Historisk demografi

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Demografi)
Hopp til navigering Hopp til søk
Døypte, vigde og gravlagde Lesja 1725-1855
Befolkningspyramide Lesja 1801
Befolkningspyramide Lesja 1865
Befolkningspyramide Lesja 1900

Demografi kjem av gresk demos, folk, befolkning og grafi: skildre, lære om – altså befolkningslære. Ein skil gjerne mellom demografi og historisk demografi slik at utan førsteleddet handlar faget om å analysere befolkningsutviklinga innafor større einingar (kommunar, fylke, land) bygd på trykt befolkningsstatistikk. Ein viktig del av demografisk analyse går på framskriving av bestemte trekk av befolkninga; seie noko om behovet for utbygging av skular, transportsystem og / eller eldreomsorg i nær eller fjernare framtid.

Demografi som fag studerer altså særskilt a) storleik, b) samansetjing (kjønn, alder og sivilstand) og c) utvikling av ei befolkning over tid. Det siste punktet treng presisering. Befolkninga i eit område endrar seg over tid på fleire måtar: enkeltindivid blir a) fødde eller flyttar inn, b) døyr eller flyttar ut og / eller c) endrar sivilstand frå ugift til gift og til «før-gift» (enkje / enkjemann).

Sjølv om dette fagområdet skjuler mange spennande sider for lokalhistorikarar, kan dessverre faglitteraturen skremme mange bort. Ståle Dyrvik skriv t.d. i innleiinga til den einaste norske læreboka i faget om den konklusjonen ein kan kome til å trekkje viss ein blar i nokre kapittel i boka: «At historisk demografi må vera ein nær slektning av abstrakt statistikk, og at førelekken ’historisk’ inneber at statistikken på toppen av det heile er støvet og livsfjern». (Dyrvik argumenterer sjølvsagt deretter i mot ein slik konklusjon).

Historisk demografi arbeider altså med befolkningar i fortida, for mindre område (typisk prestegjeld eller mindre område) og meir direkte mot primærkjeldene. Og ein kan sjølv raskt gjere seg bevisste eller ubevisste historisk-demografiske refleksjonar: viss ein blar i kyrkjeboka for eit prestegjeld på Austlandet for åra kring 1740–45, vil ein som oftast få ei overrasking kring året 1743. Medan talet på gravlagde elles kanskje varierer mellom 30 og 60 personar pr år, kan det for dette spesielle året vere tre gonger så mange. Kanskje så mykje som 10 – 15 % av befolkninga i austlandsbygdene døydde. Ikkje så gale som Svartedauden, men likevel særs mange. Kva skjedde, og kvifor? – er spørsmål ein lokalhistorikar da automatisk vil stille seg.

På same måte: ser ein litt nøyare på befolkninga i ei bygd eller ein region slik ho såg ut i 1801 samanlikna med hundre år seinare, eller ei bygd / ein region ved kysten samanlikna med ei fjellbygd eller ein region i innlandet, kan ein vanlegvis sjå nokre klare forskjellar. Men ein må vete kva ein skal sjå etter, og korleis ein skal arbeide.

Hovudkjeldene ein arbeider med innafor historisk demografi er altså folketeljingane og kyrkjebøkene. Folketeljingane blir nytta til å seie oss noko om strukturane i befolkninga på den tida den enkelte teljinga vart teke opp. Men berre å sjå på befolkninga slik ho kan lesast ut av teljinga for eitt område på eitt tidspunkt fortel likevel ikkje så mykje – vi må ha noko å vurdere ho mot. Samanlikning er kanskje den vanlegaste teknikken innan historisk demografi.

Vi kan samanlikne befolkninga i eit område (eller andre demografiske fenomen) på to prinsipielt forskjellige måtar: med eit anna område på same tidspunkt, eller med same område på eit tidlegare eller seinare tidspunkt.

Medan folketeljingane kan kallast «øyeblikksbilde» av ei befolkning ein bestemt dag eitt bestemt år (med visse forbehold), inneheld kyrkjebøkene løpande registreringar av det vi i denne samanhengen kallar demografiske hendingar: fødslar, dødsfall, vigslar, inn- og utflytting. Det er problematiske sider ved desse registreringane (i periodar manglar registering av fødslar, ein finn berre dåpshandlingar; ikkje dødsfall, men jordfestingar osv.), men likevel er det desse vi har og må bruke i dette fagområdet.

Demografisk arbeid startar altså med: a) å organisere informasjonen i dei relevante kjeldene slik at du får fram forskjellar eller likskapar i det fenomenet du granskar, enten samtidig eller over tid. Arbeidet held så fram i form først av b) å analysere desse forskjellane eller likskapane og deretter å prøve c) å forklare dei – kvifor var dødelegheita forskjellig i to bygder i 1830-åra? Kvifor er samansetjinga av befolkninga i ei bygd i 1801 så forskjellig frå same bygda 100 år seinare?

Fagområdet historisk demografi nyttar du til dei to første av desse punkta. Vil du t.d. finne svaret på kvifor så mange døde i austlandsbygdene i 1743, må du nok gå til andre kjelder enn dei reint historisk-demografiske. Men ved hjelp av dei kan du få oversyn både over korleis dødelegheita slo ut (om det var gamle eller unge som døde, når på året dei fleste døde, kva som var det «normale» mønsteret i regionen / landsdelen osv.). Demografien gjev altså generell kunnskap om ein del slike fenomen som kan gjere det lettare å finne svaret på kvifor dei oppstod ved hjelp av andre kjelder.

Litteratur