Dalevegen (Kviteseid)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Dalevegen med garden Homme søndre (gnr. 11/2).
Foto: Roy Olsen (2021).

Dalevegen i Vrådal i Kviteseid kommune er ein smal grusveg som slyngjer seg nordover i bratt lende frå Vråliosvegen på Homme like ved Saubergviki i Vråvatn. Vegen passerer garden Homme søndre (gnr. 11/2) og lengre opp Dale nedre (gnr. 10/3) og Dale øvre (gnr. 10/1). Herifrå er vegen å rekne som rein skogsbilveg som ender ved Langemyr i Langemyrdalen på 680 moh., etter ei stigning på 424 meter. Alt i alt er han 8,9 kilometer lang.

Vegen har namn etter Dale-gardane og vart namnsett i 2016.

Kilder

  • Kartverket, norgeskart.no
  • Kommunekart: Dalevegen.


Koordinater: 59.35533° N 8.28851° Ø