tatt ned i 1920, flytta til Norsk Folkemuseum og reist opp att 1946 - 1971.
Cochegarden som patrisiergard og handelshus 1761-1916
Den vestre fløyen vart nytta til kontor og den prektige hovudbygningen var bustad og til representasjon. Medan vestre fløy er bunden saman med hovudbygningen så er den austre frittliggande med eit smug mellom. I midten av denne er det eit stort portrom med dør ut mot gata. I den øvre delen av dette bygget var det eit fjøs. Det var kjellar under for gjødsel med inngang frå portromet. Høy vart lempa opp på loftet gjennom dei lukene som stadig er på plass. Portromet var opning ut mot markene. Den nedre delen av denne fløyen var truleg til tenerar. I romet mellom bygningane var det nok ein godt utbygd hage i den tids stil. Ein har ikkje sikre data, men fjøset vart nok tidleg bygd om til den leiligheten som har vore der i ettertid. Kjellaren har vore vedkjellar. I 1890 åra var det ein brann i den austre delen av hovudbygningen, denne vart bygd opp att med to fulle høgder og i same stil som resten av huset. Det var ei inngripande rehabilitering av bygget der det mellom anna vart satt inn store dominerande vindaugo. Området framom bygningen vart kalla Cocheverven. Verv er gamalt tysk og tyder vende om og snu, og her drog ein opp seilskutene og ved hjelp av tauverk fekk ein velta skuta over på sida og kom då til for å gjere nødvendig arbeid på kjølen og botnen elles. Det var å kjølhale. Dette ser ein på tidlege foto, også frå naboverven Røeverven. Seinare vart dette området nytta som opplagsplass for trelast som det og er å sjå på ein del foto.
Cochegarden som kommunehus/rådhus 1916-1964
Brevik vart kjøpstad i 1845 og i 1916 vart Cochegarden kjøpt inn som rådhus for Brevik kommune. Når no bygget var blitt rådhus vart andre høgda av det nye påbygget nytta som kommunestyresal. I etasjen under flytta politikammeret inn, og der var inngang frå nemnde smug. I den nedre del av austre fløy, altså vis a vis politikammeret, vart det laga til ein arrest med luftegard og kontor. Luftegarden ser ein på foto som eit lite tilbygg mot nemnde smug. Leiligheten vart nytta som husvære for politibetjenten med familie. Den store hagen, som då var intakt, var til disposisjon for denne. Bygningen vart restaurert attende til sin opphavelege utsjånad i 1950 åra. Riksantikvaren var der i 1949, og det er tydeleg at bygningsmassa krevde ein større innsats, som då og vart gjort. Brevik var eigen kommune fram til kommunesamanslåinga i 1964 då den saman med Eidanger og Porsgrunn fekk namnet Porsgrunn. Det var då ikkje lengre bruk for rådhus i Brevik og Cochegarden var ført over til Brevik bymuseum som eigar.
Cochegarden som Brevik bymuseum 1964 –
Cochegarden held altså fram som Brevik Bymuseum og der er det i 2025 aktiv drift på mange plan. I kontorfløyen er det eit gamalt postkontor, eit apotek og ein butikk. Der er og ein eigen okkupasjonsutstilling. I hovudbygningen er det ei rekke vakre rom tilbakeført til tidsrett interiør. Brevik bymuseum.