Deviasjon

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Annonse for J.C. Tuxens nyutkomne bok Kompasnaalens Deviation i Christiania-Posten den 12. februar 1854.

Magnetisk deviasjon er det avviket ein må justere for i kompasskursen om bord på ein båt, eit skip eller eit luftfartøy som kjem frå magnetismen i sjølve fartøyet. Deviasjonen kan ha positivt eller negativt forteikn. Han vil òg endre seg i etter kursen til fartøyet, slik at det må lagast ein tabell (eller kurve) som viser deviasjonen for ulike retningar.

For å finne rettvisande kurs (Rk) må ein òg korrigere kompasskursen (Kk) for misvisninga på staden.

Rettvisande kurs (den rette kursen på kartet) blir da utrekna etter formelen: Rk = Kk + misvisning + deviasjon.

Medan kompasskursen i berre liten grad blir påverka av tilhøva ombord i sivile trefartøy utan større metallobjekt som for eksempel maskin, kanonar eller metall i lasta, er kjeldene til deviasjon vesentleg større i fartøy med maskin, eit problem som for alvor viste seg da dampfartøy vart vanlege fram mot midten av 1800-talet. Da stålskipa kom, vart kompassoppsettet med kompensasjon for deviasjon og oppsett av tabellar for deviasjonen i fartøyet ei uvant kompleks affære.

Manglande korrigering av deviasjon har vore ein faktor ved fleire skips- og flyulukker. Eit av dei verste var Rockall-forliset i 1904, då DS Norge gjekk på eit skjer etter feilnavigering; 628 av dei 795 ombord døydde.

Litteratur og kjelder