Dalstrøms pensjonat
Hopp til navigering
Hopp til søk
Dalstrøms pensjonat låg i botn av Skafsåberget på Dalen i Tokke kommune i Telemark. Bygningen står der framleis og blir nytta som bustad.
Historikk
Ifylgje Steinar Marvik blei Dalstrøms pensjonat starta av Olav J. Dalstrøm (1850-1935) og kona Hanna Dalstrøm (1854-1925). Olav var skreddar og kom frå Göteborg, medan Hanna kom frå Tønsberg.[1] Då dei flytta til "Jordet", eller "Dalstrøm" som plassen snart blei kalla, starta dei opp pensjonatet.
I "Telemark fylkes adressebok" står det at pensjonatet blei etablert i 1939, men dette må vere med den nye innehavaren, Gunhild Hus, i føringa.[2]
Referansar
Kjelder
- Marvik, Steinar, Mo bygdebok : gard og ætt. 1 : Mo sokn, Dalen, Tokke kommune, 1989.
- Telemark fylkes adressebok, Trondheim : Hans G. Moe's forlag, 1953/54. Lenke til digital utgåve hjå Nasjonalbiblioteket.